Norsk involvering i Sarawak

FivasFrontsak, Malaysia, Norsk næringsliv, Norske aktører, Oljefondet, Vannkraft

Foto: International Rivers

Tora Systad Tyssen, 2015

10. januar 1986 drog dåverande statsminister Kåre Willoch til Malaysia som leiar for ein norsk næringslivsdelegasjon. Målet var ifølgje ei pressemelding frå departementet for utviklingshjelp å «marknadsføre norsk næringsliv i dette vekstkraftige u-landet». Mellom anna var delegasjonen interessert i å høyre meir om vasskraftplanar i landet. Bakun-dammen i Sarawak var under planlegging og Willloch meinte at kjempedammen ville verte nyttig for Sarawak si sosiale utvikling og at den ikkje ville forårsake betydelige miljøskadar. Han meinte at skog og landsbyar i dette området måtte forsakast slik at ein seinare kunne glede seg over dei mange vinstane frå prosjektet. Bakun-utbygginga ville føre til tvangsflytting av urfolksgrupper og øydelegging av store regnskogsområder. Prosjektet var stort og norsk næringsliv håpa å sikre seg store kontraktar for levering av utstyr. [i]

Willoch sin delegasjonstur til Malaysia vart starten på ei lang rekke norske involveringar i Sarawak, særleg innan vasskraft. Det norske engasjementet han sette i gong var og med å danne Fivas. Etter å ha vore i kontakt med miljøvernorganisasjonar i Malaysia som ønska samarbeid med norske naturvernarar vart ei gruppe aktivistar, kjende som Sarawakgruppa, engasjert mot Bakun-dammen som Willoch hadde prata varmt om. Dei gav mellom anna ut rapporten «Vannkraftutbygging i den tredje verden – Sarawak-planene som eksempel» og inviterte ein aktivist frå Malaysia til Noreg. Aksjonen lukkast med å få norske myndigheiter til å gå attende på lovnadar om offentleg støtte til norsk deltaking i prosjektet, og etterkvart vart heile Bakun-utbygginga lagt på is.

I 1988 vart Sarawakgruppa til Foreningen for internasjonale vannstudier (Fivas) som har heldt fram med å følgje norsk involvering i vasskraftprosjekt i Sarawak og andre stadar i verda. I Sarawak vart tilslutt Bakun-dammen bygd. Konstruksjonsarbeidet byrja i 1996 og i 1998 vart omlag 10 000 urfolk tvangsflytta vekk frå det 700 kvadratmeter store området som damreservoaret la beslag på. Då dei vart flytta sa myndigheitene at urfolka sjølve måtte betale for dei nye husa sine, noko som førte mange av dei ut i gjeld. I tillegg har familiane berre fått 12 av dei omlag 45 måla med landbruksjord dei var lova. Dette har ikkje vore nok til å dyrke den maten dei treng, både fordi det er eit mindre areal, kvaliteten har til dels vore svært dårleg og fordi jorda ofte ligg fleire timar unna den nye landsbyen. Først i 2011 var dammen klar for drift. Den er bygd for å ha ein installert kapasitet på 2400 MW, men den vert ikkje køyrd på full kapasistet. Det finst ikkje grunnlag for ein så stor straumbruk i Sarawak (dagens etterspørsel er 972 MW og er rekna med å vere 1500 MW innan 2020) og myndigheitene i Sarawak har ikkje funne noko god måte å eksportere overskuddsenergien på.[ii]

Denne samanfatninga om Sarawak og norsk involvering der er basert på informasjon samla inn på studiereise i Sarawak i mars 2014, i tillegg til rapportar skrive av andre organisasjonar som Bruno Manser fonds, Global Witness, SAVE Rivers og International Rivers, i tillegg til ein rapport frå den malaysiske mennekerettskommisjonen Suhakam.

Sarawak

Sarawak er ein delstat i Malaysia, som saman med delstaten Sabah ligg på Borneo. Sarawak grenser til Sabah, Brunei og Indonesia og er 124 450 kvadratkilometer stort. Dei kring 2,5 millionar innbyggjerane kan delast opp i kring 40 ulike subetniske grupper kvar med eige språk, kultur og livsstil. Ofte vert innbyggjerane delt i sju hovedgrupper: Iban, kinesisk, malay, bidayuh, melanau, orang ulu og «andre». Orang ulu utgjer kring fem prosent av befolkninga og betyr «dei som bur opp elva» og er ei samlenemning på gruppene som lever i innlandet i Sarawak, det vil sei inne i regnskogen. Orang ulu består av undergrupper av urfolk som kenyah, kayan og penan.

Desse urfolka er avhengig av naturressursar som finst i regnskogen både som deira heim og livsgrunnlag. Regnskogområda på Borneo er kjend for å vere blant verdas mest unike og artsrike områder og urfolka i område har levesettet sitt sterkt knytt til regnskogen. Diverre er store delar av den originale skogen øydelagd av utbygging av palmeoljeplantasjar og industriell hogst. Avskoginga i Sarawak er 3,5 gongar så stor som den er i Asia generelt.[iii] Nokre stadar har det vorte planta ny skog i avskoga områder, men slik ny skog har ein heilt annan miljøverknad og har ikkje i nærleiken av same artsmangfald. Det vert og opna for verksemd som hogst og plantasjeverksemd der det vert bygd ut adkomstvegar frå infrastrukturprosjekt som vasskraft.

Det politiske systemet i Sarawak

Malaysia er eit konsitusjonelt monarki og ein parlamentarisk-demokratisk føderalstat, som består av 13 delstatar. Monarken er statsoverhovud, medan den utøvande makta ligg hos statsministeren og regjeringa. Begge svarar til parlamentet.[iv]

Det er ulike politiske system for dei ulike delstatane i Malaysia. Sarawak vert styrt av ein chief minister og ein guvernør. Sistnemnde er utpeika av den sentrale regjeringa og skal ta imot råd frå chief minister som er øvste leiar for den utøvande makta. Saman med Sabah har Sarawak visse utvida myndigheiter, som rett til å handheve eigen immigrasjonskontroll.[v]

I Sarawak sitt tilfelle var det ein mann som sat i den posisjonen frå 1981 fram til februar 2014, Taib Mahmoud. Han haldt og postane som finansminister og ressursplanleggings- og energiminister samtidig med vervet som chief minister. Då han gjekk av som chief minister gjekk han over i stillinga som guvernør for Sarawak.

Sabah og Sarawak, altså dei to malaysiske delstatane som ligg på Borneo, vert rekna som dei to fattigaste delstatane i Malaysia i trass av at dei har store naturressursar. Pressefridomen er svært avgrensa i Malaysia og landet sank frå ein 122. plass til ein 147. plass i 2014 (av 180) på Reporters without borders si liste. I 2015 ligg dei framleis på 147. plass. [vi]

Taib Mahmound og familien hans

Taib Mahmoud har vorte kritisert for å ha brukt posisjonen sin og makta som har komme med den til å sikre seg sjølv og familien lukurative avtalar, stillingar og tilgong til investeringsmoglegheiter. Då han gjekk av som chief minister i 2014 etter å ha hatt posisjonen sidan 1981 vart han guvernør i delstaten.

Taib Mahmoud og familien hans kontrollerer store deler av økonomien i Sarawak. Kommunikasjon lekka frå den amerikanske ambassaden i forbindelse med Wikileaks syner at dei reknar Taib for å vere ein sentral aktør i eit nettverk som utnyttar politisk makt for å fylle eigne lommer:

«Taib and his relatives are widely thought to extract a percentage from most major commercial contracts – including those for logging – awarded in the state (Sarawak). (…) Embassy sources outside the government uniformly characterize him (Taib) as highly corrupt.”[vii]

Global Witness, ein organisasjon som arbeider med å avdekke band mellom naturressursar, korrupsjon, væpna konflikt og miljøøydeleggingar, publiserte i mars 2013 ein dokumentar dei hadde laga om det politiske miljøet i Sarawak. Gjennom å gå undercover og intervjue familiemedlemmer av og advokatar knytt til Taib Mahmoud fekk dei tilbod om å kjøpe landområder som dei hadde fått tak i billeg frå Taib. Fortenesta skal ha blitt gøymd i Singapore for å unngå skattelegging. Dei skriv at:

«Over the past three decades Chief minister Taib, his family and key business associates are believed to have profited enormously from abuse of Taib’s control over the allocation of licences to log and plant oil palm in the state”.[viii]

Medan Taib har hatt makta har familien hans fått eigarandelar i minst 400 selskap verda over. Eitt av desse selskapa er konglomeratet Cahya Mata Sarawak Berhad (CMS) som høgst truleg vil få mange av kontraktene i tilknyting til SCORE-utbygginga (sjå neste side). I 2005 kalla Transparency International den nyutbygde Bakun-dammen for eit «korrupsjonsmonument». I 2012 rangerte dei Malaysia som det dyraste landet å gjere forretningar i når det kom til bestikkelsar. Landet er og heilt i toppen når det gjeld illegale pengestrømmar.

Statens pensjonsfond Utland Global (Oljefondet) har investert delar av den norske oljeformua i selskap som er delvis eigd av familien til Taib Mahmud.

Sarawak Cable Bhd: Sarawak Cable lagar, forhandlar og installerar kraftkablar. Styreformann og største deleigar i selskapet er Mahmud Abu Bekir som er son av Taib Mahmud. Sarawak Cable har ein rekke gongar fått oppdraget med å bygge strømlinjer for Sarawak Energy.

Cahya Mata Sarawak (CMS): CMS er eit av Malaysia sine største private selskap og driv med sementproduksjon, eigedomsutvikling og finans. Selskapet er avhengig av statlege kontrakter og er den einaste sementprodusenten i Sarawak. Det gjer at dei er eitt av selskapa som har nytt best av utbygginga av SCORE og tilhøyrande vasskraftdammar. Selskapet er kontrollert av Taib sin familie. Lejila, den avdøydde kona til Taib som døydde i 2009, er oppført som selskapet sin neststørste deleigar (11,5 %), medan Majaharta, eit selskap eigd av Taib sine døtre Jamilah og Hanifah er største deleigar med 13,9%. To av Taib sine søner eig 9 % av aksjane, medan Taib sin yngste son, Mahmud Abu Bekir, og Taib sin svigerson, Syed Ahmad Alwee Alsree, er direktørar i selskapet.

Dayang Enterprise Holdings Bhd: Dayang Enterprise Holdings tilbyr vedlikehald og støttetenester til olje- og gassindustrien. Naim Holdings Bhd er den største eigaren i selskapet med 33,64 %. Taib sin fetter Hamed Sepawi er styreleiar i Naim Holding i tillegg til at han er ein av dei største deleigarane i selskapet med 16,9 %. Selskapet har fleire kontraktar med Sarawak Energy.

SCORE – Sarawak Corridor of Renewable Energy

SCORE er eit stort industrialiseringsprosjekt i Sarawak med planlagde investeringar på opptil 105 milliardar amerikanske dollar fram til 2030. Prosjektet er initiert av malaysiske myndigheiter. Ein føresetnad for det svært energiintensive prosjektet skal kunne gjennomførast er at det vert bygd ut ei rekke dammar på elvene i Sarawak. I tillegg legg prosjektet opp til utbygging av kolkraftverk som skal produsere energi til energiintensiv industri som til dømes aluminumssmelteverk.

Prosjektet, slik det er planlagd no, vil gje Sarawak eit stort kraftoverskot. SCORE vert nemleg heller drive av tilbod enn etterspørsel. Den høgste etterspørselen i Sarawak er for tida 1200 MW, medan Sarawak Energy planlegg å bygge ut vasskraft med kapasitet på 7400 MW innan 2025. Det er lite sannsynleg at Sarawak vil finne nok kundar til kraften dei vil produsere, særleg etter at den globale gruvegiganten Rio Tinto trakk seg ut frå eit planlagd aluminiumssmelteverk i 2012.[ix]

På lang sikt er planen å bygge 50 vasskraftdammar med ein samla kapasitet på 20 000 MW. Sarawak Energy Berhad, eit malaysisk statseigd kraftselskap, er i gong med dei tolv første av desse dammane. Reservoaret til den første dammen, Murum, er i gong med å fyllast og Baram-dammen er den neste dei vil setje i gong å bygge. Det politiske vedtaket om kor vidt Baram skal byggast eller ikkje er venta første halvdel av 2015.

Desse dammane vil oversvømme fleire hundre kvadratkilometer med skog og jordbruksland og føre til tvangsflytting av titusenvis av urfolk. Baram-dammen aleine vil om den vert bygd overflømme 400km2 og inntil 20 000 urfolk vil få heimane sine under vatn. Tvangsflyttinga av desse urfolka vil føre til tap av tradisjonell livsførsel, kultur og identitet. Dei nye jobbane SCORE vil skape vil knapt kome den lokale befolkninga til gode sidan estimat syner at prosjektet berre er gjennomførbart om det vert importert store mengder arbeidarar frå utanfor Sarawak.

SCORE er ikkje avgrensa til energisektoren. Den inneber også ein stor utbyggingsplan for infrastruktur med auka tømmerhogst og ekspandering av palmeoljeplantasjar. Ifølge ei akademisk analyse vil iverksetjinga av SCORE vere «det mest kapitalintensive og ambisiøse energiprosjektet som nokon gong har vore sett i gong i Søraust-Asia».[x] Det er venta at selskap kor familien til Taib Mahmud har eigarskap, som Cahya Mata Sarawak Berhad, vil få mange av kontraktane knytt til prosjektet.

Når det skal byggast ut vasskraft i områder kor det bur urfolk er det ei rekke internasjonale rammeverk som skal følgast grunna urfolk sin spesielle status. Erfaringsmessig bryt dei sarawakiske myndigheitene og Sarawak Energy dei internasjonale standaradane dei påstår å følge, slik som FN si erklæring om urfolksrettar og the Equator Principles (rammeverk for risikominimering når det gjeld samfunns- og miljøpåverknad). Det er ein mangel på gjennomsiktigheit, ein mangel på fri informert førehandsgodkjenning eller –konsultering for dei påverka urfolka, ein mangel på tilstrekkelege konsekvensanalysar for samfunnsforhald og miljø og ein mangel på respekt for urfolkssamfunn sin rett til sjølvstyre. Sjå meir om urfolksrettar lengre nede.

Murum

Bygginga av Murum-dammen, som skal ha ein kapasitet på 944 MW, starta i 2008 før det hadde vore gjennomført ei konsekvensanalyse for miljø og samfunnsmessige forhold (SEIA). Ei slik analyse var heller ikkje offentleg tilgjengeleg då flyttinga starta i 2013.

Planar for flytting av urfolksgruppene i området kom først i 2013, fire månadar før flyttinga var planlagd gjennomført. I oktober same året vart fyllinga av demninga sett i gong utan at alle landsbyane hadde sagt seg villege til å flytte. Det vart også meldt at landsbyen Long Watt brann ned, og det vart meldt at den var sett fyr på.

Dei ramma samfunna måtte protestere og bygge blokkadar for at dei skulle verte høyrd i forhandlingane kring flyttinga. Mange av tinga dei var ueinige i har ikkje vorte løyst sjølv om flyttinga vart ferdiggjort i desember 2013. Det var åtte penan-landsbyar som vart direkte påverka av bygginga av Murum-dammen, det er landsbyane Long Singu, Long Tangau, Long Luar, Long Menapah, Long Wat, Long Malim, Long Jaik og Long Peran.

I 2009 publiserte den malaysiske menneskerettskommisjonen, Suhakam, ein rapport om Murum-prosjektet og innverknadane det ville ha på dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til urfolka som hadde vorte påverka av prosjektet. Etter å ha ha ført samtalar med relevante myndigheiter, leiarar frå 15 landsbyar som var påverka og sivilsamfunnsorganisasjonar kom kommisjonen med sine vurderingar og syn på Murum-utbygginga.

Deira vurderingar påpeikar ei rekke potensielle brot på urfolks- og menneskerettar.

Dei skriv at «medan landsbyleiarane anerkjende at bygginga av dammen var uunngåeleg, så var den generelle stemninga i samfunna at dei var motstandarar av dammen og det at dei måtte tvangsflyttast.»

Urfolk som bur i området har rett på konsultasjonar dersom ei utbygging vil påverke dei og dei har så valet om dei vil gje sitt frie, informerte forhandssamtykke til ei utbygging. Suhakam skriv i sin rappport at det verkar å ha vore ein mangel på dette i forarbeidet til Murum-dammen.

«Det verkar som det er ein mangel på frie, informerte forhandskonsultasjonar med samfunna som vert påverka. Heller ikkje har sivilsamfunnet eller miljøvernsgrupper vorte invitert for å gje deira syn på dei relevante prosjekta før dei vart sett i gong.»[xi]

I den grad det var konsultasjonar i forkant av prosjektstart, følte ikkje dei involverte landsbyleiarane at desse var reelle.

«Lansbyleiarane følte at desse konsultasjonane i realiteten var direktiv frå myndigheitene som dei var nøydde å rette seg etter.»

Rapporten stiller og klart spørsmålsteikn ved at eit så stort prosjekt er sett i gong og kontraktar er inngått utan at ei konsekvensanalyse for miljø er ferdigstilt.

«Det verkar paradoksalt at arbeid på eit megaprosjekt har vorte sett ut på kontrakt utan at ei EIA-studie er sluttført. Sivilsamfunnsgrupper har ikkje tilgong til rapporten».

«Lansbyleiarar frå penan utrykka uro for at dammen ville føre til tap av forfedra deira sitt land.»

Suhakam kjem og i rapporten med ei rekke tilråingar til myndigheitene i Sarawak:

  1. Dei må sikre at internasjonale menneskerettsrammeverk og –standardar vert respektert.
  2. Det må vere uavhengige konsulenter involvert i gjennomføringa av miljøkonsekvensanalyse slik at ein sikrar ein rettferdig og sannferdig rapport. Alle berørte av prosjektet bør verte høyrd og resultat av konsekvensanalysen bør gjerast tilgjengeleg for sivilsamfunnsgrupper.
  3. Det må sikrast tilstrekkeleg og rettferdig kompensasjon til dei som vert berørt.
  4. Det må sikrast tilgong til informasjon, særleg for dei som vert tvangsflytta eller direkte berørt av prosjektet.
  5. Det må sikrast at alle involverte og påverka får høve til å delta.
  6. Det må sikrast tilgang på offentlege fasilitetar før tvangsflytting. Landsbyane folk vert flytta til må vere ferdigstilte og og med tilgong til nødvendige fasilitetar som innlagt vatn, elektrisitet, skular og helsetilbod.

Les heile rapporten frå Suhakam her.

Baram

Baram-dammen, som skal ha ein installert kapasitet på 1200 MW, er foreslått bygd på ein del av Baram-elva i den nordaustlege delen av Sarawak mellom landsbyane Na’ah og Long Keseh. Omkring 400 km2 vil hamne under vatn. Tjueseks kenyah-, kayan-, og penan-landsbyar vil verte direkte råka og som eit resultat vil ein stad mellom 6000 og 20 000 mennesker verte tvangsflytta. [xii]

Sidan november 2012 har SEB sagt at dei har drive med miljø- og samfunnsmessig konsekvensanalyse av området kor dammen er planlagd. Dette er eit område kor urfolk, etter både malaysisk grunnlov og internasjonale urfolksrettar, har landrettar. Desse rettane annonserte dei sarawakiske myndigheitene at dei var attendetrekt i eit avisoppslag i 2013. Dette er eit brot på grunnlova i landet og internasjonale urfolksrettar.

I Baram-området, kor det no er planar om å bygge ein ny dam, vert det ikkje gjennomført gode nok konsultasjonar med urfolka. Det har ikkje kome noko informasjon om kva slags sosiale og miljømessige konsekvensar dammen vil ha, men dei ramma urfolka er alt forventa å svare på om dei er for eller imot dammen. Det er mykje lokal motstand. Urfolk som står i fare for å miste heimane sine har sett opp to ulike blokkadar for å hindre tilgong for anleggsmaskiner som skal bygge vegen inn dit Baram-dammen er føreslått bygd. For å prøve og minke motstanden har Sarawak Energy tydd til uærlege metodar, som forsøk på å bestikke leiarar i landsbyane i området med kontantar kring jula 2013.[xiii]

Sivilsamfunnsorganisasjonar og ramma lansbyar har grunnlagd Save Sarawak’s Rivers Network (SAVE Rivers) i slutten av 2011. Sidan den gong har kampanjen og motstanden berre auka. Dei har bygd opp ei grasrotsrørsle og har vore i både nasjonal og internasjonale media med protestbrev, konferansar, blokkadar og protestar.

Sarawak Energy Berhad og Torstein Dale Sjøtveit

Sarawak Energy Berhad er eigd av sarawakiske myndigheiter og er ansvarleg for gjennomføringa av SCORE-programmet. I november 2009 vart norske Torstein Dale Sjøtveit tilsett som direktør for Sarawak Energy Berhad. Ein posisjon han held fram til oktober 2016.

Sjøtveit, som er utdanna sivilingeniør, har 25 års erfaring frå Norsk Hydro. Han var mellom anna direktør for aluminiumsseksjonen i selskapet og var visepresident for Angola-kontoret. I 2008 vart han direktør for skipsverftselskapt Aker Yards ASA, som i løpet av hans tid i selskapet vart oppkjøpt av det koreanske verftsselskapet STX.

Han vart henta inn for å skaffe internasjonal ekspertise og kredibilitet til det korrupsjonsskulda selskapet som tidligare vart leia av Taib sin svoger Abdul Aziz. Taib sin fetter, Hamed Sepawi, er framleis styreleiar i selskapet. Sjøtveit har har vore ein aktiv promotør av SCORE og vasskraftplanane.

Iløpet av Sjøtveit si tid som direktør har Sarawak Energy gjeve kontraktar verdt 2,3 milliardar norske kroner til selskap knytt til Taib-familien. Selskapa er Sarawak Cable, Naim Holdings og Cahya Mata Sarawak (Statens pensjonsfond utland er involvert i fleire av selskapa. Sjå informasjon under).

Sjøtveit har vore sterk kritisert frå dei ramma samfunna i regnskogen i Sarawak, som og har klaga han inn til den malaysiske antikorrpusjonskomiteen (MACC). Bruno Manser-fondet har og anmeldt Sjøtveit til Økokrim. Økokrim valde å ikkje opne etterforsking mot Sjøtveit fordi dei meiner saka ligg utanfor deira justisområde. Lokale organisasjonar har stevna Sarawak Energy Berhad for brot på grunnlovsgjevne landrettar. Saka er utsatt 11 gongar i rettssystemet.

Nordmannen Einar Kilde var og er og ein del av direktørgruppa i Sarawak Energy Berhad. Han er visepresident og øvste leiar for prosjektutførelse.

Urfolks- og menneskerettar

I forbindelse med energiutbyggingar er det ei rekke internasjonale retningsliner som gjeld. Når det skjer i områder kor det bur urfolk er det endå meir omfattande krav som gjeld både for politiske myndigheiter og utbyggerane.

Malaysia ratifiserte FN si erklæring om urfolk sine rettar (UNDRIP) i 2007. Saman med ILO-konvensjon 169 definerer erklæringa urfolk sine rettar og statar sine forpliktelsar til å sikre desse. Formålet med presisering av urfolksrettar er i følge innleiinga i UNDRIP:

(…) som erkjenner at det er tvingende nødvendig å respektere og fremme de iboende rettigheter urfolk har i kraft av sine politiske, økonomiske og sosiale strukturer, sin kultur, sine åndelige tradisjoner, sin historie og sitt livssyn, særlig retten til egne landområder, territorier og ressurser. [xiv]

I artikkel 4

Urfolk har, i utøvelsen av sin rett til selvbestemmelse, rett til autonomi eller selvstyre i saker som angår deres indre og lokale anliggender, samt til ordninger for finansiering av sine autonome funksjoner.

I artikkel 10

Urfolk skal ikke flyttes med makt fra eget landområde eller territorium. Flytting kan ikke finne sted uten vedkommende urfolks frie og informerte forhåndssamtykke, og først etter at det er avtalt en rettferdig og rimelig erstatning, om mulig med adgang til å vende tilbake.

Rettar herifrå er i stor grad tatt opp i internasjonale retningsliner for næringsliv som the International Finance Corporation sine performance standards med utvidinga av fritt, informert samtykke (FPIC) i 2011 i Ekvator-prinsippa. FN si arbeidsgruppe for menneskerettar og multinasjonale selskap har og teke opp dette.

Urfolk sin rett til sjølvråderett over eige land og livsgrunnlag, rett vil vidareføring av livsstil er basert i deira status som folkegruppe busett før den modern staten vart oppretta. Deira organisasjonsform og rettar til eiga land er difor autonom frå staten og er sideordna nasjonal lov. Dette vert og bekrefta i den malaysiske grunnlova med deira anerkjenning av urfolk si tradisjonelle organisasjons- og styringsform. Urfolk sine Native Customary Rights (NCR) er sideordna malaysisk lov. Ein del av dette ncr-systemet er customary land rights som er rettar over landområder som tradisjonelt har vore brukt av urfolksgruppene.

UN Working groups on the issue of human rights and transnational corporations (2012):
Free, prior and informed consent (FPIC) is a fundamental element of indigenous peoples’ rights, on which the ability to exercise and enjoy a number of rights rest. States have an obligation to consult and cooperate in good faith in order to obtain FPIC before the adoption of legislation and administrative policies that affect indigenous peoples.

Løyve til å bygge på urfolksterritorier er difor avhengig av godkjenning av urfolka som bur i området i tillegg til eventuelle godkjenningar frå den formelle staten. Slike godkjenningar kan vert gjeve gjennom konsultasjonar kor gruppene som vert konsultert får tilstrekkeleg med informasjon til å gjere eit informert val. Slike konsultasjonar må gjerast på eit tidspunkt kor avslag på utbyggingsløyve framleis er ei moglegheit.

Urfolk er ei av gruppene som rammast hardast av kommersiell utvinning som oljeutvinning, vasskraftutbygging eller plantasjedrift, ifølge The International Working Group on Indigenous Affairs.

«State-owned or controlled corporations appear to be playing an increasing role in business activities which adversly impact on indigenous peoples», The International Working Group on Human Rights and Transnational Corporations.

Konsultasjonar

Sivilsamfunnsorganisasjonar og urfolksorganisasjonar meiner at konslutasjonar bør organiserast av urfolk sjølv og registrerast av statar, ikkje gjennomførast av selskap. Om eit selskap alt har vurdert eit område for eit prosjekt kjem konsultasjonane først etter at vesentlige midlar er investert i utreiingar og moglegheitsstudiar. Det gjer at moglegheitene for reelle konsultasjonar minkar. Heldigvis finst det retningsliner for korleis selskap skal gjennomføre konsultasjonar. Her står fritt, informert forhandssamtykke (FPIC) heilt sentralt.

Skal konsultasjonar vere reelle og respektere urfolk sin autonomi slik den vert anerkjend av internasjonale erklæringar må det og vere eit reelt høve for urfolksgruppene til å seie nei til eit prosjekt. Ikkje berre fordi urfolk sjølv har disponerings- eller eigedomsrett over eiga jord, men også fordi dei sjølve har rett til å velge om dei ønsker den kulturendringa til meir marknadsintegrert og «moderne» livsstil som kjem med tvangsflytting.

Eit anna viktig prinsipp er at ei befolkning som er tvangsflytta skal få det betre eller minst like bra som dei hadde det før flyttinga. Det krevst ikkje berre tryggleik for at dei kjem til å ha tak over hovudet, men og for at dei kan ha eit innbringande og meiningsfylt levebrød.

Fritt, informert forhandssamtykke handlar ikkje berre om ei frivilleg underskrift på eit stykke papir. Gjeve informasjonsassymetrien som eksisterer må konsultasjonar planleggast skikkeleg og gjennomførast over tilstrekkeleg med tid. Berørte grupper må og få oppnemnd talspersonar med tilnærma lik kompetanse som prosjektutviklaren for å ha høve til å fatte informerte avgjersler som ei gruppe. At samtykket skal eksistere før utrulling av prosjektet burde vere unødvendig å seie. Både av omsyn til retten til å seie nei og den reelle forhandslingsmoglegheita for kompensasjon må ein avtale vere inngått i rimeleg tid.

«Although the process for dealing with such large development project is not clearly outlined in our traditional adat, if a company wants to propose a project they should meet with the village leaders, and then consult with all villagers. The villagers themselves should also be able to have the time to get together, discuss and form the opinions that they will bring forward to the village leader and to the company proposing the project. There must be a consensus with terms and conditions made by the people, who can make the decision for the project to stop if the project is not being carried out the way it was proposed or if they reject the project proposal. Consent does not come from a village leader only.”[xv]

Norske selskap som er / har vore involvert i Sarawak:

Norconsult

Norconsult har signert ein rammeavtale med Sarawak Energy gjennom sit malaysiske datterselskap NorPower Sdn Bhd om å gjennomføre konsultasjonar for fleire store vasskraftsprosjekt. NorPower har kontor i Kuching, hovedstaden i Sarawak.

Då Murum-dammen vart bygd hjalp Norconsult til å verifisere at «det installerte utstyret fylde oppgåvene sine og dei spesifiserte krava» («Completion Management System, Procedures and completion processes»). For dei planlagde dammane Baleh og Baram har Norconsult gjort studiar i planleggingsfasen («Pre-engineering Phase, for Power Station, Power Waterway and E&M»). Dei gjorde og ein gjennomførbarheitsstudie for den foreslåtte Pelagus-dammen.

SINTEF og CEDREN

SINTEF og den tilknytta forskingsinstitusjonen CEDREN (Centre for environmental design of renewable energy) har bidrattt til å måle drivhusutslepp frå reservoara i Sarawak. SINTEF har og hjulpe Sarawak Energy med «modellering» (truleg og knytt til utsleppsmåling).

Statens Pensjonsfond Utland

Det norske oljefondet eig 115 malaysiske selskap verdt meir enn 11,61 milliardar norske kroner. På eit besøk til Malaysia i 2014 sa handels- og industriminister Monica Mæland at fondet ønsker å investere meir i Malaysia framover.

Fondet har svartelista ei rekke sarawakiske tømmerselskap (mellom anna Samling Global og datterselskapet Lingui i 2010 og Ta Ann og WTK i 2013) grunna deira destruktive framferd, men investerer likevel i 18 malaysiske palmeoljeselskap.

Oljefondet har og eigarskap i selskap som er delvis eigd av familien til Taib Mahmud, som har haldt makta i Sarawak i nær 30 år.

Elkem

Elkem hevdar å vere ein verdsleiande produsent av miljøvennlege material. Dei lagar silisium, karbon og andre produkt. I Sarawak planlegg dei å bygge ein såkalt ferroalloy og electrode paste-fabrikk i Samalaju industripark gjennom datterselskapet Elkem Carbon Malaysia Sdn Bhd. Fabrikken skal stå ferdig i tredje kvartal i 2014 og vil koste kring 60 millionar kroner.

Norsk Hydro

Norsk Hydro vurderte å investere i ein aluminiumsfabrikk i Samalaju industripark i Sarawak. I 2009, etter omfattande undersøkingar og møter med ulike aktørar, urfolksgrupper og miljøvernarar, bestemte selskapet seg for å ikkje etablere seg i Sarawak.

 

Kildehenvisning

[i] Sarawak-gruppa (1987): Vannkraftutbygging i tredje verden: Sarawak-planene som eksempel, høringsuttalelse om rapporten fra “Verdenskommisjonen for miljø og utvikling”, Oslo 1987

[ii] http://www.internationalrivers.org/km/campaigns/bakun-dam

[iii] http://www.wetlands.org/Portals/0/publications/Report/Malaysia%20Sarvision.pdf

[iv] http://www.landsider.no/land/malaysia/fakta/politikk/

[v] https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/my.html

[vi] Reporters without borders: http://index.rsf.org/#!/

[vii] Wikileaks, US Cables.

[viii] Global Witness, March 2013, https://www.globalwitness.org/campaigns/forests/inside-malaysias-shadow-state/ file:///C:/Users/fivas-toty/Downloads/inside-malaysias-shadow-state-briefing.pdf

[ix] http://www.sarawakreport.org/2012/03/backing-out-of-bakun-rio-tinto-pulls-out/

[x] Sovacool, Benjamin K. Og Bulan L.C: Meeting Targets, Missing People: The Energy Security Implications of the Sarawak Corridor of Renewable Energy (SCORE), Contemporary Southeast Asia Vol. 33

[xi] http://www.suhakam.org.my/wp-content/uploads/2013/12/Murum1.pdf

[xii] A fact-finding mission report: No consent to proceed: Indigenous Peoples’ Rights Violations at the Proposed Baram Dam in Sarawak, SAVE Rivers Network, august 2014.

[xiii] Intervju med landsbybuarar i området, gjennomført av Jonas Holmqvist og Tora Systad Tyssen frå Fivas, mars 2014.

[xiv] https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/urfolkryddemappe/fns-erklaring-om-urfolks-rettigheter1/id629670/

[xv] Interview at Long Anap i A fact-finding mission report: No consent to proceed: Indigenous Peoples’ Rights Violations at the Proposed Baram Dam in Sarawak, SAVE Rivers Network, august 2014.