Store tekniske utfordringar med Renessansedammen

FivasEtiopia, Frontsak, Vannkraft

Bilete syner Aswandammen i Egypt som vil verte sterkt påverka dersom ein så stor dam som Renessansedammen vert bygd i nærleiken av den, foto: Roger Green/Creative Commons

Bilete syner Aswandammen i Egypt som vil verte sterkt påverka dersom ein så stor dam som Renessansedammen vert bygd i nærleiken av den, foto: Roger Green/Creative Commons

Tora Systad Tyssen

Ein nyleg sluppen rapport skisserer fem store tekniske utfordringar med Renessansedammen som no er under konstruksjon i Etiopia:

1.    Renessansedammen og Aswandammen ligg så nære kvarandre at det er heilt avgjerande at operasjonen av dei vert nøye koordinert dersom vassressursane skal kunne delast likt. Ingen stad i verda ligg to så store dammar så nært kvarandre utan at det er svært tett koordinering i operasjonen av dei.

2.    Designet på Renessansedammen gjer at det vil måtte byggast ein stor demning i bakkant for å ta av for vatnet som kjem ut frå den nordvestlege delen av reservoaret. Det er uklart kor stor risikoen ved dette er.

3.    Det er usikkert om vassutsleppet frå Renessansedammen i lågvasstider og under tørke vil vere tilstrekkeleg til å dekke Egypt og Sudan sitt vassbehov.

4.    Straumen som vert produsert overstig Etiopia sitt energibehov og må derfor seljast ut av landet. Det forutset nøye planlegging og utbygging av eit høgspentnett.

5.    Akkumulering av salt i jordbruksområda i Nil-deltaet kan akselere raskt. I tillegg vil Renessansedammen gjere det mogleg for Sudan å ta unna meir vatn til irrigasjon, noko som gjer at det vil endå mindre att til Egypt. Det trengst studiar for å kartlegge desse moglege problema og kva som kan gjerast for å bøte på dei.

Rapporten er resultat av ei gruppe uavhenige forskarar møttes i november i 2014 i regi av Abdul Latif Jameel World Water and Food Security Laboratory (J-WAFS) ved Massachusettes institute of technology. Målet var å på upartisk vis kartlegge kva utfordringar som er knytt til Renessansedammen, slik at ein kan bidra til å løyse konfliktene knytt til den mellom Ethiopia, Egypt og Sudan.

Renessansedammen som no byggast ut på Den blå Nilen i Etiopia vil bli den største vasskraftdammen i Afrika og blant dei tolv største i verda. Heilt sidan dammen vart annonsert i 2011 har det vore kontroversar rundt den. Særleg sidan Sudan og Egypt, som ligg nedstrøms for dammen, er så avhengig av vassførselen i Nilen til jordbruk, industri og drikkevatn.

Tonen mellom Egypt og Etiopia har vore særleg hissig. Mykje av førstnemnde sin irritasjon kjem av at dei tidlegare har fått kontrollere mykje av vassbruken i Nilen gjennom avtalar frå 1929 og 1959. Når no landa som ligg oppstrøms gjer krav på å kunne kontrollere større delar av vassressursane får det Egypt til å reagere.

23. mars skreiv Sudan, Egypt og Etiopia under ein avtale om forhandlingar for å einast om den vidare framtida til Renessansedammen. Sjølv om forhandlingsavtalen berre er eit lite steg, er den viktig, sidan rapporten syner kor viktig det er med samarbeid mellom dei tre landa dersom

Det som er forventa å skape mest kontrovers rundt den nye dammen er korleis Etiopia har tenkt å gjennomføre oppfyllinga av dammen. Den har kapasitet til å halde eit års elveføring av Den blå Nilen, og Egypt har ytra bekymring for at om dammen vert fylt for raskt så vil det gå drastisk utover Egypt sin vasstilgong. 60 prosent av vatnet i landet kjem frå Den blå Nilen.

Dette gjer at det er svært viktig at forhandlingane som dei tre landa nederst på Nilen skal sette i gong med no er svært viktige. Dale Whittington, ein av professorsane som var med å utarbeide rapporten, seier at det ikkje er mogleg å finne tekniske løysingar på alle utfordringane.

Forhandlingane framover vil kreve at ekspertar på både utanrikspolitikk og vatn frå dei tre landa har ei felles forståing for dei tekniske utfordringane og er villege til å gå med på kompromiss medan dei lagar detaljerte planar på damoperasjon, energihandelavtalar, damtryggleik og salineringskontroll