Tvangsflytting og befolkningspress

FivasIndia, Vannkraft

Tonje Folkestad

Konsulentselskapet Norplan leverte i desember 2000 ei første vurdering av dei miljømessige og sosiale konsekvensane av Sawalkot. Studien er, i følgje NCC, meint å identifisere eventuelle “dealbreakers”, forhold som vil gjere det umogleg å gjennomføre prosjektet.

Konklusjonen er at det ikkje er nokon openbare grunnar til at prosjektet ikkje bør gjennomførast, men at konsekvensane er “tilstrekkeleg negative” til at det må utarbeidast “nøye og relativt kostbare” avbøtingstiltak. Dette gjeld særleg tvangsflytting, medan Norplan trur effektane på det biologiske miljøet vil bli mindre viktige, ettersom dei meiner området er sterkt forringa allereie.

Norplan meiner likevel at konkurransen om naturressursane i prosjektområdet kan auke dramatisk. I tillegg til at ein må skaffe nye bustader til over 1000 menneske frå nær 220 oversvømte hus, vil prosjektet tiltrekke seg arbeidarar og andre, som også vil trenge mat, vatn, byggematerialar og brensel.

På grunn av tørke har mattryggleiken langs Chenab vorte forverra dei siste åra. Det auka befolkningspresset vil merkast på matvareprisar og kjøpekrafta særskilt til dei svakaste, men òg på helsetenester, vassforsyning og avløp. Med mindre eksterne ressursar blir stilte til disposisjon, vil ein truleg sjå alvorlege konsekvensar også på dei siste områda.

Sawalkot vil plassere seg pent mellom kraftverka Baglihar (oppstraums, under bygging) og Salal (nedstraums), før Chenab renn inn i Pakistan. Samla vil vasskraftverka føre til midlertidig lågare sedimenttransport, og potensielt mindre fruktbare flomsletter, men Norplan tillegg ikkje Sawalkot nokon nedstraums effekt nedanfor Salal.

I India krevst det for prosjekt med fleire enn 1000 tvangsflytta ein såkalla “Comprehensive Rehabilitation Plan”. Norplan peikar på at sidan ein manglar detaljert kjennskap til dei familiane som må flytte, er dette faktoren som kan forsinke prosjektet, og at det derfor hastar med å utarbeide ein slik plan – i tett konsultasjon med dei berørte. Gledeleg er det at Norplan refererer til Verdas Damkommisjon (WCD), som vektlegg at planar for tvangsflytting bør vere eit krav før finansiering blir gitt.