Pöyry slepp unna etter Mekong-klage

FivasMekong, Vannkraft

Tora Systad Tyssen

I 2011 gjekk 15 ulike organisasjonar saman for å klage Pöyry inn for OECD sitt klagepunkt i Finland for brot på deira retningslinjer for multinasjonale selskap. Bakgrunnen var rapporten det finske konsulentselskapet hadde skrive for den laotiske regjeringa om damprosjektet Xayaburi.

Det skriv Development Today i deira nyaste nummer.

– Prøvde å minske miljøkonsekvensane

Rapporten frå Pöyry gav klarsignal til den kontroversielle dammen som var den første på hovedelva i den nedre delen av Mekong-elva.

Klagen til OECD gjekk på at Laos vidare brukte denne rapporten til å rettferdiggjere Xayaburi-prosjektet i trass av sterke protestar frå dei andre landa som ligg langs Mekong-elva.

Bygging av Xayaburi-dammen vil føre til flytting av 2100 menneske og direkte påverke ytterlegare 202 000 menneske som bur i nærleiken av dammen på grunn av påverkinga utbygginga vil ha på Mekong sin fiskebestand. Foto: International Rivers.

No skriv Development Today at det det finske arbeids-og finansdepartementet, som er ansvarleg for å oppretthalde OECD sine retningslinjer i Finland, ikkje meiner Pöyry har brote retningslinjene i deira arbeid i Laos. Vidare skriv departementet i ei uttaling av Pöyry prøvde å minske miljøkonsekvensane av prosjektet gjennom ei rekke detaljerte anbefalingar til den laotiske regjeringa.

– Lite menneskerettomsyn

Uttalinga har og kritikk av Pöyry, hovudsakleg frå miljøverndepartementet og utanriksdepartementet som begge har vorte konsultert i saka. Sistnemnde synte til The Mekong River Commission (MRC), eit samarbeidsorgan for Thailand, Vietnam, Laos og Kambodsja, som har kritisert prosjektet for å gjennomføre konsekvensstudiar undervegs i byggjinga heller enn i forkant.
Miljødepartementet meiner Pöyry burde ha nytte si store innflyting til å hindre at byggjearbeidet kom i gong før alle studiar og konsekvensutgreiingar var ferdigstilt. Dei meiner og at Pöyry i for lita grad har tatt tak i problem knytt til miljøkonsekvensar og menneskerettar i rapporten.

Kritikk frå bistandsministeren

Otto Bruun frå Siemenpuu Foundation, ein av organisasjonane som klaga inn Pöyro, seier til Development Today at det var ein total mangel på gjennomsiktigheit i handteringa av klagen. Pöyro fekk gjennomslag for at deira svar på anklagane vart halden konfidensiell. Det har og provosert den finske bistandsministeren, Heidi Hautala.
Hautala seier at denne klageprosedyren vart nytta for første gong at det vart lagt inn ein menneskerettklausul i OECD-retningslinjene i 2011.

– Det er klart at den må evaluerast. Det har vore tydeleg problem med openheita og klarheita i denne prosessen, seier ho til Development Today.