Nye norske vasskraftplanar i Laos

FivasMekong, Vannkraft

Tonje Folkestad

Dei to nye kraftverka Xeset 2 og 3 er under planlegging i vassdraget Xeset som drenerer Bolavens-platået nær byen Paksé sør i Laos. Norconsult har hatt hovudansvaret for og koordinert forstudien til dette prosjektet, medan underlagsstudiar og konsekvensanalysar om miljø og sosiale forhold har vorte utført av konsulentfirmaet EPA Services frå Australia. Det er elektrisitetsselskapet Electricité de Laos (EdL) som har bestilt forstudien, og NORAD har finansiert han. Studien er no avslutta frå Norconsult si side, men ikkje frigitt av oppdragsgjevaren EdL.

Bygd over “norsk” lest

FIVAS har fått sjå samandraget av forstudien, samt ei oppsummering av dei viktigaste konsekvensane for miljø og samfunn. Kraftverka ser ut til å følgje klassisk “norsk” modell med lita oppdemming, men med overføringstunnelar og -kanalar mellom to vassdrag. Dei er planlagde oppstraums det allereie eksisterande Xeset 1, eit 45 MW kraftverk som har vore i drift sidan 1991 og som har hatt finansiering frå m.a. Sverige. Produksjonskapasiteten vil bli utvida med 96 MW fordelt på to kraftverk. Det skal byggast to mindre dammar, og nedstraums desse vil vatnet i to omgangar bli ført forbi hovudløpet til Xeset. I tillegg vil ein overføre vatn i ein 9,7 km lang kanal frå nabovassdraget Houay Tapoung, for å auke produksjonskapasiteten. Dermed vil den totale strekninga med redusert vassføring bli 138 km, ifølgje det materialet FIVAS har fått tilgang til. I tillegg kjem elvestrekninga som får auka vassføring, dette gjeld strekninga frå det eksisterande kraftverket til der Xeset renn saman med Mekong.

Konflikt med miljøet?

Ein av hovudkonklusjonane i forstudien er at ein ikkje har funne at utbyggingane vil gje alvorlege miljøkonsekvensar, og det blir peika på at vassdraget allereie er sterkt prega av menneskeleg aktivitet. Etter det FIVAS har fått opplyst av kontakter i Laos, vil imidlertid utbygginga berøre eit verna område, men vi har enno ikkje fått tak i kartmateriale som viser kva for eit område som er verna.

Når det gjeld tapt fiske i elva, ser det ut til at ein vil gjere framlegg om at dette kompenserast ved hjelp av fiskeoppdrett. Kva konsekvensar auka vasstemperatur vil medføre, går ikkje fram av det materialet FIVAS har sett. Tap av skog og vilthabitat blir generelt sett karakterisert som mindre viktige effektar og delvis umogleg å kompensere for. FIVAS har hittil ikkje fått tilgang til grunngjevinga for desse konklusjonane. For jordbruket tyder samandraget på at ein vil gje økonomisk kompensasjon i form av direkte utbetalingar. Ein viktig cash crop i området er kaffi, og kaffiareala vil bli kompenserte med 2000 dollar per hektar, medan område som har vore brukt til svijordbruk får ein knapp tidel, 180 dollar per hektar.

Området der dei nye utbyggingane er planlagt, er svært viktig for den hydrologiske balansen i regionen. Bolavens-platået består av vulkanske bergartar, og dei øvre delane av Xeset-vassdraget er eit viktig infiltrasjonsområde for eit stort grunnvassreservoar. Dette går fram av eit notat som vart skrive til SIDA i samband med utarbeiding av ein vassbruksplan for øvre Xeset. Den store porøsiteten i berggrunnen gjer at området fungerer som ein “svamp” i regntida, og at vatn blir ført tilbake til vassdraget gjennom store delar av tørketida. Skilnaden i vasstand mellom regn- og tørketida er difor mindre enn i andre vassdrag i regionen. Eventuelle hydrauliske samanhengar mellom Xeset og grunnvassakviferen er ikkje nemnt i samandraget vi har sett.

Skal redusere importbehovet

Føresetnadene for utbygginga er noko uklar. Av ein artikkel i Vientiane Times i juli går det fram at ein ønskjer å redusere behovet for kraftimport frå Thailand. Laos er i stor grad avhengig av importert kraft, delvis fordi det ikkje eksisterer noko godt distribusjonsnett i landet, slik at billegaste alternativ er å strekkje kraftlinjer over grensa. Dei nye kraftverka skal difor inngå i det felles kraftnettet i det sørlege Laos og austlege Thailand. Økonomien i utbygginga har likevel som føresetnad at Xeset 2 og 3 skal eksportere kraft og at ein skal oppnå gode kraftleveringsavtalar med nabolandet. Ein vil dessutan vere avhengige av å levere krafta via ei allereie eksisterande overføringslinje frå Houay Ho, det næraste vasskraftverket, til Ubon Ratchathani i Thailand. Imidlertid er det ifølgje kjelder FIVAS har snakka med i Laos ikkje sikkert at ein ved Xeset vil oppnå like gunstige prisavtalar med Thailand for den eksporterte krafta, og heller ikkje at Houay Ho er villege til å samarbeide om overføringar.

Framdrift

NORAD har førebels ikkje fått tilgang til forstudien, fordi han ikkje er frigitt frå EdL enno. NORAD vil difor be om å få denne rapporten så snart som mogleg. FIVAS har vidare fått opplyst at NORAD reknar med å bli spurt om å finansiere teknisk design av utbyggingane når den tid kjem, men at ein så langt ikkje har fått ein offisiell førespurnad frå EdL.

I og med at kartlegging av fiskefaunaen har vore eit sentralt tema mellom anna i Theun-Hinboun-utbygginga, vil det vere interessant å sjå korleis dette er omtalt i forstudiane. Vassdraga i Laos har ei høg grad av endemisme i fiskefaunaen, og det vil difor vere svært viktig å utføre gode grunnlagsstudiar før ei eventuell utbygging blir gjennomført. NORAD vil kanskje ha situasjonen med det unike økosystemet i Lower Kihansi i Tanzania i friskt minne (sjå annan stad i bladet), og vere interesserte i å unngå at liknande dilemma i forhold til biologisk mangfald oppstår i nye NORAD-støtta utbyggingar.

Gode grunnlagsstudiar er viktige for fleire føremål, og om ein ønskjer å trekkje endå meir lærdom av det “nordiske” Theun-Hinboun nokre hundre kilometer lenger nord, har ein i Xeset ein god sjanse til å gjennomføre gode grunnlagsstudiar av fisket i prosjektområdet. I Theun-Hinboun har kraftselskapet, som omtalt andre stader i bladet, avvist alternativet om å gje direkte kompensasjon for tapt fiske, fordi ein manglar grunnlagsdata som gjer at ein kan rekne ut kor mykje fisket reelt sett har gått ned.

Andre viktige tema planleggjarar i NORAD og konsulentselskap må skape seg eit bilete av, er korleis den generelle ressurssituasjonen er i området, og om lokalbefolkninga har ein reell sjanse til å finne næringsvegar og dyrkingsareal som kan erstatte det som går med til konstruksjon av vegar, kraftlinjer, overføringskanalar og inntaksdammar. Det har heller ikkje vore mogleg ut frå opplysningane vi har fått hittil, å vurdere i kva grad lokalbefolkninga har vorte rådspurde i undersøkingane fram mot forstudien, og korleis slik rådføring har vorte gjennomført.

NORAD har i den seinare tid uttrykt at ein heretter ikkje i like stor grad vil støtte separate vasskraftprosjekt, men at ein i staden vil støtte arbeid med rammeverk for utbyggingar, mellom anna utvikling av lovverk og overordna planar. Det er såleis å forvente at norske myndigheiter vurderer dei framlagde planane for Xeset særs nøye for å sikre at ein i framtida ikkje gjer dei same feila som har gjenteke seg hittil.