Norske selskap med doble interesser i Mellom-Amerika

FivasNorsk næringsliv, Norske aktører, Vannkraft

Tonje Folkestad

Det dreiar seg om to vasskraftverk i Costa Rica, ein dam til flaumdemping og eit vassforsynings-prosjekt i Den Dominikanske Republikken. Ordrane er til saman verdt 1,3 milliardar svenske kroner.

NCC har tidlegare bygd vasskraft-verket Brasil I like ved hovudstaden San José i Costa Rica, og utvidar no med Brasil II like nedstraums i same vassdraget. Kraftverka vil ligge i elva Rio Virilla, som er svært forureina. I tillegg skal det byggast eit anlegg, El Encanto, på Aranjuez-elva 100 km lenger nordvest. Anlegga vil kunne produsere hhv. 31 MW og 9 MW, og vil bli konstruert som elvekraftverk utan regulering. Rolf Lian i NCC fortel at det er konsortiet Consorcio Noruego som vil stå bak utbyggingane, eit konsortium som i tillegg til NCC omfattar GE Energy Norge (tidl. Kværner) og Alstom Norge (tidlegare ABB). Statkraft Grøner står for utforminga av anlegga. Totalverdien på oppdraget i Costa Rica er 72 millionar dollar, og utbyggar og eigar er det statlege elektrisitets- og distribusjonsselskapet CNFL.
Dei to nye vasskraftverka vil få kreditt for karboninnsparingar under den grøne utviklingsmekanismen (Clean Development Mechanism, CDM) når denne mekanismen blir vedtatt og sett i drift. CDM er ein del av Kyoto-avtalen (omtalt i FIVASkraft nr 2/00). Rolf Lian, som koordinerer Concorcio Noruego, opplyser at ein reknar med at karboninnteninga vil kunne utgjere 3-4 millionar dollar av finansieringa. Prosjektet har støtte frå Eksportfinans, kredittar i GIEK og svenske EKN (Eksportkreditnämnden), og er forøvrig privatfinansiert. Det har eksistert planar for utbygging i desse vassdraga tidlegare, men dei nye prosjektutformingane er noko ulike dette utgangspunktet. Tore Hagen i Statkraft fortel at eindel forstudiar har vorte gjort før, men at ein no vil utføre vidare tekniske og miljømessige analysar ut frå dei planendringane som er gjort. Statkraft vil ha ansvaret for at miljøkonsekvensanalysar blir utført, men vil teikne underkontrakter med costaricanske konsulentar for denne delen av prosjektet. Ei endeleg avgjerd om utbygging vil bli tatt når dei supplerande forstudiane ligg føre og utbyggaren har klart å frigi midlar til vidare gjennomføring. Det er då det norske konsortiet som vil gå vidare med planane.
I Den Dominikanske Republikken vil dei norske entreprenørane utvikle damprosjektet Guaiguí – ein dam som er planlagt å vere 70 meter høg. Verdien på kontrakta er 40 millionar dollar. -Det er ein multi-purpose-dam der den viktigaste oppgåva blir flaumdemping, seier Tore Hagen. -Sekundære funksjonar er vassforsyning til hushaldnings- og landbruksføremål i området rundt byen Vega, og installering av ein liten turbin til kraftproduksjon.
Tore Hagen fortel at Guaiguí har høg politisk prioritet, sjølv med skiftande regjeringar i landet, og ein vil no gå i gang med forstudiane. I motsetnad til i Costa Rica vil Statkraft sjølve stå for dei miljømessige og sosio-økonomiske studiane. Ein ønskjer å bruke dominikanske fagfolk til arbeidet, men eit team av norske Statkraft-tilsette vil i større grad enn i Costa Rica engasjere seg i kvalitetssikring av resultata som kjem fram. GIEK og EKN set krav til miljøkonsekvensanalysane, og desse vil følgje Verdsbanken sine standardar. Også i Den Dominikanske Republikken vil dei norske selskapa vere med vidare til utbyggingsfasen.