NCC med milliardkontrakt i Kashmir

FivasIndia, Vannkraft

Tonje Folkestad

Norske NCC Anlegg underskreiv i april i år ei kontrakt om utbygging av vasskraftverket Sawalkot på Chenab, ei bielv til Indus. Kontrakta er verd 6,5 milliardar norske kroner, og vart debattert i norske media då statsminister Jens Stoltenberg valde å oververe kontraktsinngåinga. NCC Anlegg (det tidlegare Statkraft Anlegg, som i 2000 vart kjøpt opp av NCC) leier eit internasjonalt konsortium som skal stå for utbygginga av prosjektet. Oppdragsgjevar og ansvarlege for investeringane på totalt 1,5 milliardar dollar er det statlege Jammu og Kashmir Power Development Corporation (JKPDC), som skal eige og drive prosjektet når det står ferdig.

– Fenomenalt prosjekt

Sjølv før nokon utfyllande konsekvens-utgreiingar er på bordet, har NCC stor tru på prosjektet. – NCC er svært stolte av Sawalkot – det er fenomenalt, meiner Henning Fjeldstad, visepresident i NCC International.

– Vasskraft er den viktigaste ressursen i Kashmir, og utnytting av denne vil gje verdiskaping og auka inntekter til regionen. NCC si interesse er å gjere den kraftutbygginga som ville skje uansett, på ein best mogleg måte, også for å påverke styresmaktene i kompensasjons- og tvangsflyttingsspørsmål.

Straumutkoplingar

Bakgrunnen for utbygginga er Jammu og Kashmir sitt behov for eigenprodusert kraft, og hovudmålet er ifølgje NCC industrialisering, sjølv om noko straum vil bli levert til lokalbefolkninga.

– I dag trengst det ein kapasitet på omlag 1350 MW, men ein klarer berre å stille til rådvelde 600 MW om vinteren og 800 MW om sommaren. Resultatet er lange straumutkoplingar for “ikkje-essensielle brukarar”, dvs hushald og industri. Dette fortel Mr. Ajit Kumar til FIVAS under konferansen Hydropower 2001 i Bergen i juni. Kumar er førstesekretær i kraftutbyggingsdepartementet i Jammu og Kashmir.

– Reduserer avskoging

Styresmaktene i Jammu & Kashmir er overbeviste om at prosjektet vil ha positiv effekt på miljøet i området.
– Elektrisitet vil erstatte bruken av brensel, noko som vil lette presset på skogen. Avskoging er det største miljøproblemet i Kashmir, seier Mr. Kumar.

Påstanden står i sterk kontrast til det Norplan seier i sin førebelse miljøstudie. Dei spår at det auka befolkningspresset vil føre til dramatisk auke i etterspørselen etter brensel. Eit sentralt spørsmål er om dei som i dag brukar brensel som energikjelde, vil få tilgang til den straumen som blir produsert. Straum vil framleis vere ei relativt dyr energikjelde, og det er liten grunn til å tru at Grepa kan vente stort sal verken av elektriske panel- eller steikeomnar i Kashmir sjølv om innbyggarane skulle få lettare tilgang på straum. Det er tvilsamt at elektrisk kraft vil erstatte brensel til verken oppvarming eller matlaging.

Finansiering

Sjølv om det no er underskrive ei kontrakt, må både endelege miljøstudiar og kraftkjøpsavtale vere på plass før finansiering blir gitt. NCC har teke på seg å skaffe femti prosent av midlane frå europeiske eksportkredittinstitusjonar og kommersielle bankar, medan resten blir framskaffa i India. I tillegg må dei indiske bankane stille motgaranti for heile beløpet. Dette skal vere vanleg praksis i slike saker, men gjer at heile den økonomiske risikoen i prosjektet blir liggande i India. I Norge er det Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) som blir bedne om å legge i potten. Også den Nordiske Investeringsbanken (NIB) og eksportkredittbyråa i Sverige, Tyskland og Austerrike er førespurde.

Tvangsflytting

Som Norplan konkluderer i sin studie, vil tvangsflytting vere eit sentralt tema vidare i Sawalkot-utbygginga. Dette vil vere dei regionale styresmaktene sitt ansvar, i følgje NCC, som meiner flyttinga må vere tema for offentleg høyring. Selskapet tar det for gitt at spørsmålet vil bli handtert i ein deltakande prosess, men synest det er finansieringsinstitusjonane, og ikkje NCC, som er i posisjon til å presentere krav om dette til utbyggaren. Selskapet gir likevel uttrykk for at både miljøstudiar og flytteplanar må gå føre seg på ein måte som er “internasjonalt akseptert”. FIVAS er då interesserte i å vite om desse internasjonale standardane også omfattar Verdas Damkommisjon (WCD) sine anbefalingar.

– Det vil vere politisk uklokt, og ingen skandinavisk entreprenør ville gjere det, å avvise WCD-anbefalingane, er Henning Fjeldstad sin kommentar. Han gjentar likevel at det er bankane som eventuelt må følgje opp dette.

Ajit Kumar forklarer at det er JKPDC som skal presentere konsekvensanalysar, kraftkjøpsavtale og tvangsflyttingsplanar overfor Kabinettet i Jammu og Kashmir. På spørsmål frå FIVAS om folkeleg deltaking i prosessen, viser han til at lokale styresmakter er representerte i Kabinettet, og at dette er kanalen vanlege folk har å kommunisere gjennom. Dessutan eksisterer det eit system for å fremje saker gjennom rettssystemet, slik det har vorte gjort i Narmada.

Misnøye om Indus-avtale

Chenab-elva er ein del av Indus-vassdraget, og er omfatta av Indus Basin Water Treaty frå 1960. Her får Pakistan retten til vatnet i Chenab. Inngrep som ikkje reduserer vassføringa i elva er lov også på indisk side, men berre under samtykke frå Pakistan. Avisa Kashmir Times melde 28. mai i år at Pakistan ville protestere mot vasskraftverka Sawalkot og Baglihar på Chenab, under det årlege møtet til Permanent Indus Commission (PIC). Ein representant for vass- og energidepartementet i Pakistan skal ha sagt at to ting må sikrast før dei gir klarsignal: At prosjekta ikkje får lagringskapasitet som kan hindre fri flyt av vatnet, og at det ikkje blir anlagt kanalar som kan brukast til irrigasjon. NCC forsikrar at ikkje noko av dette er planlagt verken for Baglihar eller Sawalkot.

Indiske Tribune of India siterer samtidig ekspertar som legg skulda for den alvorlege straummangelen i Jammu og Kashmir nettopp på Indus-avtalen. Dei meiner avtalen må reforhandlast for å gjere det mogleg for delstaten å bygge dammar med stor lagringskapasitet, for å utjamne kraftproduksjonen i Chenab, der vassføringa no er svært varierande.

I følgje den same avisa kallar politiske leiarar i Kashmir det ein skjebnens ironi at India “eksporterer vatn til Pakistan og sistnemnde eksporterer terrorisme tilbake”.

Sawalkote Hydroelectric Power Project
• Lokalisering: Chenab-elva (Indus), Jammu & Kashmir
• Demning: 197 m høg, 200 m brei
• Produksjonskapasitet: 600 MW
• Totalverdi: 1,5 milliardar USD (2010-verdi)
• NCC-kontrakt: 6,5 milliardar NOK
• Oppdemming: 9,2 km2
• Tvangsflytting: Over 1000 menneske
• Planlagt ferdig: 2007

Konfliktområde

Som kjent er Kashmir eit område India og Pakistan stridast om, og i sommar følgde verda med på dei resultatlause forhandlingane mellom statsministeren i India, Vaypajee, og pakistanske general Musharraf.

– Vi vil ikkje blande oss inn i storpolitikken, uttalte Henning Fjeldstad i NCC i ein radiodebatt med FIVAS i april. Men at kraftverket kan bli ei viktig indisk brikke i kampen om Kashmir, må selskapet kanskje likevel ha i mente.

I august melde NRK om at 17 landsbybuarar vart drepne av muslimske geriljasoldatar i Kashmir “i et område hvor norske kraftutbyggere befinner seg”.

Norplan fekk under arbeidet med den første miljøstudien tilgang til den nordlege elvebreidda i prosjektområdet berre med militær eskorte i nokre få timar, og indiske styresmakter kravde at høgdekoter og viktig infrastruktur skulle fjernast på kartmaterialet som vart brukt i studien. NCC sjølve har likevel ikkje så mykje å frykte sjølv om det skulle bryte ut krigshandlingar. Prisen og tidsramma dei har forplikta seg til i kontrakta, relaterer seg berre til tekniske endringar, uventa geologiske hindringar osb., og ikkje ytre hendingar som naturkatastrofer og krig.

Norplan påpeikar at demninga kan ha verknader på tryggingssituasjonen i området. I dag representerer elva ei barriere, og det er større geriljaaktivitet nord for elva enn på sørbreidda. Med eit reservoar vil det vere lettare å ta seg over med båt. Korvidt dammen kan bli eit terrormål, meiner dei er vanskeleg å seie.