Etiopia – bakgrunnsartikkel

FivasEtiopia, Vannkraft

Etiopia har store vassressursar og har eit stort potensiale for vasskraftutbygging. Heile 98 prosent av landet sin elektrisitet og straum kjem frå vasskraft. Det gjer at landet er sårbart for vass- og straummangel i tørkeperiodar. Sidan landet ikkje har kyststripe kjem dei store vassressuranse frå elver, hovudsakleg frå Den blå Nilen. Den møter Den kvite Nilen og vert Nilen etter at den har runne ut frå det etiopiske territoriet.

Tradisjonelt har Egypt og Sudan fått kontrollere mykje av vassføringa i Nilen, men i seinare år har dei andre Nil-landa, med Etiopia i spissen, gjort krav på meir kontroll over vassressursane. Ein avtale frå 1929 seier at det er landa nedstrøms i elva, altså Egypt og Sudan, som har rett på mesteparten av vatnet.

I 1999 vart det lansert eit nytt donorfiansiert samarbeid, The Nile Basin Initiative, som skulle regulere samarbeid mellom dei ni Nil-landa Egypt, Sudan, Etiopia, Uganda, Kenya, Tanzania, Burundi, Rwanda og Den demokratiske republikken Kongo. Eritrea har observatørstatus, medan dei andre landa har ei stemme kvar i samarbeidet som var meint å bidra til konfliktløysing og betre forvaltning. Initiativet har klausular om konfliktløysing og forvaltningsprosess, men ikkje så mykje om rettar til sjølve vatnet. Sjølv om initiativet har til føremål å sikre ein ny rammeverksavtale mellom landa, har det diverre ikkje greidd å hindre konflikt om vassressursane.

I 2013 ratifiserte Etiopia Nile River Co-operative Framework Agreement, ein avtale som Rwanda, Tanzania, Uganda, Kenya og Burundi alt hadde ratifisert. Denne avtalen gjev landa oppstrøms i elva rett til å starte utbyggjingar utan å konsultere landa lenger nedstrøms. Med andre ord krev landa Nilen renn gjennom først større kontroll over vassressursane utan at Egypt og Sudan skal ha høve til å blande seg.

Renessansedammen

Eit av prosjekta som har skapt konflikt med landa nedstrøms er Renessansedammen som Etiopia starta bygginga av i 2013. Dammen, som vil vere Afrikas største vasskraftverk når det er ferdig utbygd og som vil doble elektrisitetsproduksjonen i landet, har vore under planlegging lenge og vart relansert i 2011. Det er planlagd å ha ein installert kapasitet på 5250 MW og skal byggast på Den blå Nilen.

Utbygginga er kritisert av fleire internasjonale organisasjonar for å ikkje vurdere miljøkonsekvensane utbygginga vil ha og for brot på menneskerettane. Interessene til dei som bur i utbyggingsområdet er ikkje tatt omsyn til.

I tillegg førte damplanane til ei tilspissing av situasjonen mellom Etiopia og Egypt tidleg på sommaren 2013 og førte til nye diskusjonar om kva land som har rett på vatnet i Nilen.

Gibe III

Eit anna omstrid damprosjekt i Etiopia er Gibe III. Det er det tredje byggetrinnet av i alt fem på eit gigantisk utbyggingsprosjekt på den nede delen av Omo-elva i landet. Dammen skal etter planen ha ein installert kapasitet på 1870 MW.

Damprosjektet har vore forsøkt stoppa ei rekke internasjonale organisasjonar. Ved å forstyrre den naturlige syklusen til elva vil dei kring 500 000 urfolka som livnærer seg av elva anten miste eller få sterkt redusert levebrødet sitt. Prosjektet vil og bidra til ein lågare vasstand i Lake Turkana.

I 2010 vart det klart at Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken ikkje lenger er med å finansiere GIBE III-utbygginga. Også Den europeiske investeringsbanken har trekt seg ut, medan den kinesiske Industrial and Commerical bank of China (ICBC) har gått inn med investeringar.

Noreg i Etiopia

Noreg er involvert i mange prosjekt og sektorar i Etiopia. Innan energi og vasskraft har norske myndigheiter bidratt med pengar til etiopiske institusjonar på mange måtar. I tillegg til å vere ein donor og pådrivar for det tidligare nemnde Nile Basin Initiative har Noreg eit institusjonelt samarbeid med Etiopia sitt energi- og vasskraftdepartement. Noreg støttar og det Etiopia-baserte initiativet Eastern African Power Pool, som arbeider for å byggje opp ein regional energimarknad. Her står GIBE III sentralt.

Det institusjonelle samarbeidet mellom Noreg og Etiopia handterast frå norsk side av Noregs vassdrags- og energidirektorat. I 2009 inngjekk dei ein avtale med etiopiske myndigheiter om å gje 135 millionar kroner i støtte til eit forstudie for damprosjekta Mandaya og Beko-Abo. Dette samarbeidet vart sterkt kritisert i midtveisevalueringa av prosjektet. Pengane Noreg hadde løyva synte seg etterkvart å vere bortkasta sidan begge prosjekta no er skrinlagde. I mars 2011 vart det kjend at Mandaya-prosjektet var planlagd i eit område som vil verte oversvømt av Renessansedammen.

Noreg har og tidligare finansiert utgreiingar som ikkje har ført fram. Prosjekta Baro og Karadobi fekk norsk støtte til utgreiing i perioden 1999 til 2006. Karadobi-prosjektet, som skulle byggast ut på Den blå Nilen og som ville hatt negative verknadar for 4600 hushaldningar, vart trekt attende av uklare årsaker. Ifølgje den norske ambassaden i landet var det eit problem at ei bru finansiert av Japan kunne ha endt under vatn om dammen vart bygd, og det kan ha vore ei medverkande årsak til at den aldri vart bygd. Baro-prosjektet vart skrinlagd etter at det vart påvist at det ville ha svært alvorlige miljømessige konsekvensar.

Då Noreg lanserte Energy+ (International Climate and Energy Initiative) i 2011 vart Etiopia vald som pilotland og Noreg har no forplikta seg til å investere 500 millionar norske kroner i landet fram til 2016. Desse pengane skal nyttast til å auke tilgong til bærekraftig energi og redusere drivhusgassutslepp i rurale strøk gjennom bruk av fornybar energi og energieffektivisering.