Brasil – bakgrunnsartikkel

FacebookTwitter

Brasil er på jakt etter nye energikjelder som kan dekke behovet til ein veksande industri og befolkning. Den brasilianske regjeringa verkar å sjå vasskraft som det beste svaret.

Det fins konkrete planar for meir enn 40 nye dammar i brasiliansk Amazonas dei kommande ti åra. Foreløpig er både Norsk Hydro og Statens pensjonsfond utland involvert i den foreløpige største av dei, Belo Monte. I tillegg har norske SN Power kjøpt seg inn Desenvix, eit brasiliansk vasskraftselskap som opererar i dei sørlige og søraustlige delane av Brasil.

Belo Monte

I 2015 skal megadammen Belo Monte stå ferdig. Utbygginga på Xingu-elva, som etter fleire utsetjingar vart sett i gong i 2011, vil oversvømme 500 kvadratkilometer med regnskog nord i Brasil. 80 prosent av Xingu-elva sin naturlige elvestraum vil avleiast i eit 100 kilometer langt strekk. Det vil føre til at omlag 13 000 urfolk frå 24 ulike urfolksgrupper og 20 000 andre menneske må flytte.

Dammen byggast i Xingu-bassenget i delstaten Para i Amazonas. Området som kjem til å oversvømmast omfattar både savanne og regnskog og er eit eldorado for plante- og dyreliv. Dette er heimen til 467 identifiserte fiskeartar, hundrevis av desse står i fare for å verte utrydda om dammen vert ferdigstilt og vassføringa i elva endrast. Faunaen i skogen er og avhengig av den naturlige flomsyklusen i elva. Fleire apar i området er utryddingstruga.

Dammen vil få ein installert produksjonskapasitet på 11 233 megawatt, men den vil i gjennomsnittet berre generere 4500 megawatt. Nokre få månadar i året vil dammen kunne produsere maksimalt, men fire til seks månadar i året er vasstanden i Xingu så låg at kraftverket berre vil kunne generere 1000 megawatt. Ifølgje WWF vil Brasil vere mykje betre tent med å prioritere alternative energikjelder. I 2007 publiserte organisasjonen ein rapport som hevdar at Brasil kan kutte energibehovet med 40 prosent gjennom investeringar i energieffektive tiltak. Ei slik strømsparing tilsvarar 14 Belo Monte-kraftverk. Det vil og kunne generere åtte millionar nye jobbar dersom landet samtidig investerar i biomasse, vind, sol og vasskraftverk i småskala.

Krafta frå Belo Monte er hovudsakleg tiltenkt dei mange nye smelteverka som no byggast i Amazonas. Ein av dei største aktørane i denne marknaden er Vale, som og er den største private aktøren i konsortiet som byggjer ut Belo Monte. Vale har eit tett samarbeid med Norsk Hydro. Hydro stod for Noregs største utanlandsoppkjøp nokonsinne då dei i 2012 kjøpte Vale sine bauksittgruver og smelteverk i Amazonas. Som ein del av kjøpsavtalen overtok Vale 22 prosent av aksjane i Hydro. Selskapet er såleis den nest største eigaren i Hydro, etter den norske staten. I byrjinga av 2012 vann Vale Public Eye Award, prisen for verdens verste selskap. Deltakinga i Belo Monte-utbygginga bidrog sterkt til sigeren.

Statens pensjonsfond utland har investert 3,5 milliardar i Vale og er djupt involvert i Belo Monte. I 2011 investerte fondet meir enn 7,7 milliardar kroner i selskap som er involvert i utbygginga. Utanom Vale gjeld dette selskapa Andritz, Iberdrola og Alstom. Sistnemde står på etikkrådet si observasjonsliste på grunn av «risiko for grov korrupsjon i selskapet si verksemd».

Oppdatert august 2013.