Kva vart resultatet?

FivasVann og sanitær

Tonje Folkestad

Det er aldri utan verdi å snakke saman, både med meiningsfeller og –motstandarar, og i så måte var World Water Forum nyttig. Samtidig heiter det seg at tida for dei store verdskonferansane er forbi. Kanskje var det dette som gjorde det vanskeleg å oppnå ambisjonen om (endeleg) å snakke handling. Trass alt var det berre sju månader ”sidan Johannesburg”, altfor kort tid til å justere standpunkta sine eller ha noko nytt å rapportere om. Etter kvart blir ein kanskje rett og slett lei av tryna på kvarandre, for ikkje å snakke om å høyre seg sjøl seie det same gong etter gong. Ein veit på førehand kva for land som vil legge fram kva for forslag, og kva for land som vil skyte dei ned. Den politiske arenaen i Kyoto, ministerkonferansen, klarte dessverre ikkje å unngå å bli berre ein ny ordprodusent. Men kanskje er det også noko ved sjølve Forumet og dei som står bak, som svekkar viljen til å love noko stort.

Bak det treårlege World Water Forum står først og fremst World Water Council (WWC). WWC har tatt mål av seg til å vere ”the International Water Policy Think Tank dedicated to strengthening the world water movement for an improved management of the world’s water resources”.

Problemet er at det ikkje finst eit heilskapleg ”world water movement” – det er enno klare skiljelinjer mellom ulike tilnærmingar til ferskvasskrisa. Kva slags idear kan vi vente oss frå WWC, ein organisasjon dominert av, og med sterke interesser i, industri og byråkratiske institusjonar? Styret består av menn i sin beste alder, og mellom medlemsorganisasjonane kan ein nemne Verdsbanken, vassgiganten Vivendi Water, damutbyggarar som Sardar Sarovar Narmada Nigam og tyrkiske Southeastern Anatolia Project (GAP), og US Army Corps of Engineers.

I eit opprop seier 300 organisasjonar frå heile verda det rett ut: (…) WWC er eit ikkje representativt og udemokratisk organ som hentar sin innflytelse frå eksklusive medlemskap av internasjonale finansieringsinstitusjonar, store multinasjonale vasselskap, og ikkje-statlege organisasjonar knytt til desse interessene. Klar tale. Oppropet vart presentert i Kyoto og har tittelen ”Water Is Life – A Civil Society World Water Vision for Action”. Her blir også WWC sin sjølverklærte konsensus om framtida til verdas vassressursar avvist – dei 300 underskrivarane representerer dei mange millionar menneske som protesterer mot dei hovudmodellane WWC fremmar: Store infrastrukturprosjekt, privatisering og liberalisering.

Institusjonane i WWC står bak nokre av dei mest omstridde og øydeleggande vassprosjekta i verda. Derfor er det kanskje ikkje så dumt om ein blir nødt til å tenkje over spørsmålet: Kven er det som skal få setje agendaen for dei viktige tiltaka vi må setje i verk dei næraste åra, for å sikre folk og økosystem det viktige vatnet?