Vatn er for viktig til å privatiserast

FivasFrontsak, Vann og sanitær, Vannprivatisering

Demonstrasjon mot vassprivatisering utanfor Davao på Filippinene i 2007, foto: Keith Bacongco.

Demonstrasjon mot vassprivatisering utanfor Davao på Filippinene i 2007, foto: Keith Bacongco.

Tora Systad Tyssen

Over heile verda krev folk attende offentleg kontroll over vatnet sitt fordi private selskap ikkje greier å levere det dei lovar.

Det var hovedbudskapet då Emanuele Lobina frå Universitet i Greenwich innleia om privatisering av vatn for Fagforbundet i Oslo 14. februar. Det er det mange grunnar til.

Emanuele Lobina, foto: University of Greenwich

Emanuele Lobina, foto: University of Greenwich

Med lovnadar om privat effektivisering, privat finans og ekspertise frå privat næringsliv har privatisering av vatn vorte promotert som løysinga på økonomiske, finansielle og logistiske utfordringar med vasslevering verda over. Store multinasjonale selskap som Suez og Veolia har fått kommersielle kontraktar med lokale styresmakter og har drive vasslevering med formål om å tene pengar. Resultatet har ifølge Lobina si forsking vore manglande finansiering, korrupsjon, sviktande levering, at selskapa tek lita av risikoen, men mykje av inntektene og at offentlege tenester, miljø og arbeidsrettar vert svekka eller øydelagd.

Lobina meiner det er urealistisk at privat eigarskap vil føre til auka investeringar og nye kjelder til finansiering. Som regel har myndigheiter lettare for å hente investeringar enn private selskap og har lågare kostnadar knytt til det. Det at private vasselskap jaktar profittmaksimering under monopol og dei fortenestesøkande måtane dei prøver å maksimere profitten sin gjer at å involvere privat sektor er ein kostnadsineffektiv måte å investere i vassystemet.

Gategrafitti under demonstrasjonar mot G8 i Calgary i Canada i 2002, foto: Grant Neufeld

Gategrafitti under demonstrasjonar mot G8 i Calgary i Canada i 2002, foto: Grant Neufeld

Eksempel frå England og Frankrike syner at dei private selskapa ikkje greier å tilby billegare prisar enn offentlege tenester. I Frankrike er vasstariffen 16 prosent høgare hos dei private leverandørane framfor dei offentlege. Ein nyleg rapport frå Verdsbanken syner at det ikkje finst bevis for høgare private investeringar i vassystem eller at prisane vert lågare for brukarane i dei tilfella kor private selskap tek over. Private selskap leverer heller ikkje betre på tekniske løysingar. Lågast lekkrate i Europa finn ein til dømes i Nederland og Tyskland, kor nær heile systemet er offentleg styrt.

Som ein respons på svikten frå det private næringslivet vel stadig fleire lokale myndigheiter å rekommunalisere vatnet sitt, det vil seie å enten avslutte eller ikkje fornye utgåtte kontraktar med private vassoperatørar. Heller vel dei å late det offentlege styre vasstenestene.

Our public water futureTal Lobina presenterer i boka «Our public water future», som han har vore redaktør for ilag med Satoko Kishimoto og Olivier Petitjean, syner at det i mars 2015 hadde vore 237 rekommunaliseringar verda over sidan år 2000. Det vil seie at kring 100 millionar mennesker har gått frå å ha privat vasslevering til offentleg.

Auken i rekommunalisering har fått dei store internasjonale private vasselskapa til å endre strategi, meiner Lobina, og han syner til at det i dag foregår ein global PR-kampanje for å promotere privatisering av vatn. For det første vert det kalla offentleg-privat-samarbeid (OPS) heller enn privatisering for å gjere det meir tiltalande og tillitsvekkande. For det andre kjem dei private selskapa med lovnadar om effektivisering, privat finans og ekspertise frå privat næringsliv som ifølge Lobina verkar tiltalande på offentlege byråkratar og tillitsvalde. Den globale PR-kompanjen formidlar lite om korleis den private sektoren ikkje greier å halde dei storstilte lovnadane dei gjev.

Det landet kor ein ser flest rekommunaliseringar dei siste femten åra er Frankrike, som samtidig er heimland for dei største private vasselskapa Suez og Veolia, og som tidlegare har operert med utstrakt privatisering av vatn. Sidan 2000 har 94 av desse private avtalane vorte avslutta eller ikkje fornya. Då Paris valde å rekommunalisere vassressursane sine og opprette ein offentleg innstans, Eau de Paris, til å forvalte vassleveringa i den franske hovedstaden kom det ei rekke umiddelbare positive verknadar. Dei valde i 2008 å ikkje fornye kontraktane med Suez og Veolia og opplvede at dei fekk ei meir effektivt, konsistent og langtidsplanleggande vasslevering. I tillegg sparte dei inn 35 millionar euro det første året. Det gjorde at dei året etter kunne senke vassavgifta med 8 prosent for innbyggjerane i Paris.

Dei klare føremonene som rekommunalisering fører med seg, gjer at stadig fleire byar og områder let seg overbevise om å ikkje lenger late det private forvalte og tene pengar på vasstenestene deira. Å sikre menneskeretten til vatn og god vassforsyning er ei altfor viktig oppgåve til å overlate til det private.