Vasskrise/kvinnekrise

FivasFrontsak, Sanitær, Vann og sanitær

Girls just wanna have fundamental human rights

Tora Systad Tyssen

Noko av det som gjer retten til vatn så universell og grunnleggande er at det ikkje er nokon som kan overleve utan at den vert oppfyld. Utan vatn har ein ikkje liv. Likevel rammar mangel på reint vatn og tilstrekkelege sanitærforhold nokre grupper meir enn andre, ofte er jenter og kvinner særleg utsett.

Det er det mange grunnar til. Ein er at ofte er det kvinner som har ansvar for å hente vatn når det ikkje er tilgjengeleg i heimen. Ifølge FN brukar jenter jenter mellom 6 og 14 år i det rurale Benin omlag ein time om dagen på å hente vatn, medan brørne deira gjennomsnitteleg berre brukar 25 minutt. I Tanzania har ungar hovedansvaret for å hente vatn. Der er det dobbelt så stor sjanse for at jenter under 15 år har dette ansvaret som at gutar under 15 har det. I Malawi brukar kvinner gjennomsnittleg fire til fem gongar så mykje tid på å hente vatn som menn gjer. Dette syner korleis alt frå tidleg alder er jenter potensielt meir utsett når vatn ikkje er lett tilgjengeleg. Forsking syner at kvinner i låginntektsland i Afrika sør for Sahara brukar 40 milliardar timar i året på å hente vatn. Det tilsvarar den årlege samla arbeidsinnsatsen i Frankrike.

Ein annan grunn til at kvinner er særleg utsett er at når så mykje av dagen går med til å sikre reint vatn mistar dei høvet til å gå på skule og delta ellers i samfunnet. På heile det afrikanske kontinentet er 90 prosent av arbeidet med å samle vatn og ved, styre hushaldet og lage mat gjort av kvinner. Om ein kan sikre tilgong til reint vatn nær heimen kan ein drastisk redusere kvinner si arbeidsmengde og frigjere tid som kan nyttast til andre ting. For unge jenter kan denne tida nyttast til å gå på skulen. Ei undersøking frå Tanzania syner at jenter si skuledeltaking er 12 prosent høgare dersom vasskjelda til familien er femten minutt eller mindre unna heimen samanlikna om den er ein time. Gutar si skuledeltaking er mykje mindre påverka av heimen sin avstand til vasskjelda. Om jenter kan gå på skulen istadenfor å hente vatn kan dette vere med å heve utdanningsnivået og senke analfebetismen i samfunnet. Samtidig veit ein at dersom det er gode nok sanitærforhold på skulen er det større sjanse for at jenter vil gå dit sjølv om dei har menstruasjon. Om det ikkje finst doavlukker kor dei kan gå på do og skifte bind på ein diskret måte, er det større sjanse for at dei vil halde seg vekke frå skulen dei dagane i månaden.

Helse er og ein grunn til at kvinner er særleg utsett. Dette kjem av fleire ting. For det første gjev tilgong til reint vatn redusert barnedødlegheit og større sjanse for at mor ikkje døyr under fødsel. For det andre gjev det auka verdigheit og senka psykisk stress dersom kvinner og jenter kan handtere menstruasjon, graviditet og fødsel på ein diskret måte. Med manglande sanitærforhold kor ein må gå på do i det fri er handteringa av slikt meir sjenerande. Diverre kan det og til tider vere direkte farleg for kvinner å gå på do i det fri. Kulturelle normer fleire stadar i verda gjer at det er skambelagt for kvinner å verte sett urinerande eller bæsjande. Det gjer at mange ventar til etter at det har vorte mørkt med å gå ut. Sjølv om mørket gjev trygging mot andre sine blikk, gjev det diverre ikkje det mot angrep og valdtekt. At kvinner vert utsett for overgrep på veg til dobesøk er diverre tilfeller mange stadar i verda. At kvinner går og held seg heile dagen istadenfor å gå på do drikk dei gjerne mindre vatn iløpet av dagen, noko som kan føre til uttørking og urinveisproblem. Å bære tunge bøtter med vatn kvar dag er og noko som er med å gje muskel- og belastningsskadar.

Alle lir når ikkje menneskeretten til vatn er oppfyld, men kvinner lir særleg. Å slost for at alle skal ha tilgong til reint vatn og gode nok sanitærforhold er og å slost for eit samfunn kor kvinner har moglegheit til utdanning, økonomisk sjølvstende, helse og fridom til å leve livet sine slik dei vil.