Riksrevisjonen med knusande kritikk av norsk energibistand

FivasAlternativer til vannkraft, Frontsak, Norsk bistand, Norske aktører, Vannkraft

Illustrasjonsbilete frå Bugoye i Uganda kor Norfund har investert.

Illustrasjonsbilete frå Bugoye i Uganda kor Norfund har investert.

Tora Systad Tyssen

– Det er behov for store endringar i Utanriksdepartementet sin bruk av verkemiddel dersom måla Stortinget har sett skal verte oppnådd, seier riksrevisor Per-Kristian Foss i forbindelse med lanseringa av Riksrevisjonen si undersøking av bistand til rein energi.

Undersøkinga har særleg tatt føre seg sju land som er prioritert i Utanriksdepartementet si satsing «Rein energi for utvikling». Dei sju landa er Tanzania, Mosambik, Etiopia, Liberia, Nepal, Uganda og Aust-Timor. Formålet med programmet er å bidra praktisk til kraft- og nettutbygging og til å bygge kapasitet i statlege institusjonar til å planlegge og administrere energiutbygging. Det overordna målet for satsinga er å betre levekåra for fattige og bidra til økonomisk vekst.

Konklusjonane i undersøkinga er klare: Ein har verken fått til den kraftproduksjonen eller fattigdomsreduksjonen som har våre formålet med dei 12 milliardar norske kroner som har vorte utbetalt sidan 2000. Få fattige hushaldningar har fått tilgang til elektrisitet. Nettutbygging til fattige områder har heller ikkje ført til auka sysselsetjing.

– Vi ser at ambassadane i samarbeidslanda ofte manglar analysar av kva verkemiddel som gjev effekt i kvart enkelt land. Utanriksdepartementet treng eit vesentleg betre beslutningsgrunnlag for å kunne styre bistanden meir effektivt. Det er eit overordnå mål for norsk bistand å redusere fattigdom, og tilgang til enerig til overkommeleg pris er viktig som ledd i dette. Slik bistandne til rein energi er utforma i dag kan det ta svært lang tid før effekten når ut til dei fattige, seier riksrevisor Foss.

Dagleg leiar i Fivas, Jonas Holmqvist, er ikkje overraska over kva Riksrevisjonen har funne ut og meiner det er kritikkverdig at eit så kostbart og stort program har hatt så få faktiske resultat.

– Rein energi for utvikling er eit omfattande program i stat-til-stat-bistanden. At den har hatt så liten effekt for fattige er alvorleg.

Han meiner i likheit med riksrevisor Foss at mangel på forståelse for kontekstane og miljøa ein opererer i er ein stor mangel ved den norske satsinga.

– Den breie kritikken syner at norsk energibistand ikkje har forstått dei politiske kontekstane dei opererer i. Kritikken rammar så breitt at det vil vere heilt nødvendig med ein total gjennomgang av innrettinga av programmet. Når Riksrevisjonen syner at det er låg effekt for fattig, låg måloppnåing i kapasitetsbygging i statsforvaltninga, lite ny straumproduksjon og dårleg økonomisk bærekraft i utbygging av overføringslinjer, så er det ikkje mange områder i dette programmet som går fri frå kritikk, seier Holmqvist.

Riksrevisjonen anbefalar Utanriksdepartementet å vurdere korleis ny fornybar energi, som sol- og vindkraft, kan utnyttast betre til å auke kraftproduksjonen og nå fleire fattige hushaldningar. Det er Holmqvist einig i.

– Vi meiner at norsk energibistand må ta innover seg kritikken og trappe ned det sterke fokuset på vasskraft.

Les Riksrevisjonen sin gjennomgang her.
Les Fivas sin nye rapport om alternativ til vasskraft her.