Marker verdas vassdag med #H2our

FivasFrontsak, Vann og sanitær

H2OUR

Eit knippe av bileta som kom inn under aksjonen i 2015.

22. mars er det verdas vassdag. Då passar det seg med ei solidaritetsmarkering for dei 663 millionar menneska på jorda som manglar tilgang til reint vatn. For veldig mange kring i verda er ikkje vatn tilgjengeleg, sjølv om det er anerkjend som ein menneskerett som alle skal ha tilgong på.

I Noreg kan det nokre gonger vere lett å gløyme dette sidan vi har så mykje vatn tilgjengeleg i elver, sjøar, vassrøyr og det som skyller nedover oss som regn. Difor vil vi oppfordre alle i Noreg til å stenge av krana to timar på verdas vassdag, 22. mars. Saman med Kirkens Nødhjelp og Norsk vann inviterer Fivas nemleg til #H2our, som er ein sosiale media-aksjon som starta opp i 2015 for å syne solidaritet med og skape merksemd kring alle dei som ikkje har tilgong til reint vatn.

Å delta på #H2our er enkelt. Steng vasskrana heime 22. mars mellom klokka 16 og 18 og ta eit bilete som syner tematikken manglande vatn. Det kan vere ei avstengd vasskran, eit tomt glas, eit tømd badekar eller noko heilt anna. Her er det veldig lov å vere kreativ. Del så bilete på Facebook, Instagram eller Twitter med emneknagenn #H2our og oppfordr familie og venner til å gjere det same.

På Facebook har du høve til å invitere venner og kjende til å delta på arrangementet.