Lite fruktbare investeringar

Share
I panelet sat Hans Morten Haugen, Cathy Wilson og Elin Ersdal, foto: Mariann Midbøe
I panelet sat Hans Morten Haugen, Cathy Wilson og Elin Ersdal, foto: Mariann Midbøe

Tora Systad Tyssen

Fivas lanserte rapporten «Meagre Results from a Large Investment» på Ulandsseminaret tysdag 15. mars og inviterte Norfund til debatt om rapporten som kritiserer utviklingseffekten av deira landbruksinvesteringar i Kilombero-plantasjen i Tanzania.

Catherine Wilson har skrive rapporten for Fivas og starta Ulandsseminaret med hennar syn på både Norfund si investering i Agrica som driv risplantasjen Kilombero spesielt, men og storskala landbruk generelt.

Ho hevda at det ikkje finst dekning for mange av påstandane ein ofte høyrer om storskala landbruk. Særleg var ho kritisk til ideen om at det skapar jobbar, at det gjev lokale fleire arbeidsplassar og at det skapar grunnlag for små og mellomstore bedrifter. Ho synte og til at dyrkinga ikkje nødvendigvis vert meir effektiv, at mattryggleiken ikkje vert styrka om det vert dyrka for eksport og at det er ei rekke omkringliggande faktorar som trengst for at det skal bidra til generell landbruksutvikling.

Når det gjeld Kilombero-plantasjen spesifikt kom Wilson med ei liste over utfordringar ho meiner svekkar deira evne til å lukkast med utvikling og økonomi:

Lite utbygd infrastruktur, avgrensa tilgong på straum, mangel på faglært arbeidskraft og aukande transportprisar.

Usemje om misnøye

I forkant av seminaret hadde Wilson, saman med dagleg leiar i Fivas, Jonas Holmqvist, vore i debatt med Norfund-direktør Kjell Roland og investeringsdirektør Elin Ersdal gjennom Dagsavisen om noko av kritikken som vert fremma i rapporten. Sistnemnde var med på Ulandsseminaret og hevda i sin presentasjon at ho meinte mykje av kritikken var urimeleg.

– Vi har ikkje nådd økonomisk bærekraft endå, men det er eit veldrive føretak som følger internasjonale standardar, hevda Ersdal og la til at ho meiner Norfund alt har gjort mykje av det som Fivas tilrår i rapporten.
– Det er udokumentert at det er så mykje motvilje mot prosjeket som rapporten hevdar, sa ho.

Det var Wilson ueinig i, og fekk støtte frå mellom anna Mikael Bergius frå Universitetet i Ås, som sat i salen. Han har skrive ein rapport som The Oakland Institute og Greenpeace gav ut i fjor om Kilombero-plantasjen. Han refererte til at han i sine feltstudiar hadde møtt på mange som var kritiske til plantasjen og etterspurte tiltak frå Norfund for å møte denne kritikken.

Ersdal fortalde at Norfund, utover å ha sett opp klagekomitear lokalt, ikkje kom til å gjere noko med denne kritikken. Ho oppfordra heller Bergius til å få lokalbefolkninga til å ta kontakt med dei etablerte komiteane, noko Bergius svara at ikkje bør vere forskarar sitt ansvar, men heller selskapseigarar og investorar.

Treng meir infrastruktur

Professor ved VID vitenskapelige høgskole, Hans Morten Haugen, kommenterte og problemstillinga og rappporten. Han framheva nettopp kor viktig, og samtidig vanskeleg, det er med landsbruksinvesteringar i Afrika.
– Det er ikkje konflikt om at det trengst investeringar. Problemet er at land som vil ha raske løysingar på utviklingsproblem og fattigdom ikkje nødvendigvis har den infrastrukturen som trengst for å handtere store prosjekt og storskala landbruk, sa Haugen.

Nettopp det med kapasiteten til å handtere investeringar er noko av det Wilson skriv om i rapporten for Fivas, og Haugen trakk og fram anna forsking som tyder på det same.

Eg har vorte overraska over forsking som er gjort på feltet som syner kor store manglar det er i Tanzania på det rammeverket og den infrastrukturen som trengst, samtidig som det er veldig store ambisjonar for kva ein ønsker å få til.