Verdensbanken skrur tida tilbake

FivasInternasjonale aktører, Vannkraft, Verdensbanken

Tonje Folkestad

I samband med konsultasjonar som vart haldne i 2002 om den nye strategien, kom ei rekkje organisasjonar, mellom anna FIVAS, med sterk kritikk av det dåverande utkastet. Det meste av denne kritikken er gyldig også for det endelege dokumentet som no er vedteke. FIVAS sin høyringsuttale (sjå Vann og Konflikter nr. 2-02) la m.a. vekt på at dei hovudelementa strategien fokuserer på, ikkje løyser dei fattige sine problem: Privatisering av vassforsyninga, og fornya engasjement i såkalla “high risk – high reward” prosjekt – banken sin eufemisme for omstridde damprosjekt og andre store vassdragsinngrep.

Tilbake til barrikadane

Sterkt politisk press frå menneskeretts- og miljøforkjemparar på 90-talet, i prosjekt som Three Gorges, Narmada og Biobío, gjorde Verdsbanken stadig meir forsiktige med å involvere seg i betente damutbyggingar. Med den nyleg vedtekne vasstrategien under armen skal institusjonen no heve seg over kritikken; etter Banken sitt syn treng dei fattige i verda framleis megaprosjekt som store dammar og overføringskanalar mellom vassdrag. Med Bankens støtte skal ein mobilisere privat finansiering. To av dei mest omstridde damprosjekta der Verdsbanken for tida vurderer støtte, er Nam Theun 2 i Laos og Bujagali i Uganda.
Som den leiande utviklingsbanken set Verdsbanken agendaen for både andre donorar og ikkje minst styresmaktene i låntakarlanda. Dermed kan han påverke prioriteringa langt utover dei prosjekta som Verdsbanken sjølv støttar.

– Reaksjonært, uærleg og kynisk

Patrick McCully, kampanjedirektør i den amerikanske organisasjonen International Rivers Network, kallar den nye vasstrategien for reaksjonær, uærleg og kynisk.
Han meiner strategien overser trenden dei siste åra der stadig fleire har innsett at store vassdragsinngrep er sosialt og miljømessig øydeleggande, dyre, og ofte ineffektive. Den nye måten å møte vassbehova på er gjennom desentraliserte og lågteknologiske løysingar som hausting av vatn, tiltak for å heve grunnvatnet og kontroll med forbruket. At Verdsbanken går tilbake til dei store utbyggingsprosjekta, er reaksjonært, meiner McCully.
Han meiner dessutan at strategien forvrenger konklusjonar frå både Verdskommisjonen for dammar (WCD) og Verdstoppmøtet i Johannesburg, til fordel for damutbyggingar.
– Dei einaste internasjonalt anerkjende kriteria som kan brukast for å avgjere kva for nokre vasskraftutbyggingar som er “gode, reine, effektive og kostnadseffektive” er anbefalingane frå WCD. Om ikkje Banken tar i bruk desse, kan han heller ikkje støtte dei vasskraftprosjekta som Verds-toppmøtet fremma, seier McCully.
Til slutt hevdar McCully at Verdsbanken sitt svar på vassforsyningsproblemet er ein kynisk gest til dei fattige. Privatisert vassforsyning, som Banken vil engasjere seg i, er inga løysing for dei fattige på landsbygda, der dei fleste utan reint vatn bur. Grisgrendte strok er ikkje lønsame og attraktive nok for private investorar. I staden blir vassressursane landsbybefolkninga skal leve av, pumpa inn til byane. Verdsbanken har ikkje lært av dei negative erfaringane med privatisering av vassforsyninga i m.a. Bolivia, Argentina og Filippinane, meiner Patrick McCully.