Usikker framtid for Nam Theun 2

FacebookTwitter

Det var i juli ein fekk melding om at franske EDF hadde trekt seg frå Nam Theun 2. Med ein eigardel på 35% var EDF største aksjonær i utbygginga, som etter planen skal auke Laos sin kapasitet på produksjon av elektrisitet med 1070 megawatt. Prosjektet er dermed det klart største i Mekong-regionen. Størstedelen av straumen skal eksporterast til Thailand.

SN Power aktuelle?

I følgje fleire avisartiklar i thailandske aviser, har Statkraft vorte kontakta med spørsmål om å overta etter EDF i Nam Theun 2. Dette på bakgrunn av at dei allereie er involvert i regionen med ein aksjepost på 20% i Theun Hinboun Power Company (THPC), som sidan 1998 har drive kraftverket Theun Hinboun 50 km nedstrøms Nam Theun 2.
Meldingane frå Statkraft sjølve er noko forvirrande. Til Reuters uttalte konserndirektør Ragnvald Nærø nyleg at det kunne vere aktuelt for THPC å kjøpe seg inn i Nam Theun 2. Det er imidlertid SN Power som skal ta over alle Statkraft sine internasjonale prosjekt, og deira informasjonsansvarlege Trude Måseide er ikkje like klar: – For det første er det ikkje heilt klart om EDF faktisk kjem til å trekke seg, så førebels er det ikkje noko prosjekt å sjå på for oss i det heile. Det eg kan stadfeste, er berre at vi generelt er interessert i alle prosjekt i Nam Theun-vass-draget, seier Måseide til FIVAS.

Ettersom det nye prosjektet er planlagt å skulle overføre vatn frå Nam Theun-elva til eit anna vassdrag, vil produksjonen i Theun Hinboun bli redusert når kraftverket eventuelt blir sett i drift.

Omstridd prosjekt

Om det delvis norskeigde Theun Hinboun-kraftverket har møtt hard kritikk for konsekvensane det har påført bønder og fiskarar i nærmiljøet, er ikkje Nam Theun 2 mindre omstridd. Prosjektselskapet sjølv, Nam Theun 2 Hydroelectric Project (NTHP), hevdar dei på eige initiativ arbeider i samsvar med standarden til Verdas Damkommisjon (WCD). Likevel vil det vere ei enorm utfordring å få til ein open og deltakande prosess, akseptable miljøkonsekvensar og rettferdig kompensasjon og deling av gode, – og samtidig at prosjektet skal løne seg. Laos er eit kommunistisk og lite demokratisk land der befolkninga ikkje på nokon måte kan uttale seg fritt.
Demninga vil gi eit 450 kvadratkilometer stort reservoar som vil demme ned leveområda til fleire truga fugle- og pattedyrartar, og øydelegge migrasjonsruter og habitat for fisk i dei sårbare økosystema i elvane Nam Theun og Xe Bang Fai. Dessutan vil prosjektet i følgje den offisielle nettsida til Nam Theun 2 Hydroelectric Project (NTHP) føre til at 5 700 menneske må flytte, og International Rivers Network meiner at så mange som 120 000 – 130 000 menneske kan bli negativt påverka nedstrøms i vassdraget som vil ta imot vatnet frå kraftverket.
I Thailand stiller organisasjonane WWF og Terra spørsmål ved om landet i framtida faktisk vil ha behov for meir kraft eller om kraftmarknaden der vil kollapse, og samstundes ber dei om ein meir open diskusjon om den viktige kraftkjøpsavtalen mellom dei to landa.

Siste nytt: EDF International blir værende i Nam Theun 2

Det franske statsstyrte energiselskapet Electricité de France overrasket alle da det i juli erklærte at de ville trekke seg ut av NT 2, dagen før kraftkjøpsavtalen med Thailands energimyndighet (EGAT) skulle undertegnes. Nå gjør EDF International helomvending, ifølge Dow Jones Newswires (30. september). – EDF har forandret standpunkt og har bestemt seg for ikke å trekke sin investering fra Nam Theun 2-prosjektet. Den offisielle kunngjøringen er ventet innen neste uke, sier en av aksjonærene i prosjektet til Dow Jones Newswires. En annen aksjonær forteller at kraftkjøpsavtalen mellom NT 2 og EGAT dermed forventes å bli undertegnet i løpet av året. Aksjonæren legger til at prosjektet sannsynligvis vil bli satt i gang i 2009, i samsvar med den opprinnelige planen.