Sterke turistinteresser

FivasVannkraft

Tonje Folkestad

Folk i Guaigüí fryktar at turisme, som berre vil tene ei lita gruppe økonomisk sterke investorar, allereie er hovudinteressa bak Guaigüí-utbygginga. I Den dominikanske republikken er turistindustrien eitt av dei viktigaste elementa i økonomien. Og om lokalbefolkninga har rett i mistankane sine, vil flomvern og drikkevassforsyning måtte vike dersom dei kjem i konflikt med omsynet til turistane, om desse aspekta aldri så mykje var den opprinnelege ideen bak dammen.

-Folk i dalen er ikkje interesserte i å flytte for at rikingane i La Vega skal sko seg på noko slikt, seier Victor Valdez, leiaren i protestkomitéen Comité de Defensa de Guaigüí.

Stadfestar interessa

NCC sin prosjektleiar i La Vega, Svend Amland, kan stadfeste at turismeaspektet er noko den dominikanske byggherren INDRHI har kome opp med i siste fase av arbeidet med prosjektdesignen, og dette forstår ikkje Amland.

-Eit nedtappa magasin, slik ein vil trenge før syklonsesongen for å ha kapasitet til å ta imot dei enorme nedbørmengdene, er ikkje akkurat eit vakkert syn. Det veit de jo frå den norske fjellheimen, seier han då han i november guidar FIVAS sine utsende til staden der byggearbeidet nesten er klart til å starte.
-Dette vakre området eignar seg mykje betre for turisme no enn det vil gjere etter at dammen er bygd, held han fram. Det må vi berre seie oss samde i. Personleg ville vi mykje heller tilbringe ferien i dei idylliske omgjevnadene som eksisterer i dag, enn ved eit kjedeleg oppdemt basseng. Det oppsiktsvekkande er at Amland også kan fortelje at INDRHI i prosessen har ymta frampå om å senke krava til flaumdemping dersom det er slik at desse vil gå utover turismepotensialet.
Direktør Silvio Carrasco i INDRHI framstiller turisme som eit positivt biprodukt av dammen då FIVAS møter han i november. -Det er klare indikasjonar på at dammen vil fremje turismen i området, seier han. -Då vil området fungere som eit supplement til Jarabacoa. Jarabacoa er eit område like ved som i Den dominikanske republikken er høgt profilert på ulike former for aktivitets- og økoturisme.

NCC heime i Noreg og Statkraft Grøner er tydelegvis ikkje like innforstått med dominikanarane sitt ønskje om å utvikle ei turistnæring rundt det planlagde magasinet. Dei ristar litt overberande på hovudet over antydningane. Men at det vil skape fleire potensielle brukskonflikter dersom endå eit hensyn skal takast når anlegget blir sett i drift, går dei med på. -I eit fleirbruksprosjekt ligg det alltid potensielle brukskonflikter. Dette er eit problem ein får løyse ta når det evt oppstår, seier Jan Petter Magnell i Statkraft Grøner.

Med postkassa full av skjegg

Om Prosjekt Turisme blir ein flopp, kan folk lett bli sitjande med skjegget i postkassa. Fundeser, selskapet som har kontrakt på å gjennomføre tvangsflyttinga av folk, signaliserer nemleg at følgjande tiltak blir sentrale i næringslivet som folk no skal basere liva sine på i Guaigüí: Skjønnhetspleie, manikyr, kokkekunst…

Først tar dei altså frå folk jorda og satsar på turisme. Så skal dei same menneska lære å file og lakke neglene til rike inn- eller utlendingar i staden for jordbruket dei har drive med før (eg tullar ikkje, opplæring i manikyr var eit seriøst forslag frå Fundeser, eitt av selskapa som er med på rehabiliteringsplanlegginga). Faren er at folk om få år etter blir sitjande utan jord og utan negler å stelle. Alternativt blomstrar turismen, på bekostning av både befolkninga i Guaigüí og flomvernet i La Vega. Spørst om det vil følast noko betre…