Statkraft i utlandet: Kven sin risiko?

FivasMekong, Vannkraft

Tonje Folkestad

Aftenposten sine økonomisider melder i hovudoppslaget 21. desember at Statkraft vil gjere milliardinvesteringar i vasskraft i land som India, Brasil, Peru, Argentina og Chile, og kommentator Johnny Gimmestad er redd for at norske forbrukarar skal ende opp med å betale høgare straumprisar for å dekke eventuelle mislukka satsingar i desse til dels urolege områda av verda.Ein er seg sjølv nærast. Den største faren ved Statkraft si satsing i utviklingsland er ikkje verknadene for dei stakkars norske forbrukarane. Den største faren er verknadene for dei som lever i områda rundt kraftverka. Statkraft eig i dag 20% av vasskraftverket Theun-Hinboun i Laos, noko som ifølgje siste årsrapport gav selskapet 3,2 millionar dollar i avkastning berre i 2000. Etter nesten fire års kraftproduksjon, ventar likevel 3000 familiar framleis på varige erstatningsløysingar for fiske, jordbruk og drikkevatn som gjekk tapt då elva vart regulert og omdirigert. Dette vart sist veke stadfesta av NTB, som nyleg besøkte området. Internasjonale konsulentar har brukt år og millionar på å kome fram til ein ti års kompensasjonsplan.

Kvifor var ikkje dette på plass før kraftverket vart bygd?

Statkraft melder at dei vil bruke erfaringane frå sine investeringar i Laos og Nepal som mønster for den vidare storsatsinga i utviklingsland. Betyr dette at dei framleis vil la fattige, men sjølvbergande bønder oppleve akutte kriser i matforsyninga og årelange erstatningsprosessar etter Statkraft sine investeringsrunder?

Frå Statkraft si side har ikkje FIVAS høyrt andre signal enn at Theun-Hinboun framleis blir sett på som “miljømessig vellukka”. Dette viser at bedrifta ikkje evnar, eller er interessert i, å ta inn over seg dei fulle verknadene av eiga verksemd i samfunn der det ikkje står eit system parat til å jamne ut den sosiale skeivfordelinga av negative miljøeffektar.

Det er dessverre ei generell erfaring ved vasskraftutbyggingar i utviklingsland, ikkje minst i India, Brasil og Chile, at lokale skadeverknader må berast av den allereie fattige befolkninga på landsbygda, medan fordelane kjem dei til del som kan betale for det. Slik blir gapet mellom fattige og rike endå større. Ein må kunne forlange at Statkraft, som investor i utviklingsland, tar ansvar ikkje berre for å hente ut gevinsten av kraftverka, men også for at ingen kjem fattigare ut etter kraftutbygginga.