Oppdatering på Merowe/Hamadab

FivasSør-Sudan, Vannkraft

Jostein Berger Meisdalen

Merowe Hamadab dammen ligg på Nilen og vil mellom anna bestå av ein 173 km lang dam og eit kraftverk på 1250 MW. Om lag 50 000 menneske vil måtte flytte på grunn av reservoaret. 10 000 av desse er allereie flytta til erstatningsområdet Multaga i ørkenen.

Rapporten peikar både på dei store miljømessige problema eit så stort reservoar vil ha, men og på kor mangelfulle beslutningsprosessane ikring prosjektet har vore. Mellom anna har konsekvensutgreiinga vorte kritisert for å være mangelfullt gjennomført, men og dei tiltaka som var foreslege i utgreiinga har ikkje vorte iverksett. Den 28. April sendte organisasjonane kopiar av rapporten til Lahmeyer International, Alstom og ABB som alle har store kontraktar i prosjektet. Der ba dei selskapa bruke sin innverknad til å gjere med dei sosiale og miljømessige problema med prosjektet. Og inntil vidare stanse arbeidet.

Lahmeyer og ABB legg vekt på at dei har ei avgrensa rolle i prosjektet som er reint teknisk, og at dei difor ikkje har noko med kva Sudanske styresmakter gjer. Dei syner og til at dei ikkje kan diskutere dette med tredje part fordi kontrakta deira ikkje tillet dette. Både partar lovar jamvel å ta problema som er avdekka i rapporten opp med styresmaktene og freiste å komme fram til ordningar. Alstom som leverer turbinar for 250 millionar dollar har ikkje svara på brevet frå organisasjonane.

Prosjektet er finansiert gjennom Kinas Export-Import bank, den sudanske regjeringa, samt ein del arabiske finansieringsinstitusjonar. Den kinesiske banken har enno ikkje svara offisielt på rapporten. Vestlege bankar hevder at dei ikkje er med å garantere for prosjektet. Dette fordi den kinesiske banken har måtte skrive under på at dei ikkje vill nytte garantiane den har fått til å finansiere prosjekt som ligg i land underlagt amerikanske sanksjonar.

I Sudan har rapporten og vekt ei viss interesse, men prosjektleiinga har enno ikkje svara formelt på spørsmåla. Kjelder i dei Sudanske styresmaktene seier derimot at søkelyset som har vorte retta mot prosjektet, har ført til at Miljøverndepartementet no har fått i oppdrag å studere konsekvensutgreiinga, i følgje Sudansk lov skal departementet gå igjennom og godkjenne konsekvensutgreiinga før prosjektet kan bli godkjent, det har ikkje hendt enno i denne saka.

Samstundes er det ingenting som tyder på at forholda har vorte betre for den råka lokalbefolkninga. Flyttinga til erstatningsområdet er no gjennomført og det rapporterast om bestikkingar og press. Ein komité frå den råka lokalbefolkninga vart fortalt at om dei godtek prosjektleiingas plan for omplassering, så ville ministeren for energi gå inn for at medlemmane av komiteen som vart arrestert i desember 2004 bli sette fri. Det tyder på at desse fangane blir haldne som gislar for å stilne kritikken.