Om å bere staur

FivasNorsk bistand, Norske aktører, Vannkraft

Tonje Folkestad

Dei to vasskraftprosjekta er plasserte i svært ulike geografiske omgjevnader, og er i ulike prosjektfaser. Dei har likevel det til felles at norske entreprenørar, hhv. Veidekke og NCC, har sikra seg milliardkontrakter og no ventar spent på – og jobbar hardt for å få – klarsignal til å stikke spaden i jorda. I begge tilfella er difor Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) bedne om å bidra med finansiering.

Bujagali og Sawalkote er norsk eksportpolitikk – eksport av teknologi, tenester og kompetanse som har dårlege tider her i landet. I India vart dette særleg uttrykt ved at den norske statsministeren – som altså erklærte tida for store vasskraftutbyggingar i Norge for over – fann kontrakta viktig nok til å bruke tid under eit statsbesøk til å vere til stades ved signeringa.

Men dei to prosjekta er også utviklingspolitikk; dei har ein påverknad på utviklinga av dei to landa dei er planlagde i. Norsk utviklingspolitikk er ikkje berre dei reine utviklingstiltaka Norge står bak, men også verknadene av all annan norsk utanrikspolitikk. Eller er det ei urimeleg slutning?

Tidlegare måtte GIEK innhente vurdering frå NORAD som fagmyndigheit på utvikling, av korvidt store prosjekt som hadde søkt om eksportstøtte, var utviklingsfremjande. Regelen var enno gyldig då Bujagali-prosjektet kom på bordet her i landet, og NORAD gav i fjor ei førebels positiv tilbakemelding til GIEK (men klarte ikkje på spørsmål frå FIVAS å spesifisere kvifor).

No når miljøkonsekvensanalysen er ferdig, skal den endelege vurderinga takast i NORAD. Det er mange forhold dei bør ta i betraktning: Sjølv om lokalbefolkninga i utgangspunktet er positive til kraftverket, er dei frustrerte og sinte over måten dei har vorte behandla på av utbyggarselskapet AES Nilepower. Viktige tema som fiske er praktisk talt ikkje omtalt i konsekvensutgreiinga. “Alle” veit at det ligg korrupsjon bak valet av Bujagali framfor andre alternativ – og ikkje minst: Det er seriøs grunn til å trekke i tvil om Uganda klarer å selje vidare den krafta dei har forplikta seg til å kjøpe frå kraftverket. Det kan bety ei endå større gjeldsbyrde på landet, som er omfatta av Verdsbanken sitt HIPC-initiativ for handtering av gjeld. Det legg neppe grunnlaget for å utjamne skilnadene mellom fattig og rik i Uganda.

Fattigdomsreduksjon er (og bør vere!) det gjeldande mantraet i norsk utviklingspolitikk. Korrupsjon skal bekjempast både i Norad og i GIEK. Korleis vil det då ta seg ut om ein av handelspolitiske omsyn vedtar støtte til eit korrupsjonsbefengt prosjekt med altfor dyr kraft for dei fattige, og som i tillegg aukar ugandisk utanlandsgjeld?

Frå i år treng ikkje GIEK lenger rådføre seg med NORAD om utviklingsverknadene av norske eksportprosjekt. Vurderinga skal takast av GIEK sjølve, utan at institusjonen har særskild kompetanse på slike spørsmål. GIEK har som målsetjing “å fremme norsk eksport av varer og tjenester og norske investeringer i utlandet”. Men er dei i stand til å vurdere om føresetnadene i prosjekt som Sawalkote er til stades for at den auka straumforsyninga ikkje fører til auka skilnader mellom fattig og rik? At prosjektet ikkje fører til fattigdom?

Med ei ytterlegare svekking av den utviklingsfaglege vurderinga av norske eksportprosjekt, trur eg at ein risikerer å bli ståande med armane fulle av utanrikspolitiske “staur”; mål som sprikar i alle retningar, der ingen har – eller tar – ansvaret for å halde dei samla så ein kan gå framover.