Veidekke ut av Bujagali

FivasUganda, Vannkraft

Tonje Folkestad

Det var i 2000 at Veidekke ASA, i spissen for eit konsortium på fem bedrifter frå Norge, Sverige og Sveits, skreiv under på ei kontrakt med det amerikanske energiselskapet AES, til ein verdi av om lag 1 milliard kroner etter dåverande dollarkurs. Men på grunn av lang dragkamp om finansieringa av prosjektet, hadde bygginga enno ikkje starta i 2002, då kontrakten gjekk ut. I tillegg kom korrupsjonsskuldingane mot Veidekke sitt dotterselskap Nor-icil, som framleis er under etterforsking hos Økokrim. I staden for å reforhandle kontrakten, har det private amerikanske energiselskapet AES valt å legge ut entreprenøroppdraga på nytt internasjonalt anbod.

Endra føresetnader

– Våre føresetnader for å delta i prosjektet er heilt annleis no, blant anna er dollarkursen heilt endra, seier Kai Krüger-Henriksen, informasjonsdirektør i Veidekke, til Vann og Konflikter. Den sterke norske krona har gjort det mykje mindre attraktivt for norske selskap å inngå kontraktar i dollar.
– I tillegg har vi sidan denne kontrakten vart inngått, vedteke å satse på heimemarknaden og ikkje lenger ta oppdrag utanfor Skandinavia.
Krüger-Henriksen seier at Veidekke ikkje har vurdert dei mange påstandane som har kome fram om at Bujagali er overprisa og altfor dyrt for Uganda.
– Men erfaringa vi har gjort oss er ei stadfesting på kor lang tid og kor mykje ressursar slike operasjonar krev, seier han.

For Veidekke har Bujagali vorte eit tapsprosjekt. Hausten 2002 vart det føreteke ei nedskriving på 25 millionar kroner på Veidekke sin del av prosjektet, for allereie utført arbeid som selskapet ikkje lenger rekna med å få godtgjort frå byggherren AES. I tillegg har selskapet tapt 10 millionar i omstillingskostnader, fordi dei har bestemt seg for ikkje lenger å satse utanfor Skandinavia. Krüger-Henriksen håpar likevel at Veidekke vil få verdiar ut av den designen som konsortiet har utvikla for demninga i Bujagali.

Nye forhandlingar

Det er førebels usikkert om også kontraktane på utstyrsleveransar vil bli lagt ut for nye anbod. Inntil vidare beheld dermed dei norske leverandørane i GE Energy, Alstom Power og ABB Distribusjon AS kontraktane sine. Dersom Veidekke no trekkjer seg, vil selskapa venteleg måtte gjennom ein heilt ny søknadsrunde hos Garanti-Instituttet for Eksportkreditt.

I tillegg til desse endringane i Bujagali, ønskjer no ugandiske styresmakter at AES skal senke høgda på demninga og revurdere økonomien i prosjektet. Den ugandiske energiministeren Syda Bumba har i følgje nyheitstenesta Africa Energy Intelligence 4. juni, også bede om reforhandling av kraftkjøpsavtalen som fastset kor mykje straum Uganda forpliktar seg til å kjøpe frå kraftverket dei neste 30 åra.