Norge må vere med på reparasjonar til mapuchane

FivasChile, Vannkraft

Tonje Folkestad

Imilmaqui gir ikkje Norge mykje ære for sitt engasjement i Pangue, som NORAD altså var med på å støtte, slik at Kværner fekk levere turbinar til kraftverket.

– Korleis kunne ein argumentere med forsikringar frå ein avtroppande president?, spør ho. Ho slår fast at Pangue som det første byggetrinnet opna for omfattande utbyggingar av Bio-Bío, og at dette for lengst har sett heile mapuchekulturen i fare.

På spørsmål om kva norske styresmakter kan gjere for å bøte på skadene ein har vore med på å forårsake i Chile, svarer Sara:

-Det er viktig at dei som har vore med på dette, beklagar overfor mapuchane. Men det er nødvendig med meir enn ein beklagelse. Ein må også finne ein måte å reparere skaden på. Akkurat no er det ferdigstillinga av Ralco det står om, der det er spanske midlar som er avgjerande. Norge kan presse på Spania for å få dei til å ta ansvar.

Tidlegare president Frey ønskte aldri å møte kvinnene i Mapu Domuche Newén, men noverande president Lagos har teke imot dei fleire gongar.

– Det kjem ikkje noko ut av desse møta likevel, seier Sara.

-Vår argumentasjon lyder altfor romantisk for regjeringa. Dei framstiller det som ei sak om sju familiar som stoppar utviklinga til ein heil nasjon. Men dette handlar om mykje meir. Heile mapuche-kulturen står på spel. Mapuche-folket er noko vi forsvarar av omsyn til alle chilenarar.

Det einaste dei protesterande mapuchane vil, er å leve i balanse med naturen. Naturen er ikkje noko som lar seg kontrollere, har dei erfart. Seinast i år vaska kraftig regn med seg 15 meter av demninga som er under bygging på Ralco, samt maskiner og anna utstyr. Skogen fekk også store skader av regnet.

Sara meiner regjeringa aldri vil forstå mapuchane sin tankegang. For politikarane er vatn og skogar reine forretningar; alt blir redusert til pengar. Dette er noko ein ser i alle utviklingsprosjekt, meiner ho.

– Vi er ikkje imot utvikling. Men vi er imot den forma utviklinga får, seier Sara.

– Kvar gong det skal byggast ein veg eller dam eller det skal takast ut skog, går det utover indianarane, men vi blir aldri konsultert

Ho meiner dei no er nøydde å søke støtte og solidaritet i andre land. Under besøket i Norge har ho møtt Ragnhild Nystad, visepresident i Sametinget. Ho har også møtt svenske grupper av mapucheindianarar som driv aktivt solidaritetsarbeid med dei som er råka i Bio-Bio.

Nystad har i solidaritet med mapuche-indianarane lovt å ta opp saka i Sametinget. Ho vil at dei skal skrive brev til statsministeren og presse på for å redde dei siste restane av mapuche-kulturen. FIVAS vil no ta kontakt med Sametinget for eit samarbeid.