Norconsult involvert i tvangsflytting av urfolk i Sarawak

FivasMalaysia, Vannkraft

Tora Systad Tyssen

Då Bakun-dammen i 2011 stod ferdigbygd i Sarawak, etter mange tiår med forsinkelsar, hadde den ført til store øydeleggingar for lokalbefolkninga. Utbygginga, som skal kunne produsere inntil 2400 MW, har ført til tvangsflytting av 10 000 urfolk og har lagt beslag på 700 kvadratkilometer med skog og jordbruksland i den malaysiske delstaten. Når den malaysiske regjeringa no held fram dei storstilte damprosjekta sine er det under norsk leiing og i samarbeid med norske selskap.

Samarbeid med Norconsult

For når det no er planar om bygging av inntil tjue nye dammar innan 2020 er det Sarawak Energy Berhad, som har norske Torstein Dale Sjøtveit som administrerande direktør, som har fått oppdraget. I tillegg har Sarawak Energy Berhad nyleg underskrive ei rekke kontraktar med NorPower, eit underselskap av Norconsult, for samarbeid om utviklinga av det såkalla Sarawak Corridor for Renewable Energy (SCORE). SCORE har som formål å bygge ut damprosjekt i Sarawak med installert kapasitet på tilsammen 20 000 MW.

Ein av hovudgrunnane til at Bakun-utbyggjinga har vore kritisert er dei store inntektene selskap tilhøyrande den nære familien til Abdul Taib Mahmoud, øvste politiske leiar i Sarawak, har tent på den. Transparency International har kalla utbyggjinga for eit «korrupsjonsmonument». Og Sarawak Energy Berhad ser og ut til å tene på nære slektskap til Mahmoud. Styreleiaren i selskapet er Hamed Sepawi, fetteren hans. Sepawi har interesser i minst 84 ulike selskap i Malaysia og er mellom anna direktør i Ta Ann, eit selskap som driv hogging av urskog i Tasmania og som har fått tillatelse til utbyggjing av 675 000 hektar plantasjer utan offentleg anbudsrunde.

Brot på menneskerettane

Murum-dammen er den første utbygginga Sarawak Energy Berhad har sett i gong. Den er nesten ferdigbygd og vil føre til fortrenging av 1500 urfolk frå sine opphavelege områder. Sarawak Energy Berhad sette ikkje i gong konsekvensutreiing for miljø og sosial innverknad før etter at arbeidet med dammen var igongsett, og rapporten som til slutt kom er ikkje gjort offentleg tilgjengeleg.

Prosjektet har ført til ei rekke brot på urfolk sine menneskerettar. Dei har måtte forhandle om kompensasjon og prinsipp for deira tvangsflytting utan tilstrekkeleg informasjon om kva innverknad dammen vil ha og utan uavhengig juridisk og teknisk bistand.

International Hydropower Association, som nettopp haldt sin årskongress i Sarawak, trekk trass i desse brota på urfolksrettar og anerkjent internasjonal praksis utbygginga frem som eit eksempel til etterfølgjing.

Sende brev til kong Harald

No er det Baram-dammen som er neste post på programmet for Sarawak Energy Berhad i samarbeid med Norconsult. Prosjektet vil tvangsflytte 20 000 urfolk og oversvømme eit område på 388 kvadratkilometer. Baram-dammen er ikkje formelt godkjent av sarawiske myndigheiter, heller ikkje er ei konsekvensutreiing for miljø og sosial innverknad ferdiggjort. Bygging av vegar opp til damområdet er riktignok sett i gong.

Medlemmer av Penan-stammen som no står i fare for miste jorda si skreiv i mai eit brev til kong Harald i håp om at han kunne hjelpe dei i kampen mot Dale Sjøtveit og Sarawak Energy Berhad. Dei oppfordra kong Harald til å komme på besøk til deira landsbyar for å sjå områda som vil hamne under vatn om Baram-utbyggjinga held fram.

I brevet skreiv dei mellom anna at dei vender seg til kongen i desperasjon fordi «ein av dine undersåttar frå Norge skapar store problem for oss». Vidare skriv dei at: Vårt livsgrunnlag er truga fordi Sarawak Energy, eit selskap som leiast av nordmannen Torstein Dale Sjøtveit, planlegg å legge regnskogen vår og landsbyane våre under vatn ved hjelp av ein gigantisk dam. Den kallast Baram, og er oppkalla etter den mektige elva og livskjelda vår, som er den nest største i Sarawak. Som konge av Noreg ber vi deg kalle heim undersåtten din Torstein Dale Sjøtveit. Om han ønskjer å byggje hydroelektriske dammar, så lat han gjere det i Noreg eller kor som helst kor han er velkomen. Han har ingen rett til å kome frå Noreg til Sarawak og øydelegge regnskogane våre».

Dale Sjøtveit fekk brevet vidaresendt frå Dagbladet. Til avisa svara han at dei som protesterte ikkje nødvendigvis er representative for dei 7000-8000 menneskja som bur i dei råka områda.