Merowe/Hamadab dammen

FivasSør-Sudan, Vannkraft

Jostein Berger Meisdalen

Ifølgje Konsekvensutgreinga skal dammen og nyttast til irrigasjon, men sudanske styresmakter gjer ulike svar på spørsmål om dette. Men for å produsere så mykje kraft, må dammen verte stor. Merowe/Hamadab dammen vert 67 meter høg, reservoaret vert 174 km langt (konsekvensutgreinga seier at reservoaret vert over 200 km langt) og kjem til å dekke eit areal på 476m2. Ikring 50 000 menneske må flytte. Prosjektet skal ferdigstillast mellom 2007 og 2009

Dammen vert finansiert av kinesiske Export-import bank og ei rekkje finansinstitusjonar i Mellom-Austen, blant anna Abu Dhabi devlopment fund og The Saudi devlopment fund. Sjølve bygginga av dammen vert gjort av kinesiske selskap, men og Tyske Lahmeyer, franske Alstom og Sveitsiske ABB er involvert. Lahmeyer samarbeider elles med Norske Norplan og Norconsult i Etiopia

Ministaren for Humanitære saker i Sudan Ibrahim Mahmud Hamid seier: ”Eg trur dette er eit av dei best organiserte prosjekta, med dei best organiserte tiltaka for dei som er råka av prosjektet.” Han seier og om erstatningsområdet for den råka lokalbefolkninga som lyt flytte: ”Eg har vore der, og sett heimane deira. Dei har skikkelege hus, dei har skikkelege fasilitetar, dei har skikkelege gardar, dei har alt. Det er til og med betre enn dei gamle landsbyane deira. Dei har fått ein skikkeleg erstatning.” Vidare fortel han: Eg har vore er, og dei byggjer no ein flyplass, bruer, vegar, altmogleg. Heile området er i ferd med å flytte. Omkring to milliardar dollar vil bli brukt i området og vil gjere det levande.”

International Rivers Network og britiske Corner House har laga ein rapport som ikkje teiknar eit like rosenraudt bilete. Sjølve dammen vil ha store miljømessige verknader på omgjevnadane. Dei peikar blant anna på at dammen er utsett for massiv sedimentasjon grunna erosjon i Etiopia, det store reservoaret vil gje massiv fordamping, reservoaret vil være utsett for invasjon av vasshyazintar, dammen vil gje store variasjonar på vassføringa nedstraums noko som vil påverke jordbruket. Dammen vil leggje under vatn store områder som er rike på oldtidsfunn, desse har ikkje vorte registrert på ein god måte.

Prosessen ikring utbyggiga har vore mangelfull. Konsekvensutgreinga vart utsett og minska, den endeleg utgåva var overflatisk og uferdig. Den er utarbeid av Lahmeyer som sjølv har store interesser i at dammen vert bygd. Dei råka lokalsamfunna har gjennom heile prosessen vorte sett på sidelinja. Styringa av prosjektet har vorte sett bort til the merowe dam implementation unit, dei har interesse i å gjere kostnadar ved erstatning og flytting så små som mogleg. Dei har ikkje vore villige til å gjennomføre verklege forhandlingar med lokalbefolkninga.

Omlag 10 000 menneske har til no vorte flytta til El Multaqa som er eit område avsett som erstatning for dei områda som går tapt. El Multaqa ligg i ørkenen, og sjølv med irrigasjon kan det ikkje erstatte den fruktbare jorda i Nildalen. Det er ikkje mogleg å produsere noko som kan seljast på marknadene. Og omplasserte misser moglegheiter til å skape seg eit utkomme. Dreneringskanalane som var anbefalt i konsekvensutgreiinga har ikkje vorte bygd, noko som aukar faren for forsalting over tid. Dei som flytta vart også lova gratis vatn, gjødsel og straum i to år, dette har ikkje skjedd enno. I følgje ministeren vill dette komme seinare.

I april vart Sudan lova US$4,5 milliardar for å støtte gjennoppbygging på den internasjonale givarlands konferansen i Oslo. Forfattarane meiner at givarland må syte for at dei nye utviklingsprosjekta i landet tener flest mogleg og at rettane til råka lokalsamfunn og miljøet vert sikra. Dei anbefaler at prosjektet vert supandert til ein har tatt tak i dei alvorlege problema med dette prosjektet.