Lanserer planar om kraftverk på Okavango River

FivasVannkraft

Tonje Folkestad

Elvekraftverket som det no blir gjort framlegg om, vil gje 20-30 MW til Western Caprivi-regionen, til ein kostnad på 300 millionar dollar. Ideen tek utgangspunkt i ein ressursstudie som er lagt fram av NVE, og som no blir vurdert i Namibia. Når det gjeld vasskraft, er denne studien i stor grad ei oppdatering av 20 år gamle planar. Med støtte frå NORAD driv NVE eit institusjonssamarbeid med namibiske styresmakter, eit prosjekt som har omfatta arbeid overfor både forvaltning, lovverk, elektrisitetsproduksjon og distribusjon.

FIVAS har snakka med Torodd Jensen i NVE, som kjenner godt til arbeidet i Namibia. Føremålet med det nye anlegget er i følgje han å styrke den regionale kraftproduksjonen, og å stabilisere kraftlinja frå Rundu til Divundu. Dette er ei strekning på 500 km med svært låg belastning. I tillegg vil kraftverket gjere det mogleg å bygge ei billeg og stabil linje mellom Rundu og Katima Mulilo, ein by ved Zambezi på grensa mot Zambia.

Styrkinga er ein del av strategien for å gjere regionen mindre avhengig av tilført kraft, og for å utvikle jordbrukssektoren i regionen. I ein kommentar til den namibiske avisa Windhoek Observer seier energiminister Nyamu at prosjektet framleis er heilt i startgropa, og at ein ikkje har teke ei avgjerd om å utvikle planane vidare. Det er elektrisitetsselskapet NamPower som har fått oppdraget med å utarbeide ein pre-feasibility-studie.Det alternativet som verkar mest sannsynleg, er å bygge ein inntaksdam 2 km oppstraums Popa Falls. Jensen i NVE seier at kraftverket vil vere 100 prosent uregulert, det vil seie at vatn ikkje vil verte halde tilbake meir enn nokre timar. Windhoek Observer rapporterer at dammen vil bli seks meter djup og 930 meter lang, og permanent vil demme ned eit område på 1,4 km2. Avisa melder òg at inntakskanalen, såvel som tilførselsvegen, vil gå gjennom “vakker, subtropisk skog”. Det blir vidare referert frå eit møte mellom energiministeren og lokalbefolkninga, der det kom fram at 75 hytter,15 hus og fire campingplassar for turistar vil bli råka av utbygginga. Ressursstudien estimerer at kompensasjonskostnadene vil bli 8-9 millionar dollar, melder den namibiske avisa.

Ifølgje NVE sin ressursstudie vil oppdemminga berre medføre ubetydeleg reduksjon i vassføringa inn mot det økologisk viktige Okavango-deltaet. I ein kommentar meiner Steve Rothert i IRN (International Rivers Network) at prosjektet likevel kan ha ei stor negativ betydning for deltaet, fordi sjølv ei lita oppdemming vil medføre at store sedimentmengder kan verte avsett i demninga i staden for å bli ført heilt fram til deltaet. Rothert fryktar at dynamikken i deltaet kan bli forstyrra, og dermed mange av dei viktige økologiske funksjonane det har. I tillegg meiner han nivå og fordeling av flaumar kan bli forverra, noko som vil kunne skape spenningar mellom Namibia og Botswana.

Området der kraftverket er foreslått, er eit viktig turistområde, og dette er ei anna viktig innvending IRN har mot planane. Jakt og fiske gir grunnlag for turistinntekter gjennom fleire turistverksemder ved elva. Opplevingsverdien av naturen er stor, med både elvemiljøet, elefantar og flodhestar, som lokkar turistar. Ifølgje Windhoek Observer har turisme utgjort hovudinntektskjelda til ein Barakwena-landsby i nærleiken, sjølv om inntektene har gått ned etter uro i grenseområda mot Angola. Turistinntektene byggjer på elva og elvemiljøet til fiske og rekreasjon, og nokre av verksemdene har konsesjon på jakt. Området er del av viltreservatet Caprivi Game Reserve, som er foreslått som nasjonalpark av miljøvern- og turismestyresmakter. Imke Hoogenhout, seniordirektør i NamPower, uttalar til Windhoek Observer at Popa Falls er eit sårbart turistområde, og at ein difor ikkje vil gjere noko som skader denne staden. Korleis ein kan løyse dette, bør likevel utgreiast, ettersom ein som kjent treng ein viss høgdeforskjell for å produsere vasskraft, og at slike høgdeforskjellar er lettast å skape rundt naturlege fossar.

Okavango er eit fleirnasjonalt vassdrag, og institusjonen OKACOM, Okavango River Commission, der Namibia, Botswana og Angola er medlemer, vil difor diskutere planane på sitt neste møte. Dei tre landa må vere samde om planane før dei kan setjast ut i livet.

Etterspurnaden etter elektrisitet i Namibia er i dag omlag 350 MW, og ifølgje NVE reknar ein med at dette vil stige til 1200 MW dersom ei rekkje planlagde gruveprosjekt blir realiserte. Det eksisterer fleire store planar for utbygging, mellom anna det kontroversielle vasskraftverket på Epupa, eit prosjekt FIVAS har engasjert seg sterkt i. Ein har ikkje starta utbygginga av dette kraftverket enno, og både i NORAD og NVE er oppfatninga at prosjektet no er heilt i det blå, mellom anna på grunn av usemje med Angola. For å setje i gang Epupa-utbygginga må Namibia og Angola først bli samde om fordeling av eigarskap og utgifter.

Namibia har også planar om å bygge ut gassfeltet Kudu, som ligg på sokkelen utanfor sørvest-kysten av landet. Eit kraftverk på land vil kunne produsere 300-700 MW, men denne utbygginga kviler på at ein oppnår eksportavtalar med Sør-Afrika. Det store nabolandet har imidlertid fleire bein å stå på, og det er difor svært usikkert om Kudu-prosjektet kan realiserast i nær framtid.