Kina – bakgrunnsartikkel

FivasKina, Vannkraft

Kina har eit enormt vasskraftpotensiale. Den raske økonomiske veksten og ein meir open økonomisk politikk har gjort mange av vasskraftprosjekta svært interessante for norske og internasjonale selskap. Samtidig har diverre mange av prosjekta store negative miljøkonsekvensar og fører til at hundretusen av menneske må flytte.

I 2008 var gigantprosjektet Tre kløfter ferdigutbygd på Yangtze-elva. Den 185 meter høge dammen vart bygd på tvers av Kinas største elv og er med den installerte kapasiteten på 18 200 megawatt det vasskraftverket med størst kapasitet i verda. Vassmagasinet til Tre kløfter strekk seg 66 mil oppstrøms i elva, og førte til tvangsflytting av 1,3 millionar menneske. Det er den største tvangsflyttinga av menneske i verdshistorie i forbindelse med eit utviklingsprosjekt. Over 1000 ulike byar og landsbyar vart lagt under vatn.

Kompensasjonen den tvangsflytta befolkninga vart lova av myndigheitene haldt ikkje mål. Bønder fekk tildelt jordområde som ikkje var dyrkbar og mange hamna i stor gjeld. Befolkninga som vert berørt av damutbygging i Kina har diverre lite høve til å kritisere eller protestere mot prosjekta. Kina er ofte avhengig av utanlandsk teknologi eller finasiering for å gjennomføre dei store vasskraftprosjekta sine. Fivas meiner at norske og internasjonale bedrifter som deltek i utbyggingane må haldast ansvarlige for konsekvensane prosjekta har for menneske og miljø.