Kambodsja kan miste ein tredjedel av fisken

Tora Systad Tyssen

Fram til år 2030 er det forventa at folketalet i Kambodsja nær vil doble seg. Ein folkevekst på 43 prosent, eller tjue millionar personar, gjev store utfordringar når mattryggleiken i landet skal sikrast. To store damprosjekt planlagd på Mekong-elva gjer utfordringa endå større.
Ein studie utført av Inland Fisheries Research and Development Institute i samarbeid med det danske utviklingsfondet, WWF og Oxfam Australia syner at kambodsjanarar i dag er avhengig av fisk for ein femtedel av næringsinntaket deira. Studien, som er gjennomført med intervju av 1200 hushald over heile landet, syner og at fisk og anna sjømat utgjer kjelda til omlag ein tredjedel av proteininntaket i landet.

Ein tredjedel av fisken kan forsvinne

Fiskemat utgjer omlag 18 prosent av kosthaldet og det årlege fiskekonsumet er kring 63 kilo per person årleg. Innlandsfisk, mellom anna frå Mekong-elva, utgjer to tredjedelar av dette.

Den forventa folkeveksten på 20 millionar innbyggjarar innan 2030 gjer ifølgje studien at kvar innbyggjar årleg vil ha 19 kilo mindre fisk årleg å ete i snitt. Det gjer at desse ressursane må handterast fornuftig og studien har sett på kva innverknad damutbyggingar på Mekong-elva vil ha på fiskeforsyninga til kambodsjanerane framover. Meir spesfikt analyserar den verknadane dei to foreslåtte damprosjekta Stung Treng og Sambor kan ha på fiskegyting, fiskemigrasjon, mattryggleik og ernæring i landet.

Studien anslår at bygginga av Stung Treng-dammen aleine vil kutte tilgongen på sjømat frå Mekong-elva med mellom seks og 24 prosent innan 2030, medan Sambor-dammen vil kutte tilgongen med mellom 16 og 31 prosent. Totalt sett betyr dette at fisketilgongen for kambodsjanerane kan verte kutta med mellom seks og 34 prosent dersom dammane vert bygd ut. Dette kjem i tilegg til den nedgongen som folkeveksten vil føre med seg.
Blant områda som vil råkast er Tonle Sap, eit våtmarksområde som er tilknytta Mekong-elva som veks til ein stor innsjø kvart år under regntida. Tonle Sap er i denne tida ein veldig viktig gytestad for fisk. For sterk regulering av vasstilførselen i Mekong gjennom damprosjekt kan gjere at sjøen vert mindre og det vert mindre fiskegyting i området. Tonle Sap gjev og nødvendig fruktbar jord til risplanting i Kambodsja.

Negative verknadar frå Laos

I tillegg til dei kambodsjanske damprosjekta på Mekong-elva som studien har sett på er det fleire vasskraftsprosjekt i nabolanda som og kan påverke tilgongen på sjømat. Xayaburi og Don Sahong i Laos, altså oppstrøms for Kambodsja på Mekong-elva, er begge forbi planleggingsstadiet og er frykta å ha stor påverknad på fiskebestanden i Kambodsja. Førstnemnde prosjekt er påbegynt, medan førebuande byggearbeid er i gong ved Don Sahong.

Ein slik nedgong i tilgong i fisk og sjømat vil ifølgje forskarane bak studien sterkt påverke ernæringa og mattryggleiken i landet. Færre kambodsjanarar vil kunne få i seg dei nødvendige næringsstoffa dei treng kvar dag. Særleg gjeld dette dei innbyggjarane som bur i meir rurale strøk i landet. Å leggje om til eit kosthald basert på fjærkre og storfekjøtt vil vere dyrare enn dagens bruk av fisk og vil ikkje kunne fullt ut erstatte proteintapet.

Ein av anbefalingane forskarane kjem med i studien er at utviklinga av damprosjekt i landet ikkje berre må skje i tett samråd med vitskapeleg kunnskap, men og med kambodsjanske urfolk sin kjennskap til Mekong-elva og fisket der. Når avgjersler skal fattast bør det takast omsyn til innverknaden det kan ha på både økonomien og livskvaliteten til innbyggjarane som bur langs elva.