Den kinesiske draken trekker mot Sør

FivasKina, Vannkraft

Jostein Berger Meisdalen

Ein kan diskutere om Napoleon var forut for si tid eller om han berre var glad i å slenge om seg med fengande sitat, men det er liten tvil i dag om at den kinesiske draken har vakna og at ein kan kjenne ristinga dei fleste stader. Kina har vorte den største handelspartnaren til EU, tekstilindustrien i land som Nigeria og Namibia er nesten utradert, og Tre Kløfterdammen reiser seg som det største damprosjektet nokon sinne. Prisane på råvarer som olje, aluminium og stål stig som følgje av den auka etterspurnaden frå nettopp Kina. Det prosjektet syner om ikkje anna at Kina har både viljen og ressursane til å flytte fjell. Eg er ikkje i tvil om at oppvakninga av den kinesiske draken kjem til å bli hugsa som ein av dei hendingane som kjem til å påverke vår kvardag mest. Sjølv i desse dagar då vi er opptekne med å dytte demokrati ned i halsen på gjenstridige oljeleverandørar. Så kvifor er dette viktig for oss?

Eg har ikkje tenkt å dvele verken ved kinesisk elektronikk eller gigantomanien i Kinesiske dammar. Tre kløfter prosjektet er verd eit temanummer i seg sjølv. Eg vil sjå kva det er Kina gjer i Sør. Kina har ei lang historie med å støtte land i sør. Dette var ein del av den kalde krigens ideologiske kamp. Nokre land fekk støtte frå Sovjetunionen, andre frå USA og nokre frå Kina. Det var kinesiske arbeidarar som bygde TanZam jernbanen mellom Tanzania og Zambia for å bryte Sør-Afrikas monopol på transport til det sørlege Afrika. Kinesiske lastebilar er ikkje noko uvanleg syn i Sør. Så kva er skilnaden frå då til no?

Kina ser ut til å ha gått bort frå den ideologiske plattforma si. Dei støttar Robert Mugabe med nye kampfly og militære kjøretøy. Dei støtter land i Latin-Amerika og byggjer veger, hamner og jarnbanar i Venezuela, Brasil og Chile. Dei har gått inn med store midlar for å ruste opp oljeproduksjonen i Gabon. Dei finansierer oppgradering av elektrisitetsforsyninga i Angola og dei byggjer dammar, både i Etiopia og Sudan, der dei stiller både med kunnskap og med finansar. Merowe/Hamadab dammen i Sudan er omstridt, det er ein stor dam med stor påverknad på omgjevnadene. 50 000 menneske må flytte og prosessen bak beslutningane har ikkje vore god. Men kvifor er dette viktig i eit vassressurs perspektiv?

Der regjeringa ikkje kan, og Verdsbanken ikkje vil, der er Kina gode å ha. Dette gjer nye utfordringar for NGOar og andre som jobbar for at utviklingsprosjekt skal bli gjennomført på ein bra måte. Det er ein reell fare for at prosjekt som vestlege land ikkje vil støtte fordi motstanden er for stor, kan bli bygd med kinesiske pengar. Kina kan faktisk ha eit konkuransefortrinn i og med at dei stiller få spørsmål ved prosjekta dei støttar. Det er sjølvsagt ingen automatikk i at kinesiske dammar er verre enn vestlege dammar. Det finnes gode prosjekt gjennomførte med kinesisk kapital og teknologi akkurat som det finnes svært mange dårlege prosjekt gjennomførte med hjelp frå vesten. Vestlege land er også villige til å sjå ein annan veg om det tener interessene deira. Og Kinas støtte kan være positiv. Fleire latinamerikanske land har missa støtte frå USA fordi dei ikkje har vore villige til å gje amerikanske borgarar immunitet ovanfor den internasjonale strafferettsdomstolen, då har Kina stått klar til å overta. Kvifor er då Kinas vaksande rolle bekymringsfull?

Det kan ikkje stikkast under ein stol at Kina ikkje er eit demokrati. Det er liten eller ingen pressefridom, det er få eller ingen uavhengige organisasjonar. Frivillige organisasjonar verda over baserer i dag sitt arbeid på å kunne påverke beslutningstakarar direkte, samt å påverke opinionen. Er dette i det heile tatt mogleg i Kina? Og kva vil det seie for vestlege lands støtte til utviklingsprosjekt? Det gamle argumentet med at om ikkje me byggjer, så kjem berre nokon andre til å gjere det, og då er det betre at vi gjer det, kan komme til å bli brukt. Kinas nye makt er ikkje berre eit nyttig korrektiv til den vestlege dominansen, den gjer også nye utfordringar. Me kan berre venne oss til tanken: den kinesiske draken er lys vaken.