Dammar i internasjonale klimaavtalar

FivasInternasjonale aktører, Vannkraft, World Commission of Dams

Tonje Folkestad

CDM (Clean Development Mechanism) er eit politisk verkty som tillet at aktørar i industriland, som gjennom avtalen forpliktar seg til å redusere sine CO2-utslepp, kan kjøpe CO2-kvotar frå tiltak for å redusere klimagassutslepp i u-land.

Trass i at rapporten frå Montreal-konferansen til WCD slår fast at det enno trengst mykje forskning for å få betre kunnskap om klimaeffektane av store dammar, er pressemeldinga i samband med rapporten noko uklar når det gjeld statusen vasskraftprosjekt skal ha innanfor CDM. Det kan verke som om kommisjonen tar utgangspunkt i at vasskraft skal takast med i mekanismen. I meldinga står det at sjølv om dammar kan vere netto produsentar av klimagassar, må ein sjå dette utsleppet i forhold til andre alternativ, og ein må sjå dammen innanfor ein større kontekst av tid, stad, storleik etc. Dette poenget er miljøorganisasjonane hjarteleg einige i, men utgangspunktet er ulikt: Formuleringane frå WCD-sekretariatet kan oppfattast som “sjøl om dammar er årsak til klimagassutslepp, kan dei vere meir fordelaktige enn termiske kraftverk fordi dei ikkje slepper ut like store mengder andre forureiningar”. I pressemeldinga framstår dette som eit argument for å inkludere dammar i CDM, trass usikkerheitene.

Patrick McCully frå International Rivers Network (IRN) peikar i ein kommentar til sekretariatsleiaren Achim Steiner på at klimagassutsleppa kjem i tillegg til dei mange andre tvilsame effektane av dammar. Det er viktig at ein ikkje ser CDM-tiltaka isolert sett som klimavennlege/ikkje klimavennlege, og at tiltaka må vere sosialt og miljømessig berekraftige i seg sjøl. Ein må ikkje berre vurdere korleis dammar kan vurderast under CDM, men korvidt, poengterer McCully.