Bujagali: GIEK si avgjerd ikkje klar

FivasUganda, Vannkraft

Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK) sit med avgjerda om utbygginga av Bujagali skal gjerast med norsk offentleg støtte i form av garantiar til det norsk-svenske konsortiet som Veidekke leiar. Som vi skriv annan stad i bladet, har GIEK innhenta vurdering frå NORAD når det gjeld utviklingsaspektet, noko NORAD i sin tur har bede NVE om å gjere på grunnlag av tilgjengeleg dokumentasjon. Både NVE og NORAD har anbefalt prosjektet, som no er til sluttbehandling hos GIEK. FIVAS får der opplyst at ein enno ikkje kan seie når avgjerda vil bli tatt.

Tilråding trass risiko

NORAD konkluderer overfor GIEK med at “Til tross for klare risiki, spesielt mht. forutsetningene knyttet til inntektssiden, vurderer NORAD prosjektet som positivt i forhold til utviklingsfremmende effekter”. Grunnlaget er at sjølv om risikoen er høg, er også potensialet høgt. Uganda treng elektrisiteten for å setje fart i produktive sektorar, noko som er ein føresetnad for å redusere fattigdomen, heiter det. Ein peikar likevel på at ugandiske styresmakter, investorar, Verdsbanken og andre gjevarar må ta sin del av ansvaret for å redusere risikoen i prosjektet. Eitt av dei viktigaste punkta i den massive kritikken prosjektet har fått frå fleire hald, er nemleg den økonomiske risikoen. Denne er det i praksis den ugandiske staten som må bere meir eller mindre åleine, ut ifrå den kraftkjøpsavtalen dei har forplikta seg til dei første ti åra kraftverket er i drift. Straumen frå Bujagali er dessutan berekna å bli veldig dyr. Dette betyr fare for auka gjeldsbyrde for landet, noko som ikkje akkurat ville gi gode utsikter til fattigdomsbekjempelse.

Ingen svenske kredittar

Den svenske Eksportkreditnämnden (EKN) vedtok i januar at dei ikkje vil støtte utbygginga. Dei meiner prosjektet er eit for stort løft for Uganda sin økonomi. Sist sommar sa GIEK til FIVAS at dei hadde sett eit “absolutt tak” for norsk støtte på 70 millionar dollar ut frå storleiken på det norske engasjementet, og at dei håpte at svenskane ville ta ein større del for å dekke det norsk-svenske… …konsortiet. På spørsmål korleis avgjerda til EKN påverkar GIEK, svarar saksansvarleg Arild Aasbo: – Eg finn det ikkje rett å gå nærare inn på detaljar i vårt kundeforhold. Men han legg til at GIEK, som alle andre finansiørar, har som føresetnad at det føreligg ei totalfinansiering av prosjektet. I eit brev til FIVAS i oktober 2000 sa GIEK at ein føresetnad for finansiering derfrå var at IFC deltok. IFC sitt engasjement er no altså – ikkje særleg overraskande – på plass, og det er også NORAD si velsigning. Det gjenstår å sjå om dette betyr at GIEK også heng seg på, eller om den høge risikoen på same måte som for EKN gir dei kalde føter.