(Viss-) Vassforum av stabelen i Kyoto

FivasVann og sanitær, Vannprivatisering

Tonje Folkestad

Positivt var det å sjå at Norge jobba for å få aksept for alle menneske sin rett til vatn. Samstundes var andre og kanskje viktigare spørsmål knytt til kven som får kontroll over vassressursane med dagens handelsregime i Verdas Handelsorganisasjon WTO, eit ikkje-tema for dei offisielle delegasjonane i Kyoto.

Svak ministererklæring

Det internasjonale konferansesenteret i Kyoto vart bygd til den store klimakonferansen i 1997, ein konferanse som trass vedvarande strid har vorte ståande som ein milepæl i opprettinga av det internasjonale klimaregimet jf. Kyotoprotokollen. For vassfolket vil neppe byen verte like viktig. Samanlikna med andre konferansar og prosessar dei seinare åra, som World Commission on Dams (WCD) sin rapport frå 2000, Ferskvasskonferansen i Bonn i 2001 og Verdstoppmøtet i Johannesburg i 2002, bidrog ikkje Kyoto-konferansen med nokon nye prinsipp og idear eller klar politisk vilje.
Norge stilte med ein stor delegasjon, leia av utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson, og hadde fleire viktige saker på agendaen for ministerkonferansen. Det var mellom anna Norge som stod som forslagsstillar for å få ministrane med på at alle menneske har rett til tilgang på trygg vassforsyning for å dekke grunnleggande behov, til ein pris dei kan betale.
Dei seinare åra har prinsippet om vatn som ein menneskerett blitt fremma av NGOar og grasrotorganisasjonar under alle vassrelaterte konferansar, og i november 2002 kom FNs komité for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar med ein uttale som understøtter synet på vatn som ein grunnleggjande menneskerett. Trass i dette har enno mange land problem med å akseptere rettsperspektivet knytt til vatn, ettersom det kan gi mange menneske tungt skyts overfor sine ansvarlege styresmakter. Det norske forslaget vart diverre ikkje ståande, men fekk støtte av fleire (deriblant Vatikanet!) noko som må kunne sjåast som ei positiv utvikling for retten til vatn.

Friske debattar

Under Forumet var omlag 350 seminar sortert i 20 overordna tema der vatn vart diskutert mellom anna i forhold til fattigdom, styring (governance), finansiering og partnerskap mellom offentlege og private. Kvart av emna munna ut i erklæringar som vil utgjere ein del av sluttdokumenta frå WWF3.

Dammar

Forumet baud på fleire interessante debattar og seminar rundt temaet dambygging. Tidleg i veka kom det til særs frisk ordveksling då damkritikarar møtte forkjemparar for å diskutere påstanden “Goda frå store dammar har hatt ein for høg kostnad”. Den godt besøkte debatten utvikla seg diverre til ein krangel om tyrkiske damutbyggingar, ettersom tyrkiske deltakarar kuppa diskusjonen og sørga for å dominere innlegga frå salen. I lys av dialogen dei seinare åra rundt World Commission on Dams (WCD), representerte nok ikkje denne debatten eit framskritt kommunikasjonsmessig.

Under temaet “Dammar og berekraftig utvikling” arrangerte ei rekkje institusjonar debattar og seminar ut frå sine respektive ståstader. Kanskje fordi WCD sitt “diplomatiske” oppfølgingsprosjekt Dams and Development Project (DDP) stod som medarrangør, og kanskje var dette årsaka til at ein her klarte å skape ein mindre polarisert debatt samanlikna med til dømes privatiseringsseminara. Men enno er det mange som ikkje klarer å godta WCD sine konklusjonar, noe som kanskje forklarer kvifor erklæringa frå denne temabolken siterte Damkommisjonen (WCD) sine anbefalingar nærast ordrett, men likevel utan å nemne WCD med eit ord.
Eit anna seminar tok føre seg WCD og kva utfordringar kommisjonen stiller til finansieringsinstitusjonar. Interessant var det at mellom innleiarar frå Verdsbanken og Asiabanken, var det representanten frå den private Rabobank som hadde størst tru på at WCD sine anbefalingar også er nødvendige for å få eit rett risikobilde av ei damutbygging.

Vasshausting og økologisk avløpsreinsing

På eitt område kunne ein merke større entusiasme i Kyoto enn under tidlegare konferansar: Desentraliserte, billege og lågteknologiske vassforsynings- og sanitæranlegg gjekk att i programmet, og trua på slike løysingar synast å verte stadig sterkare. Representantar som indiske Rajendra Singh kunne fortelje om vellukka lokalsamfunnsbaserte tiltak for ei fornuftig forvaltning av vatn. Singh representerer den indiske grasrotorganisasjonen Tarun Bharath Sangh, som gjennom vasshausting og gjenoppretting av grunnvassbalansen har klart å skaffe vatn til fleire hundretusenar av menneske i det tørre Rajasthan i India og sikre dei mot tørke.

Privatisering, finansiering og kontroll

Diskusjonen om kontroll over vassressursane og finansiering av infrastruktur er tett knytt til spørsmålet om private interesser si rolle i vassforsyning. Sterke krefter, som Verdsbanken og eit internasjonalt ekspertpanel om finansiering, argumenterer for å prioritere mobilisering av privat kapital for å skaffe vatn til alle. På grasrota er skepsisen stor til slik privatisering. Her har mange dårlege erfaringar med privatisering, spesielt når det involverer dei multinasjonale vasselskapa som Bechtel og Suez.
Diskusjonane i Kyoto hjelpte òg til å bevisstgjere folk på eit anna viktig forhold, nemleg at privatisering krev offentlege reguleringar for å ivareta omsynet til særleg dei fattige og miljøet. Paradoksalt nok var det likevel lite rom for diskusjonar om eit svært aktuelt og nærliggjande tema i denne samanhengen, nemleg GATS og WTO. Under opningsmøtet om Vatn og styring (governance) stilte fleire NGOar spørsmål ved korleis styresmaktene skal kunne behalde nødvendig kontroll over vassressursane dersom vatn kjem inn under tenestehandelsavtalen GATS. Dette var eit høgaktuelt tema ettersom 31. mars var medlemslanda i WTO sin frist for innmelding av GATS-krav overfor kvarandre, krav som kan bety opning av vassforsyningssektoren overfor vasselskap frå andre land. Det er imidlertid umogleg å få representantar frå styresmaktene til å diskutere handelsspørsmål i andre fora enn WTO. Spørsmålet vart difor ståande ubesvart.