Så nært, likevel så fjernt

FivasVann og sanitær

Tora Systad Tyssen

For vatn er det. Kvart år regnar det mellom 550 og 600 mm på Vestbreidda (til samanlikning er det litt meir enn det regnar i London, ein by som er kjend for mykje nedbør) og det er kring 590 – 690 millionar kubikkliter fornybart grunnvatn tilgjengeleg i akvaferer under Vestbreidda kvart år.

Problemet er at den israelske militære okkupasjonen av området gjer at palestinarane vert strukturelt avskjært frå vatnet dei treng. Dei er offer for strukturell vassmangel. Vatnet er der, men dei vert nekta tilgong til det og ressursane fell på andre hender.

Israelsk kontroll over ressursane

Alt frå dei første grenselinene vart trekt i 1949 byrja Israel å gjennomføre restriksjonar på brønnbygging på det jordanske administrasjonsområdet, særleg på Vestbreidda. Etter 1967-krigen, då Vestbreidda vart militært okkupert, har alle store palestinske vasskjelder, inkludert Jordanelva og grunnvasskjelder, komme under israelsk kontroll. Etter Oslo-avtalen på 1990-talet har vasskjeldene komme under område C, det vil seie dei delane kor Israel har full kontroll (til skilnad frå område A og B kor palestinske myndigheiter har delvis eller full kontroll).

Det har gjeve israelske myndigheiter høve til å strukturelt avskjære palestinarane frå vassressursane gjennom å nekte boretillatelse, kutte dei av frå vasskjelder og hindre utbygging av eit moderne vassnettverk. Det gjer at få palestinarar i dag får det vatn dei har bruk for.

Mange bønder i Jordandalen er nøydde å kjøpe vatn frå det israelske vassverket Mekorot. Palestinarane som bur i denne vesle landsbyen heilt nord i Jordandalen kjøper vatn frå Mekorot i den gule tanken til høgre i bilete. Nokre palestinarar brukar så mykje som 39 prosent av inntekta si på vatn.

Det låge gjennomsnittlege vassforbruket blant palestinarar på Vestbreidda, som i dag ligg på 93 kubikkmeter i året, er mykje lågare enn det Verdas helseorganisasjon anbefalar. Gjennomsnittet i Jordan er 244 kubikkmeter og i Israel brukar kvar person 344 kubikkmeter. Det regionale gjennomsnittet ligg på kring 257 kubikkmeter i året.

I tillegg stel dei stadig veksande israelske busetnadane vatn frå dei palestinske kjeldene. Det er kring 260 000 israelske busetjarar på Vestbreidda og kvar av dei har eit gjennomsnittleg forbruk som er fire gongar høgare enn palestinarane sitt i same område. I Jordandalen er det fleire naturlege underjordiske vasskjelder som det strøymer vatn frå om vinteren og våren. Desse er viktige kjelder for bønder i området som slit med å halde jorda fruktbar sidan Jordanelva har så redusert vassførsel. Ofte vert desse kjeldene diverre gjort utilgjengelege for palestinarane av israelske busetjarar og militære.

Jordanelva er snart tørr

Den viktigaste vasskjelda på Vestbreidda er Jordanelva. Når Israel og Palestina no igjen er ved forhandlingsbordet er kontrollen over den historiske elva viktigare enn nokonsinne. Både i Oslo-avtalen mellom Israel og Palestina og i fredsavtalen mellom Jordan og Israel har det vore lagt ned reglar for forvaltning av vassressursane i Jordandalen, men det har ikkje forhindra at urett vassfordeling, forurensing og overforbruk nær har tatt livet av elva.

Mykje vatn har vorte henta ut av israelske myndigheiter ved Genesaretsjøen nord for Vestbreidda og vorte frakta til Negev-ørkenen som ligg heilt sør i Israel. I tillegg har Syria henta ut mykje vatn frå Yarmoukelva, som er ein av elvene som forsyner Jordanelva med vatn.

Resultatet er sørgeleg. Før rann elva stor dei 200 kilometra frå Genesaretsjøen til Daudehavet. I dag er det omlag berre to prosent av den opprinnelege vassføringa att og det vesle som renn er i stor grad kloakk og forureina vatn. Dei 98 andre prosenta har vorte skilt ut til jordbruk og anna bruk. På grunn av den låge vasstilførselen synk Daudehavet med kring 0,8 meter i året. Det har ført til synkehol og at grunnvatn synk fordi det sig frå palestinske grunnvasskjelder mot havet. Sjølve Jordanelva er avstengt som militært område i Jordandalen og det er ikkje mogleg å komme seg bort til ho.

Varme somrar, tørre røyr

Kring 15 prosent av befolkninga på Vestbreidda er ikkje kobla til det offentlege vassnettet. Dette er i stor grad eit resultat av at landsbyar som ligg i område C, altså under israelsk kontroll, ikkje får tillatelse til å legge vassledningar til husa som ikkje er kobla til nettverket. Om dei legg vassledningane utan offentleg tillating risikerar dei at det kjem rivingsordre på dei.

I område C er det ikkje tillate å byggje, endre eller vedlikehalde noko som helst utan offentleg tillatelse. Å søke om ein slik tillatelse er ofte ein årelang prosess som endar i avslag. Det er i dag fleire palestinske brønnar som ikkje kan brukast fordi eigarane ikkje får tillatelse til å vedlikehalde dei.

Dei som alt er kobla til vassnettet er heller ikkje sikra vasstilgong. Om den varme sommaren, når temperaturen kan nå 50 grader i Jordandalen, er det ikkje sjeldan at det ikkje er vatn i røyra på grunn av rasjoneringar. Då vert mange tvungne til å kjøpe vatn frå Mekerot, det israelske vassverket, til overpris. Sidan mange bønder er fattige har dei ikkje råd til å kjøpe nok vatn til å halde jorda i hevd og gje familiane sine nok reint vatn. Det gjer det vanskeleg å oppretthalde eit levedyktig palestinsk jordbruk som kan vere med å danne grunnlag for ein levekraftig palestinsk stat kor retten til vatn vert halden i hevd.