Gamle problem og ei ny moglegheit

FivasSanitær, Vann og sanitær

Siri Merethe Fagerheim

Vassforsyninga til byen har tradisjonelt vore basert på Ruvu elva som ikkje lenger er i stand til å produsere nok vatn til byen sitt aukande behov, noko som skapar store problem i tørketida i tillegg til eit konstant tap på grunn av store lekkasjar i nettverket. For å betre situasjonen har myndigheitene lenge vurdert å byggje ei demning langs elva, eit kontroversielt tiltak som no har blitt skalert ned blant anna etter kritikk frå miljøforkjempara.
I 2006 kom eit nytt alternativ på banen etter at ein svært djup akvifer, nær Kimbiji, vart ”gjenoppdaga” av blant andre norske forskara frå Norconsult som tok i bruk gamle data frå oljeleiting i området. Trass i ferskvatnet funne der i 1970 åra, vart oljebrønnane klassifisert som tørre. Akviferen er opp til 2000 meter djup, noko som gjer den unik på verdsbasis, vatnet er av svært god kvalitet medan volumet og tilførsel av nytt vatn lover godt for den tørste byen ovanfor.

Eg ville finne ut korleis vass-situasjonen påverka folk i velståande og fattige områder av byen og korleis tilgang til det nye vatnet frå Kimbiji kunne endre liva til innbyggjarane. I tillegg var eg interessert i organisasjonane som var ansvarlege for vassforsyninga; korleis dei hadde handtert funnet av Kimbiji akviferen og kva utfordringar dei sto ovanfor. For å finne svara på desse spørsmåla intervjua eg nesten hundre husholdningar i tre ulike områder av byen i tillegg til personar frå relevante institusjonar som kunne fortelje meg meir om planane for Kimbiji, vassforsyning og dermed få innsikt i situasjonen frå eit forsyningssynspunkt. Det meir velståande området eg undersøkte heitte Sinza E og det mindre velståande området, Midizini låg like i nærleiken, medan det tredje området, Ferry, befant seg i den sørlege utkanten av byen. Ferry var ikkje forsynt av det offentlege vassverket, DAWASCO, hadde eit meir landleg preg, og var inkludert sidan det låg nærmare Kimbji og ville bli først forsynt av grunnvatnet frå Kimbiji. (Saken fortsetter under bildet).

Resultat

Situasjonen i hushaldningane i Dar es Salaam, som så mange andre byar i utviklingsland, var svært ulik Noreg der ytterst få kunne vere avhengige av kun ei vasskjelde; dei fleste hushaldningane hadde minst tre ulike vasskjelder. Den kjelda som var brukt av flest hushaldningar var gateseljarar som selde vatn frå kjerrer eller syklar. Etter det følgde naboen sin brønn, medan naboen sine innlagde vatn kom på tredjeplass. Det offentlege vassverket dukka med andre ord ikkje opp før på tredjeplass, og sjølv der indirekte. Forbruket at vatn var svært lågt og låg rundt 45 liter i Sinza E og Ferry per person, medan Midizini sitt gjennomsnittsforbruk var kun 25 liter. Til samanlikning brukar kvar enkelt i Noreg omtrent 200 liter vatn dagleg. Når det gjaldt helsenivået i områda fann eg at Midizini hadde den høgaste førekomsten av vassborne sjukdommar. I motsetning til rurale områder i utviklingsland der dei ofte brukar timevis på å hente vatn fann eg at dei fleste hushaldningane brukte under ein halv time på å hente vatn. Prisen på vatn var svært kompleks og variabel avhengig av til dømes årstid, tilbod, kvalitet og etterspørsel. Dei faktiske utgiftene per liter var faktisk høgast i Sinza E, der dei fleste var kobla til det offentlege vassnettverket, det billigaste alternativet. Generelt var det ytterst få som hadde innlagt vatn, og dei få klagde over ein svært upåliteleg forsyning der røra kunne vere tørre i fleire veker. Dei fleste ønska likevel å få innlagt vatn, men hadde enten ikkje råd til tilkoblingsavgifta, var bekymra for auka utgifter, eller bestemte ikkje dette over dette sidan dei var leigebuarar.

Institusjonen som forsynte vatn heitte DAWASCO og dei hadde ansvaret for den daglege drifta, medan DAWASA tok seg av større utbygging av infrastrukturen. Begge hadde store utfordringar knytt til drifta i form av få ressursar, dårleg koordinasjon og uoffisielle metodar for å få igjennom utbetringar og tilkobling til nye hushaldningar. Behovet for investeringar både innan infrastruktur, stab, og utstyr var overveldane. Kundane var ikkje alltid uskyldige ofre, men skapte òg problem for organisasjonane ved å koble seg til nettverket ulovleg, ved å sabotere infrastrukturen, og ved å ikkje betale vass-rekningane. Perioden etter at Kimbiji akviferen vart oppdaga var prega av ei lang rekkje forsinkingar i utforskingsprosessen, noko dei forklarte som tekniske utfordringar. Institusjonane virka svært håpefulle for kva Kimbiji kunne gjere for vassforsyninga, men gjorde det òg klart at demninga langs Ruvu ville bli bygd i tillegg. Utnytting av Kimbiji akviferen var avhengig av store investeringar, noko som blant anna Noreg har sagt seg villig til å bidra med, og vil bli svært utfordrande teknisk.

Analyse

Ein modell for systemrobustheit og konseptet resiliens vart brukt i organisering og analysering av resultata. Av alle dei bekymringsverdige problema funne ved vass-situasjonen i Dar es Salaam var kanskje det mest urovekkande funnet at den drastiske nedgangen i vasskonsum blant hushaldningar knytt til vassnettverket observert dei siste 40 åra har fortsatt. Samtidig har konsumet blant hushaldningar utan innlagd vatn gått gradvis oppover og dei to gruppene ligg omtrent på same nivå med 51 og 32 liter per person dagleg i hushaldningar henholdsvis med og utan innlagd vatn. Til samanlikning brukar kvar person i Noreg i gjennomsnitt 200 liter kvar dag. Hushaldningane viste stor diversitet i form av vasskjelder, men dei fleste var likevel sårbare mot endringar på grunn av svært låg lagringskapasitet i to til tre dagar. Dette var eit stort problem sidan vassnettverket har blitt svært upåliteleg samanlikna med situasjonen i 1960åra. Kvardagen var svært uforutsigbar i form av mengde tilgjengeleg vatn, kvalitet og pris, noko som skapte imponerande tilpasningsdyktigheit. Til tider innebar dette ulovleg oppførsel som sabotasje og uoffisielle tilkoblingar. Forbrukarane mangla respekt for det offentlege vassnettverket og institusjonane, noko som forverra ein vanskeleg vass-situasjon der det største problemet av alle var rett og slett mangel på infrastruktur.

Forsinkingane etter oppdaginga av Kimbiji akviferen resulterte i korrupsjonsanklager og at det dyrare demningsalternativet var foretrukke og arbeidet med Kimbiji blei forsinka med overlegg. Sidan begge alternativa er del av framtidsplanane for byen sin vassforsyning er dette ikkje eit problem, i alle fall ikkje lenger. To vasskjelder vil gjere systemet meir robust sidan dei kan komplementere kvarandre, auke tilgjengeleg vatn og stabilisere vassforsyninga.

Nokre av konklusjonane dette studiet kom fram til var at vass-situasjonen i Dar es Salaam var karakterisert av høg kompleksitet, høge kostnadar og lågt forbruk. Det offentlege vassnettverket var upåliteleg og plaga av fysiske lekkasjar, både ulovlege suksessfulle tilkoblingar og lovelege, men mislukka tilkoblingar. Grunnvatnet frå Kimbiji kan sørge for at meir vatn blir fysisk tilgjengeleg i nærleiken av byen, men mangelen på infrastruktur vil vere eit hinder for at dei aller fleste innbyggjarane i byen vil få smake på det nye vatnet.