Straum til Afrika – med lågt karbonavtrykk

FivasAlternativer til vannkraft, Nyhetsklipp, Vannkraft

Forside på IR-rapport

Det er mykje vind og sol kring i verda, likevel har ukontrollerbare faktorar som vêr og klima gjort at vind- og solkraft ikkje har vore rekna som ei like stabil energikjelde som til dømes vasskraft. No gjev International Rivers ut ein rapport om korleis nye strategiar, planlegging og teknologi på ein kosteffektiv og stabil måte kan hjelpe i møte med desse utfordringane.

Les rapporten her: Designing Low Carbon Electricity Futures for African and Other Developing Countries

I dag står kol og vasskraft for 40 % og 17 % av verdas energiproduksjon. Bruken av førstnemnde aukar i Kina, India og Sør-Afrika og det er og venta ein vekst i utbygginga av store dammar. Ifølgje rapportern er det planar om eller under konstruksjon kring 3700 dammar i verda med kapasitet på 1 MW eller meir. Mange av desse skal byggast i utviklingsland.

Den dominerande tanken bak desse prioriteringane er at kol og vasskraft kan på den mest kostnadseffektive måten forsyne utviklingsland med energien dei treng. Denne rapporten prøver å utvikle denne logikken med å sjå på korleis vind og sol kan utfordre.

Ein av hovedkonklusjonane i rapporten er at gjennom å bruke desse strategiane og teknologien tidleg i planlegginga av utbygginga kan afrikanske og andre utviklingsland raskt gå over til rein, påliteleg og kosteffektiv straumproduksjon som ikkje har store miljømessige og sosiale konsekvensar. Ein kan og unngå investeringar i og utbygging av kol og store vasskraftanlegg.

Framskritt innan vind- og solkraft frå Danmark og Tyskland vert i rapporten trekt fram som eksempel på korleis vind- og solkraft kan gjerast meir påliteleg og kosteffektivt som energikjelde. Nylege studiar som syner korleis kol- og vasskraft ofte vert meir risikabelt grunna kostnadsoverskridelsar, klimaendringar og manglande tryggleik om framtidige drivstoffprisar er med å gjere vind og sol til endå betre alternativ.

Les og Fivas sin rapport: Alternatives to hydropower