Ny rapport: Den grønne ørkenen

FivasBrasil, Nyhetsklipp

Den grønne ørkenen by Elin Rømo Grande - issuu - Google Chrome 28.04.2016 094505

Latin-Amerikagruppene i Norge har publisert ein ny rapport som tek føre seg eukalyptusindustrien i Brasil og dei norske banda til den. I Extremo Sul-regionen i delstaten Bahia har industrien ført til fordriving av mennesker, avskoging og store miljøøydeleggingar. Heilt sidan 1970-talet har celluloseselskap hogd ned skog til fordel for plantasjane. No er det store plantasjar i regionen som har fordrive den naturlege regnskogen. Før kolonitida dekka den atlantiske regnskogen trettiseks prosent av Bahia. I dag står berre sju prosent att. Denne skogen er ein av verdas mest artsrike plassar og er heimen til seksti prosent av Brasil sine utrydningstruga artar.

Korleis eukalyptusindustrien har ført til så store øydeleggingar og korleis norske interesser, Oljefondet og næringsliv har spelt ei stor rolle i det kan du lese meir om i rapporten “Den grønne ørkenen” her.