– Vi fekk juling, og må bli betre

Morten Svelle frå Rein energi-seksjonen i Utanriksdepartetementet, foto: Tora Systad Tyssen

Morten Svelle frå Rein energi-seksjonen i Utanriksdepartetementet, foto: Tora Systad Tyssen

Tora Systad Tyssen

I juni 2014 presenterte Riksrevisjonen ei evaluering av norsk bistand til rein energi mellom 2000 og 2013. Resultatet var nedslåande. Oppdraget var å undersøke i kva grad norsk bistand til rein energi har auka tilgangen til bærekraftige energitenester som vidare bidreg til økonomisk vekst og betre levekår for dei fattige.

Då Fivas arrangerte Ulandsseminaret ilag med SAIH og Senter for utvikling og miljø på UiO hadde vi invitert Guri Andrea Lowrie, som leia undersøkinga for Riksrevisjonen, til å presenterte hovedfunna frå deira gjennomgang.
Etter å ha gått gjennom støtta til rein energi til Utanriksdepartementet sine prioriterte samarbeidsland er deira konklusjon at det:

Har i lita grad før til auka fornybar kraftproduksjon i dei prioriterte samarbeidslanda.
Norskstøtta tiltak for utbygging av strømnettet har svak økonomisk bærekraft.
Bistanden til rein energi har i lita grad nådd dei fattigaste.
Lowrie sa at det var vanskeleg å syne klare samanhengar mellom den norske bistanden og utvikling for dei fattigaste.

– Sjølv om vi ser at støtte til mikrokraftverk og solcellepanel har nådd mange hushaldningar i Nepal, så er det og mange andre faktorar som er viktige for å løfte folk opp av fattigdom og auke sysselsetjinga, sa ho og la til:

– På Zanzibar fann vi at dei bedriftene som alt var etablerte fekk auka produksjon då dei fekk tilgong på meir energi, men dei fekk ikkje fleire tilsette av den grunn. Det er ikkje slik at det eine nødvendigvis fører til det andre, understreka Lowrie.

– Vi må verte betre

Morten Svelle, som er koordinator for Rein energi for utvikling i energiseksjonen i Utanriksdepartementet, sa i sin presentasjon at dei i UD tek tilbakemeldingane frå Riksrevisjonen som ein grunn til å snu alle steinar for å kunne jobbe betre med fornybar energi i bistanden. No er ein heilt ny strategi for arbeidet for under utarbeiding.

-Vi har no eit utkast som er sendt til politisk leiing som set ambisiøse mål for korleis Noreg skal bidra, sa Svelle.

Nokre av momenta han skisserte for norsk energipolitikk framover var mellom anna å mobilisere ressursar til FN sitt nye bærekraftsmål på energitilgong for alle innan 2030, at privat sektor skal spele ei sentral rolle, at solcelleenergi og vindenergi vil spele viktige roller ved sidan av vasskraft og at Noreg vil vere oppteken av å promotere likestilling, godt styresett, anti-korrupsjon og standardar for miljø- og sosiale omsyn som del av bistanden.

Svelle poengterte at bistand til rein energi er noko Noreg ikkje har tenkt å kutte ned på.

-Til tross for at vi fekk juling i tilbakemeldinga frå Riksrevisjonen har vi framleis tru på at dette med å støtte rein energi er noko vi må gjere, vi må berre verte betre på å gjere det.

Utvikling er meir enn energi

John Andrew McNeish, som er førsteamanuensis ved instituttet for internasjonale miljø- og utviklingsstudier ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, nytta sin presentasjon til å teikne eit større bilete og sette spørsmålsteikn ved den tette samanknytinga av elektrifisering og utvikling. Lik Lowrie frå Riksrevisjonen framheva han at det er mange andre faktorar enn energitilgong som er viktig for å skape utvikling og hadde fem viktige poeng å kome med.

Årsak til energifattigdom er ikkje berre manglande energitilgong.
Auka energitilgong fører ikkje automatisk til brei utvikling.
Energiutbygging skjer ikkje utan motstand og kostnadar.
Å skaffe energi til alle er vanskeleg når det er industrien som brukar mest og som vert prioritert.
Klimautfordringar og ressursknappheit aukar behovet for desentrialisert energiproduksjon.

– Vi kan ikkje berre tenke energi og teknologi når vi skal skape utvikling, men tenke samfunn. Det er ikkje slik at eit liv med straum automatisk er betre enn eit utan, sa han og meinte dette at dette var uttrykk for eit utdatert syn på landsbygda.

– Det verkar å vere ein tanke at dersom ein lever eit liv med mangel på energitilgong, så lever ein liv som er mindre verdt.

Energien må faktisk nå alle

Marte Ness, seniorrådgjevar i WWF Noreg, fortalde om konkrete utfordringar og moglege løysingar i Kasese-regionen i Uganda kor WWF har arbeidd mykje med energi og utvikling. Ei stor utfordring er at i mangel på energitilgong vert mat laga på open eld og ein må bruke parafinlamper.

– Skogen i Uganda er på veg til å forsvinne. Folkeveksten skaper eit enormt press på dei skogsressursane som finst. I tillegg er det enorme helsevinstar på å skaffe folk bærekraftig energi. Å sleppe og koke over open eld og å ha leselys til å gjere lekser, er veldig viktig, understreka Ness og poengterte at om ein verkeleg skal lukkast med energi som ein del av utviklingspolitikk, så må målet vere at energien faktisk når alle.

– Vi ser at av og til vert ikkje kjøkkenet, kor kvinnene brukar det meste av tida si, ikkje vert prioritert om eit hus får energitilgong fordi det kanskje er eit tilbygg til huset, slik at dei ender med å framleis fyre over open eld i svakt lys. Det er viktig at alle medlemmer av samfunnet faktisk får tilgong til energi, sa ho.