Veidekke med på omstridt prosjekt i Amazonas

FivasBrasil, Frontsak, Norsk næringsliv, Vannkraft

Jirau-prosjektet førte i 2014 til ein storflaum som først oversvømte store områder, drukna vegetasjonen i området før den etterlet store tørkeramma områder då den trakk seg attende, foto: Tora Systad Tyssen

Jirau-prosjektet førte i 2014 til ein storflaum som først oversvømte store områder, drukna vegetasjonen i området før den etterlet store tørkeramma områder då den trakk seg attende, foto: Tora Systad Tyssen

Tora Systad Tyssen

Jirau-prosjektet på elva Madeira, ikkje langt frå grensa til Bolivia i den brasilianske delen av Amazonas, er i ferd med å bli ferdigstilt.  Madeira er den største sideelva til Amazonas og bidreg med 15 prosent av vassvolumet og halvparten av sedimenta og minerala som renn gjennom Amazonas og ut i Atlanterhavet. Regionen er rekna for å ha ein veldig stor biodiversitet og er heim til kring 750 typar fisk og 800 fugleartar. [1] Jirau vil auke vassnivået i elva i både tørke- og flaumperiodar. Dette vil påverke både artsmangfoldet i elva og jordbruksdrifta langs elva.

Det norske selskapet Veidekke leverte i samarbeid med det brasilianske selskapet Carmargo Corrêa ekspertise, spesialmaskineri og  overoppsyn i utbygginga.

Madeira-komplekset

Jirau-dammen er ein del av eit større prosjekt, The Madeira River Complex, med til saman fire dammar, elvedrenering og kanalbygging. Prosjektet trugar den økologiske stabiliteten i heile Madeira-elva og livsgrunnlaget for lokale samfunn. Maderia-prosjektet er igjen del av to større prosjekt: The Integrated Regional Infrastructure for South America (IIRSA) og The Accelerated Growth Program (PAC), eit stort utviklingsprogram som den tidlegare brasilianske presidenten Lulu sette i gong.[2] Jirau er eit run-of-river-anlegg som strekk seg åtte kilometer over Madeira-elva og straumen derifrå skal sendast i høgspentliner 2250 kilometer til Sao Paulo, Brasil sin største by. [3]

Madeira-prosjektet vert gjerne framstilt som del av ei løysing på det auka energibehovet i Brasil, men mange meiner den underliggande årsaka til utbygginga er den vil tilrettelegge for råvareekspert, særleg soya, tømmer og mineral. Gjennom bygging av kanalar vert den vestlege delen av Brasil og Amazonas kobla saman med store motorvegar som vert bygd frå den peruvianske og bolivianske delen av Amazonas til Stillehavet og fasiliterer råvareeksport til Asia og Nord-Amerika.

Mangelfull miljøkonsekvensanalyse

Jirau vart først planlagd av selskapa Furnas Centrais Eletricas og Norberto Odebrecth S.A. i 2002 då Brasil opplevde stor energimangel. Dei gjennomførte ei miljøkonsekvensanalyse (EIA) av prosjektet som vart levert til det brasilianske miljøverndirektoratet (IBAMA) som kan gje løyve til slike prosjekt. Dei stilte i 2007 spørsmål ved den miljømessige gjennomførbarheita til programmet og at dei ikkje kunne gje eit løyve basert på den EIA-en som var gjennomført. Dei krevde konkret informasjon frå utbyggjerane på fleire felt og sa det var behov for ei meir omfattande konsekvensanalyse for områder både i Brasil og over grensa til Bolivia og Peru. [4]

Løyve til å starte utbygginga vart likevel gjeven, i trass av IBAMA sine invendingar, etter sterkt politisk press og utskiftingar i leiargruppa i direktoratet. Løyve vart gjeve under forutsetnad av at 33 spesifikke krav knytt til konstruksjonen og drifta av dammen vart innfridd. Dei inkluderte krav til tunnellar for fiskemigrasjon, kontinuerleg overvaking av sedimentering frå dammen og sosiale program for dei påverka lokalsamfunna. Etter at løyvet vart gjeve flytta konsortiet som stod bak utbygginga prosjektet til eit nytt område utan å gjere ny miljøkonsekvensanalyse.

Høgst truleg vil området som enten vert overflømt eller påverka av anlegget vere mykje større enn det som er estimert i EIA-en, noko som kan føre til nedgong i biodiversitet i området og ein auke i metangass frå skogen som vert oversvømt. EIA-en er og kritisert for å underestimere kor mykje sedimering Jirau vil føre til. Ei auke vil føre til at eit større område vert overflømt og at dammen i større grad vil blokkere migrasjonsrutene til fisk, noko som igjen påverkar mattryggleiken til urfolk, bønder og andre som er avhengige av fiskesortane dourada og piramutaba i det daglege kosthaldet sitt. [5]

Råka lokalbefolkning og urfolk

Jirau og Santo Antonio, ein annan dam som er del av Madeira-prosjektet som ligg like ved, har hatt

Fleire av dei tvangsflytta menneska frå prosjektet har flytta ut av landsbyane dei vart flytta til fordi det ikkje var grunnlag for fiske og landbruk der, foto: Jonas Holmqvist

Fleire av dei tvangsflytta menneska frå prosjektet har flytta ut av landsbyane dei vart flytta til fordi det ikkje var grunnlag for fiske og landbruk der, foto: Jonas Holmqvist

negative verknadar for urfolk og andre som bur i området. I tillegg til dei alt nemnde konsekvensane for fiskebestanden, er det fare for auka spreiing av malaria, auka erosjon av elvebankane og sterkare behov for sosialtenester sidan folk mistar livsgrunnlaget sitt. Landsbyen Mutum Parama vart satt under vatn og innbyggerane vart flytta til den nye landsbyen Nova Mutum – nye Mutum. Fleire av innbyggerane her hevdar at dei ikkje har fått tilstrekkeleg med kompensasjon. [6]

Det bur fleire urfolksgrupper i området kor utbygginga foregår, men selskapa som har ikkje gjeve dei godt nok høve til konsultasjon i forkant av utbygginga. I henhald til internasjonale retningsliner og internasjonalt anerkjende urfolksrettar har dei rett på fritt, informert førehandssamtykke, men det har ikkje vore fullført. Til dømes skriv Amazon Watch at konsortiet syner til at urfolksleiarar fekk vere med på ei offentleg høyring om prosjektet som ein indikasjon på konsultasjon. Dette er ikkje godt nok til å kvalifisere til fritt, informert forhandssamtykke.

I tillegg finst det sterke bevis for at det finst urfolksgrupper som lever i frivilleg isolasjon i Madeira-regionen. Undersøkingar i etterkant av utbygginga tyder på at desse gruppene har rømt frå området grunna bråk frå byggearbeidet. Kontakt mellom isolerte urfolksgrupper og mennesker utanfrå kan vere svært skadeleg grunna nedsatt immunsystem hos urfolksgruppene.

I forbindelse med utbygginga har det vore avdekka fleire forhold av ulovleg avskoging og ulovleg dårlege arbeidsforhold. I 2009 vart konsortiet bak utbygginga botlagt to gongar for brot på den miljøvernlova, men har ikkje betalt dei nær 1,5 millionar brasilianske reais dei vart pålagt i bot. I tillegg vart det i 2009 avdekka at 38 personar arbeidde under slaveliknande forhold på bygginga av Nova Mutum, den nye landsbyen kor lokalbefolkninga i området skulle tvangsflyttast til. Arbeiderane vart grovt utnytta og hadde buforhold utan senger, straum eller tilstrekkelege sanitærtenester.

Utbygginga av Jirau og Santo Antonio er berre ein liten flik av den storstilte vasskraftutbygginga som er i gong i Brasil om dagen. Landet har store planar om auka energiproduksjon og planelgg omlag 34 nye dammar fram mot 2021, noko som skal auke energiproduksjonen i landet med meir enn femti prosent. I tillegg vert det bygd ei rekke mindre dammar som skal vere med å regulere vatn, gje straum til siloar, mineraluthenting og industrikompleks, tilsaman er det 168 dammar under planlegging.[7]

FAKTABOKS JIRAU

  • Installert kapasitet: 3750 MW
  • Overflømt område: 258 km2
  • Offisielt tal på direkte påverka mennesker: 1087
  • Den brasilianske rørsla for dampåverka mennesker, MAB, anslår at 5000 mennesker er direkte påverka av Maderia River Hydroelectric Complex.
  • Urfolksgrupper som er påverka: Karipuna, Karitiana, Oro Win og Wari’.
  • Kostnad: 17,4 milliardar brasilianske reais
  • Selskap involvert: Camargo Correa Investimentos em Infra-Estrutura S/A / Companhia Hidro Elétrica do São Francisco (Chesf) / Consórcio Energia Sustentável do Brasil / Eletrosul Centrais Elétricas S/A / GDF Suez / Tractebel / Suez Energy South América Participações Ltda.
  • Donor: Banco Bradesco / Banco do Brasil / Banco do Nordeste (BNB) / Banco Nacional de Desenvolvimento Econômico e Social (BNDES) / Caixa Econômica Federal (CEF) / Itaú Unibanco
  • Selskap involvert i konsortiet Energia Sustentável do Brasil: Suez (50,1%), Camargo Corrêa (9,9%), Eletrosul (20%) and Chesf (20%). Chesf and Eletrosul er underselskap til det statseigde selskapet Eletrobrás.
    Kjelde
[1] http://amazonwatch.org/work/the-madeira-river-complex
[2] http://amazonwatch.org/work/the-madeira-river-complex
[3] http://www.theguardian.com/world/2013/feb/12/brazil-hydroelectric-jirau-dam
[4] http://amazonwatch.org/work/the-madeira-river-complex
[5] http://amazonwatch.org/work/the-madeira-river-complex
[6] http://www.theguardian.com/world/2013/feb/12/brazil-hydroelectric-jirau-dam
[7] http://www.theguardian.com/world/2013/feb/12/brazil-hydroelectric-jirau-dam