Treng å syne faktisk utviklingseffekt

FivasFrontsak, Norsk bistand, Norske aktører, Vannkraft

Bilete syner ei utbygging Norfund og Scatec solar samarbeider om i Sør-Afrika. Foto: Norfund

Bilete syner ei utbygging Norfund og Scatec solar samarbeider om i Sør-Afrika. Foto: Norfund

Tora Systad Tyssen

Direktør i Norfund (Statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland), Kjell Roland, sa han var einig i det meste av det evalueringa av Norfund av det finske konsulentskapet Gaia hadde konkludert med då den vart lagt fram fredag 6. mars.
Men på eit punkt var han sterkt ueinig – tilråinga om at Norfund burde verte betre på å overvåke, måle og dokumentere utviklingseffekt.

– Det er ingen i Rwanda som ber oss om å måle utviklingseffekt når vi bygger ut der. Det er berre noko bistandsindustrien heime etterspør, sa Roland med referanse til ei solcellepanelutbygging i samarbeid med Scatec i Rwanda.

Han argumenterte for at Norfund ikkje ville fått gjort like mykje dersom dei måtte bruke meir tid på byråkrati og resultatmåling og meinte at krav om ytterlegare dokumentering av utviklingseffekt ikkje vil ha noko for seg.

Syner ikkje utvikling på ein systematisk måte

Norfund har investert i selskap som tilsaman har mellom 147 000 og 313 000 arbeidsplassar globalt og som sørger for skatteinntekter på kring 24 milliardar kroner i utviklingsland, ifølgje tal frå Norfund sjølv.

Evalueringa, som er bestilt frå utanriksdepartementet, tek til orde for at fondet i større grad må syne kor stor rolle dei midlane dei har investert spelar inn på å skape arbeidsplassar og skatteinntekter. Dette fordi Norfund i dag ikkje greier å syne utviklingseffekten av investeringane på ein systematisk måte.

Tilråingane om utviklingseffekt frå Gaia er i stor grad i samsvar med dei innspela Fivas kom med undervegs i evalueringa. Dagleg leiar i Fivas, Jonas Holmqvist, meiner at Roland sine påstandar ikkje held vatn.

– Det er viktig at når Norfund får bistandspengar over statsbudsjettet, at vi har ei faktisk måling om det skapar den effekten vi ønsker. Norfund har i dag ein eigenkapital på meir enn 12 milliardar norske kroner og bør kunne forventast å dokumentere faktisk utviklingseffekt når dei opererer med det mandatet dei har og dei store løyvingane dei får over statsbudsjettet kvart år, seier han og legg til at han håpar dei tek tilrådingane frå evalueringa på alvor.

– Dette bør vere eit verktøy og ei oppfordring til Norfund om å rettferdiggjere dei store løyvingane dei får.

Vasskraft mest lønsamt

Den mest lønsame delen av Norfund er SN Power som fondet eig ilag med Statkraft. Avkastinga her er kring 8,8 prosent, medan avkastinga i resten av fondet er 3,7 prosent. Investeringa i vasskraft gjennom SN Power er også sterkt medverande årsak til at to tredjedelar av fondet sine investeringar går til mellominntektsland. At berre ein tredjedel av investeringa skjer i dei fattigaste landa gjer at Gaia skriv at Norfund si portefølge «ikkje er i fullt samsvar med det overordna målet om fattigdomsreduksjon».

Holmqvist seier at SN Power-investeringane ikkje nødvendigvis bidreg til å redusere fattigdom.

– SN Power er ein vasskraftutbyggar med eit tydeleg sosialt medvit, men det er uklart kva som er den fattigdomsreduserande effekten av strategien deira. Å investere bistandsmidlar på å byggje ut elektrisitetsproduksjon i mellominntektsland utan ein strategi for korleis elektrisiteten skal brukast er i beste fall eit upresist virkemiddel.

Les heile evalueringa her.