Store utfordringar med på kjøpet i Chile

Share
"Vi må beskytte våre naturressursar og mapuche-folket. Sei nei til demningar" står det på dette skiltet i Coñaripe kor Statkraft tidlegare var involvert gjennom SN Power. Statkraft har no seld seg heilt ut av dette prosjektet.
«Vi må beskytte våre naturressursar og mapuche-folket. Sei nei til demningar» står det på dette skiltet i Coñaripe kor Statkraft tidlegare var involvert gjennom SN Power. Statkraft har no seld seg heilt ut av dette prosjektet.

Tora Systad Tyssen

Fivas var i byrjinga av november i møte med Statkraft for å snakke om deira investeringar i Chile. Der møtte vi Stephen Sparkes, Head of Environmental and Social Governance, og seniorrådgjevar Lars Magnus Günther.

I april 2015 kjøpte Statkraft, gjennom sitt dotterselskap Statkraft IH Invest (SKIHI), seg inn som majoritetshaldar i det chilenske vasskraftselskapet Empresa Eléctrica Pilmaiquén S.A. SKIHI eig i dag kring 99 prosent av aksjane i selskapet. Formålet med oppkjøpet var å styrke Statkraft si stilling i landet.

Pilmaiquén eig og opererer elvekraftverket Rucatayo (55 MW) i Sør-Chile og dei tilhøyrande kraftlinene. Selskapet har og lisens på utbygging av tre andre anlegg på den same elva. To av dei, Osorno (54,3 MW) og Los Lagos (53 MW), er klare for bygging. Statkraft har vore aktiv i Chile sidan 2004 gjennom SN Power. Tidlegare har dei opplevd store konflikter med lokale urfolk i forbindelse med damprosjekt i Coñaripe. Meir om det kan du lese i Fivas sin rapport De nye conquistadorene?. SN Power selde i 2011 dei uutbygde prosjekta til den chilenske partneren sin.

Stor tradisjonell og religiøs tyding

Selskapet Pilmaiquén er oppkalla etter elva kor dei driv utbygging. Pilmaiquénelva og området rundt speler ei viktig rolle for mapuche-indianerane i Chile. Pilmaiquén har stor religiøs og historisk verdi ikkje berre for mapuchelandsbyane som ligg langs elva, men for heile mapuchebefolkninga. Utbyggingar på elva er difor ekstra problematiske. Elva er ein viktig arena for utdanninga av religiøse leiarar, og har mytologisk tyding. Mapuchane sitt standpunkt er difor at elva må få renne fritt.

I samsvar med dei internasjonalt anerkjende rettane urfolksgrupper har må mapuche-indianerane sjølv få avgjere korleis elva i deira tradisjonelle område skal nyttast. Eit løyve frå chilenske styresmakter er ikkje nok for å bygge ut på elva i tråd med internasjonale konvensjonar. Det er vanleg at selskap gjer konsultasjonar med råka lokalsamfunn for å oppnå deira samtykke før ei utbygging.

Vanskeleg å få gjort skikkelege konsultasjonar

Nestleiar i Fivas og ekspert på urfolksspørsmål i Sør-Amerika, Miguel Utreras, sa i møtet at ein slik konsultasjon nok ikkje var umogleg sjølv om mapuche-indianerane sitt utgangspunkt er at ein ikkje kunne byggje på elva. Det er allereie bygd to dammar på elva, og det har gått bra. Men ei god tilnærming i konsultasjonane er naudsynt. Elva si store tyding for heile urfolksgruppa gjer konsultasjonsprosessen langt meir komplisert enn konsultasjon av dei få landsbyane som ligg langs den påverka delen av elva. Statkraft held no på å planlegge korleis dei skal gjere konsultasjonane, og vi fylgjer spent med på utviklinga.

Sparkes frå Statkraft sa i møtet med Fivas at dei ser at konsekvensanalysane som er gjort i forkant av utbygginga av Osorno ikkje er gode nok. Utreras er uroa for at konsekvensanalysane ikkje i tilstrekkeleg grad anerkjenner den seremonielle og religiøse tydinga området har for mapuche-indianerane. Konsekvensanalysen anerkjenner heller ikkje tre landsbyar som vil verte råka av utbyggingane.

Sparkes fortalde at når Statkraft kjøper seg inn i eit selskap er det mange vurderingar som må gjerast, og at dei ser at i forbindelse med det oppkjøpet her var  konsekvensanalysen Pilmaiquén hadde gjort ufullstendig. Dette er noko dei var førebudd på og Sparkes seier dei no arbeider med ein integreringsprosess kor dei går gjennom selskapet og ser kor det er eit gap mellom eksisterande standard og dei standardar som Statkraft sentralt krev at det er på.

Utbygging på vent

Grunna den ufullstendige konsekvensanalysen har selskapet vald å ikkje starte utbygginga av Osorno med det same, men heller bruke litt meir tid. Sparkes fortel at det er dialog om urfolksproblematikken knytt til utbygginga.

– Vi er merksame på det som må forbedrast, og det må vi ta oss tid til å løyse. Det er dialog om utfordringane, men det kjem til å ta tid, sa han.

Statkraft meiner dei har lært av konfliktane som oppsto mellom Statkraft sitt dotterselskap SN Power og mapuche-indianerane for nær ti år sia. Selskapet sørgjer no for å ha eigne tilsette som gjer konsultasjonane og har kontakt med lokalsamfunn heller enn å bruke konsulentar. Slik får dei betre kontinuitet i arbeidet med lokalsamfunn og ei betre oppbygging av organisasjonskultur. Sparkes fortalde og at det er utfordringar knytt til oppbygging av ein slik organisasjon i Chile. Samstundes som Statkraft ynskjer at verksemda skal skipast «The Statkraft Way» ynskjer dei å nytte lokalt tilsette som kjenner dei lokale tilhøva. Statkraft jobbar for å fylgje IFCs performance standards som skal sikre gode konsultasjonsprosessar, og i tillegg OECDs retningsliner for fleirnasjonale selskap. Fivas håpar selskapet og tek seg tid til konsultasjonar som tek ILOs konvensjon 169 om urfolk sine rettar alvorleg, og sikrar tilslutning i den breie gruppa som har ein religiøs tilknyting til Pilmaiquénelva.