– Oljefondet er ikkje ein nøytral sparegris

Ola Elvestuen frå Venstre, Rasmus Hansson frå Miljøpartiet de grønne, Harald Sakarias Hansen frå Sosialistisk venstreparti, Torstein Tvedt Solberg frå Arbeiderpartiet og Siri Meling frå Høgre utgjorde panelet. Ordstyrer var Aksel Braanen Sterri.

Ola Elvestuen frå Venstre, Rasmus Hansson frå Miljøpartiet de grønne, Harald Sakarias Hansen frå Sosialistisk venstreparti, Torstein Tvedt Solberg frå Arbeiderpartiet og Siri Meling frå Høgre utgjorde panelet. Ordstyrer var Aksel Braanen Sterri.

– Vi som politikarar må tørre å styre Oljefondet.

Det sa Torstein Tvedt Solberg frå Arbeiderpartiet då Fivas saman med Changemaker og Spire inviterte til debatt om Oljefondet sitt aktive eigarskap onsdag 11. november.

Det overordna spørsmålet for debatten var om vi kan eige oss til ei betre verd og sidan det er Stortinget som bestemmer korleis Noregs Bank skal forvalte Oljefondet utfordra vi partipolitikarar på korleis dei meiner fondet bør styrast.

Noregs Bank Investment Management (NBIM) snakkar gjerne om deira dialog med selskap som eit nyttig verkemiddel for å gjere oppførselen til selskapa dei er investerte i meir etiske. Særleg er det felta barn sine rettar, klimaendringar og bærekraftig vassforvaltning NBIM har vald ut som fokusområder for deira aktive eigarskap. Snart kjem og menneskerettar som eige punkt. Likevel er det verdt å stille nokre spørsmål kring kva effekt dette aktive eigarskapet eigentleg har.

Fivas sin rapport «Dead in the water» syner at fondet sitt strategi for bærekraftig vassforvaltning ikkje verkar. I tillegg er det aktive eigarskapet prega av hemmeleghald og lite rapportering på kva dei fører dialog med selskap om og kva konkrete resultat dette har.

Vil stille krav

Politikerane i panelet, Solberg frå Arbeiderpartiet, Harald Sakarias Hansen frå Sosialistisk venstreparti, Rasmus Hansson frå Miljøpartiet de grønne, Ola Elvestuen frå Venstre og Siri Meling frå Høgre, var alle einige om at kor og i kva selskap Oljefondet investerer pengane våre har mykje å seie. Men i kor stor grad fondet skal rapportere på eigarskapsdialogen dei gjennomfører og korleis fondet sine investeringar bør innrettast er det meir usemje om.

– Det å gjere av pengar ein plass har sjølvsagt ein effekt. Sidan dette er vårt fond, det er det norske folk sine pengar, så må vi kunne stille krav til korleis det vert styrt og prøve å hindre at det har negative samfunns- og miljøkonsekvensar, sa Hansson frå MDG.

Saman med Hansen frå SV var det han som flagga høgast at norske politikarar må tørre å bruke fondet som eit sterkare politisk verkemiddel, då gjerne til å bidra til utvikling.

– Oljefondet er ikkje nokon nøytral sparegris. Om ikkje vi som eigarar har ei aktiv haldning, kven skal ha det då?, sa Hansen frå SV og meinte at fondet må verte betre på å rapportere på korleis dei brukar det aktive eigarskapet sitt.

– Vi har ikkje nok info når vi berre veit at dei går i dialog med selskapet.

Positiv utvikling

Meling frå Høgre meiner det er viktig at Oljefondet er opne om det dei kan i sitt etiske arbeid, men at vi må ha respekt for at noko av informasjonen er børssensitiv og difor må vere hemmeleg.

– Det Oljefondet gjer får konsekvensar og det skapar merksemd når ein vel å trekke seg ut av eit selskap, sa ho.

Solberg frå AP var oppteken av å trekke fram at sjølv om det etiske arbeidet til Oljefondet i dag ikkje er ideelt, så har det kome ein lang veg.

– Innsatsen sivilsamfunnet har gjort for å påverke dette har hatt ein tydeleg effekt. Vi har hatt ei kjempeutvikling og den skal fortsette, sa han.

Elvestuen frå Venstre var oppteken av å trekke fram at det ikkje er kvar enkelt investering Oljefondet gjer som er viktig, men heilheita i det.

– Vi kan ikkje få eit system som ettergår alt, men vi kan gå foran med eit godt eksempel. Det viktigaste er å påverke heilheita i investeringane, heller enn kvar enkelt.

Han fekk støtte frå Rasmus Hansson, som sa at det er viktigare at politikerane veit at retningslinene dei bestemmer faktisk vert fulgt enn at all informasjon om all dialog er tilgjengeleg.

– Det viktige er ikkje at eg veit alt, men at eg veit at kontrollmekanismane er der og at dei fungerer, sa Hansson.

Må skape ei betre verd

Han trakk og fram at vi må vere medvitne på korleis investeringane vi gjer i dag vil påverke kvardagen til framtidige generasjonar og at vi difor har eit ansvar for å bidra til utvikling gjennom dei.

– Desse pengane kjem ikkje til å bli brukt på pensjonar. Difor må pengane vere med å skape ei verd som for er fin å leve i for pensjonar, og for alle dei som skal vekse opp i ho. Difor må vi gjennom forventningsdokumenta fondet skal styrast etter på klima, barn sine rettar og vassforvaltning sette krav til selskap vi investerer i.

Solberg frå Arbeiderpartiet meinte at ein konkret måte å halde Oljefondet sine investeringar bærekraftige er å halde dei ute av infrastrukturinvesteringar.

– Der vil det vere endå vanskelegare å kontrollere korvidt selskapa held dei standardane vi krev, då treng vi sterkare kontrollmekanismar og sterkare aktivt eigarskap.