Norsk veidekke angrar på involvering i damprosjekt

FivasBrasil, Frontsak, Norsk næringsliv, Norske aktører, Vannkraft

Nilce de Souza, foto: MAB

Nilce de Souza, foto: MAB

Tora Systad Tyssen

Då Norsk veidekke gjekk inn i Jirau-prosjektet i Brasil i 2011 meinte dei at det var berekraftig og forsvarleg. Etter at aktivisten Nilce de Souza forsvann frå heimen sin i Velho Mutum i Brasil og truleg vart utsett for eit bestillingsdrap, anerkjenner dei at vurderingane ikkje var gode nok.

I august 2015 reiste Jonas Holmqvist og Tora Systad Tyssen frå Fivas til Brasil for å undersøke omstenda kring utbygging av Jirau-anlegget, eit 165 MW run of river-anlegg i Rondonia nordaust i landet. Bakgrunnen for besøket var meldingar om manglande konsultasjon og kompensasjon for dei påverka av damutbygginga, miljøøydeleggingar og vanskelege tilhøve for menneskerettsaktivistar som var imot utbygginga. Det synte seg at det var svært mange problematiske forhold ved utbygginga. Det kan du lese meir om her. I samarbeid med den brasilianske rørsla for dampåverka folk, MAB, reiste vi rundt i området og snakka med fiskarar, bønder og urfolk påverka av utbygginga.

Norsk veidekke inne i 2012

Norsk veidekke var inne som underkontraktør til ein av utbyggjerane av Jirau, Camargo Correa, i 2012. Dei leverte asfaltkjerner til dammen, noko Veidekke er eitt av få selskap i verda som har ekspertise på.

Fivas har sidan besøket i Brasil i august 2015 ført ein dialog med Norsk Veidekke kring kva vurderingar dei gjorde då dei gjekk inn i prosjektet i september 2011 og gjeve klart uttrykk for at vi meiner at risikoen for brot på menneskerettar og internasjonale retningsliner var så overhengande at dei ikkje burde ha tatt oppdraget for Camargo Correa. Gjennom brev og møter har vi stilt spørsmål ved om deira vurderingar og rutiner er gode nok, når eit prosjekt som Jirau vert rekna som berekraftig og forsvarleg å gå inn i. At tre toppleiarar i Camargo Correa er tiltalt og dømt i den store korrupsjonssaka som er rulla opp i Brasil understrekar at dette ikkje er ein samarbeidspartnar norske selskap bør involvere seg med.

Sjølv om Veidekke sine forpliktingar til å gjennomføre uavhengige konsekvensanalysar for menneskerettar og miljø er avgrensa når dei har ei så lita rolle i prosjektet, er dei framleis forventa å gjere ei viss vurdering og sikre seg at den dokumentasjonen som vert framlagt dei av utbyggarar og nasjonale myndigheiter er til å stole på.

Nilce de Souza forsvann 6. januar

I midten av januar 2016 fekk Fivas melding frå medlemmer av MAB i Rondonia at ein av aktivistane deira som vi møtte i august var forsvunnen. Nilce de Souza hadde vore i heimen sin i Velho Mutum, ein provisorisk landsby laga av fiskarar som måtte flytte som følge av Jirau-utbygginga. Ein av naboane hadde kjent at det lukta brent og kome til huset hennar kor det stod mat på omnen. Det einaste sporet etter Nilce var eit øydelagd halssmykke som låg utanfor døra hennar. Fivas skreiv denne bekymringsmeldinga for ho. 

Nilce de Souza saman med medaktivist i MAB, Joao Dutra.

Nilce de Souza saman med medaktivist i MAB, Joao Dutra.

Det gjekk seks dagar før politiet byrja å etterforske saka. To dagar inn i etterforskinga arresterte dei ein 26 år gamal mann som kort tid etter tilstod å ha drepe Nilce. Han seier han skal ha skote ho på kort hald for så å senke liket hennar i ei elv. Liket er framleis ikkje funne. Motivet for drapet er uklart, men brasilianske medier melder at drapet vert etterforska som eit bestillingsdrap grunna Nilce sin aktivisme og kamp mot damutbyggingane i området.

I likheit med mange andre påverka av damutbygginga er Nilce fiskar som opplevde at levebrødet vart sterkt svekka i det oppdemminga av Madeira-elva sette i gong. Nilce, som var mor til tre og bestemor til sju, var aktiv i motstandskampen og var ein av talspersonane for fiskarar som opplevde at verken kiloprisen på fisk eller fangststorleiken var den same som før utbyggingane.

Angrar på involvering

Fivas har meint at Veidekke si involvering i prosjektet var sterkt kritikkverdig alt før forsvinninga til Nilce de Souza, og meiner at det norske selskapet ikkje har noko form for ansvar for det som har skjedd no med MAB-aktivisten. Men at det bør vere ein sterk påminnar både til Veidekke og øvrig norsk næringsliv om at å gå inn i store prosjekt i Brasil ikkje er noko som bør gjerast før det er gjort skikkelege og grundige vurderingar av risiko for menneskerettsbrot og store miljøøydeleggingar. Å stole på at nasjonale myndigheiter og utbyggjarar aleine kan garantere for dette vert naivt når ein kjenner kva forhold menneskerettsaktivistar og miljøforkjemparar arbeider og lever under i Brasil.

Etter Nilce si forsvinning har Veidekke og komme til erkjenninga at dei ikkje gjorde godt nok forarbeid før dei gjekk inn i Jirau-prosjektet. Til Dagens næringsliv seier kommunikasjonsdirektør Grete Ingeborg Nykkelmo at utbyggerane (som dei var underleverandør til) ikkje har fulgt opp dei forutsetnadane som myndigheitene gav dei.

På direkte spørsmål om Veidekke angrar på at dei var med på prosjektet, svarar ho:

– Ja, når det skjer slike ting så må ein jo tenke på det.

Klassekampen om Veidekke og Jirau

I ei sak (ikkje på nett) Klassekampen skriv om Norsk veidekke si involvering i Jirau og Nilce si forsvinning, er Nykkelmo meir unnvikande i svaret, og seier at “på det tidspunktet vi inngjekk samarbeid med Camargo Correa, visste vi ikkje at dei var involvert i korrupsjon. Informasjonen ein får i ettertid gjer nok at vi ser på det med eit anna syn i dag.” Ho seier og at dei må stole på lokale styresmakter og at dei har hatt inne norske og britiske konsulentar som som vurderte risiko i prosjektet.

Veidekke har sjølvsagt ikkje noko skuld i at Nilce har forsvunne, men dei har eit ansvar for å gjere eigne vurderingar av menneskerettar og miljøkonsekvensar før dei inngår ei kontrakt. Det held ikkje å seie at ein “må stole på styresmaktene” når ein går inn i eit prosjekt i eit anna land og sei at ein har hatt inne både norske og britiske konsulentar. Om konsulentane har vurdert dette prosjektet til å vere berekraftig i 2011 har dei rett og slett ikkje gjort jobben sin. På det tidspunktet var det godt kjent at det var store konflikter kring arbeidarrettar på anlegget, at det var splid om kompensasjon og tvangsflytting og at det brasilianske miljødirektoratet i realiteten ikkje hadde godkjend miljøkonsekvensanalysen av prosjektet. Som dagleg leiar i Fivas, Jonas Holmqvist, seier i Klassekampen-saka vart leiaren for miljødirektoratet bytta ut fordi han ikkje ville gje prosjektet grønt lys. Godkjenninga vart til slutt gjeven etter at ein ny sjef kom inn, men under føresetnad om at fleire punkt måtte rettast opp. Dette vart aldri fulgt opp av utbyggarane, noko som ikkje burde ha vore vanskeleg å finne ut for Veidekke då dei vurderte prosjektet.