Norconsult innrømmer risiko for brot på urfolksrettar i vasskraftprosjekt i Sarawak

FivasFrontsak, Malaysia, Vannkraft

Urfolk som bor i områder som vil rammes av Baram-dammen har satt opp blokkader for å hindre anleggsmaskiner å komme til. Bildet viser et møte på en av blokkadene. Foto: Tora Systad Tyssen

Urfolk som bur i områder som vil rammast av Baram-dammen har eatt opp blokkadar for å hindre anleggsmaskiner å komme til. Biletet syner eit møte på ein av blokkadene. Foto: Tora Systad Tyssen

Norconsult seier at alle deira prosjekt skal være i tråd med FN si erklæring om urfolksrettar etter at Fivas har klaga dei inn for brot på OECD-retningslinene. Det er tydelege brot på urfolksrettar i samband med utbygginga av demningane Murum og Baram i Sarawak. Vi meiner difor at Norconsults deltaking er problematisk dersom selskapet ønsker å ikkje bidra til brot.

Les felleserklæringa her. 

I august i 2014 leverte Fivas ein klage til det nasjonale kontaktpunktet for OECD-klagesaker fordi vi meinte dei gjennom deira involvering i utbygginga av Murum- og Baram-dammen braut fleire av OECD sine retningslinjer for multinasjonale selskap. Klagen gjaldt både manglande offentleggjering av opplysningar, brot på menneskerettar og dei overordna retningslinjene.

Tysdag 23. juni 2015 skreiv leiar for kontaktpunktet Ola Mestad, dagleg leiar i Fivas Jonas Holmqvist og direktør i Norconsult Per Kristian Jacobsen formelt under slutterklæringa.

Tysdag 23. juni 2015 skreiv leiar for kontaktpunktet Ola Mestad, dagleg leiar i Fivas Jonas Holmqvist og direktør i Norconsult Per Kristian Jacobsen formelt under slutterklæringa.

Damutbyggingar i Sarawak har dei siste tiåra ført til tvangsflytting av titusenvis av urfolk utan at gode nok konsultasjonar har vorte gjennomført og utan at dei har gjeve fritt, informert forhandsamtykke. Det er eit klart brot på internasjonale menneskerettar og urfolksrettar. Norske selskap har vore involvert sidan dåverande statsminster Kåre Willoch leia ein næringslivsdelegasjon til Malysia i 1986.  Meir om norsk involvering i Sarawak og kvifor Fivas meiner det er både menneskerettsbrot, urfolksrettsbrot og stor korrupsjonsfare i Sarawak finn du i dette bakgrunnsdokumentet.

Gjennom mekling i løpet av våren 2015 har FIVAS og Norconsult greidd å komme til ei einigheit med konsulentselskapet kring nokre viktige punkt knytt til deira involvering i Sarawak. Dei anerkjenner mellom anna den ibuande risikoen for brot på urfolksrettar i Sarawak. Likevel har dei vald å gå inn i prosjektet og i samarbeid med Sarawak Energy utan å gjere aktsomheitsvurderingar knytt til menneskerettar.

Særleg er det tre ting vi i Fivas er glad for at har kome med i slutterklæringa.

For det første, at Norconsult tydeleg anerkjenner at OECD-retningslinjene også gjeld for konsulentselskap. Det gjer at konsulentselskap ikkje kan fråskrive seg ansvar for menneskerettskrenkelsar i prosjekt kor dei er hyra inn for å gjere ein jobb, vere den seg stor eller liten.

Fire jenter i ein av penan-landsbyane som hamnar under vatn dersom Baram-dammen vert bygd, foto: Tora Systad Tyssen

Fire jenter i ein av penan-landsbyane som hamnar under vatn dersom Baram-dammen vert bygd, foto: Tora Systad Tyssen

For det andre, at Norconsult tydeleg anerkjenner at det er ibuande fare for brot på urfolksrettar i Sarawak. Ein rapport frå den malaysiske menneskerettskommisjonen, Suhakam, skildrar bekymringsverdige forhold knytta til denne risikoen i forbindelse med Murum-dammen og syner både til manglande konsultasjonar, manglande fritt, informert forhandsssamtykke og manglande konsekvensanalysar for sosiale og miljømessige verknadar av prosjektet. Selskapet har og teke opp bekymringane med sin kontraktspartner Sarawak Energy.

Jonas Holmqvist, dagleg leiar i Fivas, seier at han er glad for at Norconsult presiserer at alle deira prosjekt skal vere i tråd med FN si erklæring for urfolksrettar.

– Urfolksgrupper i Sarawak på Borneo rammast hardt av damutbyggingar, og det som kan skape økonomisk utvikling for nokon kan leie til fattigdom for andre. I trass av at Murum- og Baram-prosjekta bryt urfolksrettar leverer Norconsult tenester til Sarawak Energy som bygger dei ut, seier Holmqvist.

For det tredje, at Norconsult seier at dei frå no vil gjennomføre aktsomheitsvurderingar for menneskerettar og at dei og vil vere opnare om kva prosjekt dei er involvert i og kva rolle dei speler.

– Norconsult gjorde ikkje ei aktsomheitsvurdering av menneskerettar før dei bestemde seg for å levere sine konsulent-tenester til utbygginga av Murum og Baram. Utan ei skikkelig vurdering kan ein uvitande bidra til at urfolksrettar eller andre menneskerettar brytast. At Norconsult no innfører aktsomheitsvurdering for menneskerettar (human rights due dilligence) i sine prosjekt er difor heilt nødvendig for at selskapet skal kunne unngå å bidra i prosjekt med alvorlig negativ påverknad i framtida, seier Holmqvist.