Mekong-landa vert ikkje einige om Don Sahong

FivasFrontsak, Mekong, Vannkraft

Elvebåt i Laos_960

Tora Systad Tyssen

Laos sine naboland Thailand, Vietnam og Kambodsja har lenge vore uttalt skeptiske til Laos sin planlagde Don Sahong-dam som ligg rett ved grensa til Kambodsja. The Joint Committee i The Mekong River Commission (MRC), som er ein intergovernmental meklingsinstans for dei fire Mekong-landa, måtte denne veka overføre meklinga kring dammen til ministernivå i landa fordi komiteen ikkje greide å komme fram til ei løysing.

Få bakgrunnsinformasjon om Mekong-landa her.

The Joint Committee of MRC hadde eit møte i Vientiane, hovudstaden i Laos, for å diskutere konsultasjonsprosessen kring dammen som skal ha 260 MW installert kapasitet. Laos meiner på si side at dei har gjennomført tilstrekkeleg med konsultasjon med dei andre landa, medan Kambodsja, Thailand og Vietnam meiner prosessen må vidareførast til vidare studiar og utvida konsultasjonar har vore gjennomført.

Sidan The Joint Committee ikkje greide å få semje mellom nabolanda er saka no overført til ministerrådet i MRC, som består av vass- og miljøvernministrar frå medlemslanda og er den høgaste meklingsinstansen i MRC.

Dammen, som skal byggast 2 kilometer frå grensa til Kambodsja, har vore svært omstridd heilt sidan den vart byrja planlangd. Nabolanda har protestert sidan dammen vil ha store verknadar på elveføringa i Mekong. Det vil øydelegge for fiskemigrasjon og svekke Mekong-landa si evne til å forsyne eigne innbyggjarar med mat. Det unike økosystemet i elva, som mellom anna er heim til den utryddingstruga Irrawaddy-delfinen, er under konstant trugsel frå utbygde og planlagde dammar på Mekong.

I juni i 2014 gjekk Laos med på at det skulle vere ein konsultasjonsprosess om Don Sahong-dammen gjennom MRC og at dei skulle avvente vidare konstruksjon medan den føregjekk. Likevel melder Mega First Corporation Berhad, som byggjer ut dammen, at dei har haldt fram med tilretteleggingsarbeid for dammen, slikt som å bygge ut vegar og bruer, etter det. Daovieng Phonekeo, som er direktør i det laotiske energidirektoratet, har uttalt at konstruksjonen av sjølve dammen vil iverksetjast så fort konsultasjonsprosessen er ferdig.

Det er ikkje berre regjeringane i dei andre Mekong-landa som reagerer på Laos sine planar. Også sivilsamfunnet er sterkt engasjert. Før møtet denne veka gjennomførte miljøvernsgruppa Vietnam Rivers Network (VRN) ei undersøking blant vitskapsfolk som bur i Mekong-deltaet. Berre 26 av dei 1196 som svara på undersøkinga støtta utbygginga av Don Sahong-dammen.

Ame Trandem i International Rivers skreiv tidligare i veka eit lesarinnlegg i The Phnom Penh Post kor ho hevda at Laos ignorerte nabolanda sine bekymringar. Fredag kom det svar frå tidlegare nemnde Phonekeo i det laotiske energidirektoratet. Han hevdar på si side at laotiske myndigheiter har haldt alle forpliktelsane sine.