Danmark vil ut av MRC innan 2020

FacebookTwitter

Tora Systad Tyssen

Det skriv Development Today.

Danmark har vore den største donoren til Mekong River Commission (MRC), som har til formål å tilrettelegge for samarbeid mellom dei fire Mekong-landa Thailand, Vietnam, Laos og Kambodsja. Sidan 1995 har donorland gjeve kommisjonen kring 300 millionar amerikanske dollar for å tilrettelegge for samarbeid kring deling av Mekong-ressursane. Danmark, Sverige og Finland har donert 47 prosent av totalsummen.

I den opprinnelege planen som dei fire Mekong-landa og donorar til MRC la for samarbeidet var det 2030 som var sett som mål for at donorane skulle kunne trekke seg ut. No vil danskane at kommisjonen skal vere finansielt sjølvforsynande innan 2020.

I ein rapport som Danida, det danske direktoratet for utvikling, har skrive står det at «det kan ikkje forsvarast å ha ein 17 år lang plan for organisatorisk endring. 2020 burde vere målet for full finansiell sjølvforsyning.»

Ifølgje Development Today vert det i rapporten og uttrykt misnøye med arbeidet kommisjonen har gjort. Mellom anna står det at kommisjonen «vert tilsidesett på ein slik måte at den mistar relevans og kredibiliteten den har som ein elveløporganisasjon vert stilt spørsmål ved».

Særleg vert det vist til at kommisjonen ikkje har lukkast å megle fram løysingar når det gjeld dei laotiske dammane Xayaburi og Don Sahong som for tida skapar splid mellom dei fire medlemslanda. I begge tilfeller held Laos fram med utbyggingane til trass for store protestar frå dei andre landa. Dammane som er under planlegging vil høgst truleg føre til uoppretteleg skade på det biologiske mangfaldet, fiskeressursane og mattryggleiken i Mekong.

For å lære meir om Mekong-samarbeidet og –konfliktane, les denne bakgrunnsartikkelen.

– – Det er på tide etter alle desse åra at MRC går inn i konflikta og tek kampen og ikkje berre held seg på sidelinja, seier Kurt Mørck Jensen, som har leia arbeidet med den nye Danida-rapporten, til Development Today.

Og Ulrika Åkesson ved den svenske ambassaden i Bangkok seier til Development Today at dei ønskjer at kommisjonen skal vere ein meir aktiv forhandlar.

Direktøren for MRC, Hans Guttman, seier til Development Today at dei er fullt klare over at donorane vil at kommisjonen skal ha ei meir aktiv rolle, men han seier at dei må finne ein balanse.

– – Det er viktig at vi ikkje uttrykker synspunkt som går utover det noverande sekretariatet si rolle som er å tilby teknisk og administrativ støtte, seier han til Development Today.

I den pågåande konflikta om Don Sahong greier ikkje Mekong-landa å einast om korvidt Don Sahong er eit damprosjekt som ligg på hovedstraumen eller sidestraumen til Mekong. Laos meiner det ikkje ligg på hovedstraumen og at dei difor ikkje er pliktige å konsultere dei andre MRC-landa. Det er dei andre medlemslanda ueinige i og MRC har ikkje lukkast å forhandle fram ei semje mellom dei.