Brasil kan fjerne krav til miljøkonsekvensutgreiing

FivasBrasil, Frontsak, Vannkraft

Rio Tapajos, foto: Nelson Pretto/CC

Rio Tapajos kor det har vore planlagd å bygge ei rekke dammar, inkludert Tapajos-dammen som vil ha kapasitet på over 8000 MW, foto: Nelson Pretto/CC

Tora Systad Tyssen

Eit nytt brasiliansk lovforslag kan gjere at krav om godkjenning av konsekvensutgreiing for miljø av dammar og andre store prosjekt ikkje lenger er nødvendig. Det er svært dårleg nytt for folket, naturen og biomangfaldet i landet.

27. april la senator Blairo Maggi, ein kjend næringslivsmann og konservativ politikar, fram forslag om ei grunnlovsendring, PEC 65, for den brasilianske kongressen. Kommisjonen i Senatet har alt lete forslaget gå gjennom, no gjenstår det å sjå om Kongressen vil ratifisere forslaget. Om det går gjennom vil det fjerne kravet om at ei konsekvensutgreiing for miljø (EIA) må godkjennast før store offentlege utbyggingar som dammar og anna infrastruktur iverksettast. Grunngjevinga frå Maggi og dei andre forsvarane av endringa er at det vil sikre effektivitet og låge kostnadar i store utbyggingar.

Ei katastrofe for miljøet

Effektivitet og kostnad er ein ting, for miljøet vil det vere ei katastrofe. PEC 65-forslaget har ikkje overraskande vekt sterke reaksjonar frå aktivistar og forskarar. Om kravet til godkjenning EIA vert fjerna vil det seie at ein tek mykje av det legale vernet for urfolk og andre som lever av naturen når nye infrastrukturprosjekt byggast ut. I tillegg vil det vere ei absolutt katastrofe for utryddingstruga artar som held til i området fordi det ikkje vil vere rom for å stoppe eller sette på vent eit prosjekt grunna miljøomsyn forutsett at entreprenøren har gjennomført ein EIA. Om den er godkjend eller ikkje vil ikkje ha noko å seie.

I praksis vil ein såleis ta vekk heile det noverande kravet til miljøkonsekvensutgreiing fordi kravet no berre vil vere at ein skal ha det gjennomført, ikkje at den skal vere godkjend. Det eksisterande systemet i Brasil har ikkje fungert optimalt, til dømes fekk Jirau-utbygginga løyve frå IBAMA i trass av store manglar i EIA-en, men det forelåg iallfall eit krav om ei trestegs godkjenning av miljøkonsekvensutgreiing for offentlege prosjekt. Det første steget er å få eit førebels løyve, som gjev løyve til å gjere ei miljøkonsekvensutgreiing. Det andre steget er ein installasjonsløyve, kor arbeidet som vert gjort vert overvaka og myndigheitene kan kome med krav til utbyggjerane. Det tredje steget er eit operasjonsløyve. Først når det er innvilga kan eit prosjekt settast igong. Om PEC 65 går gjennom vert alle stega fjerna.

Å gjere konstitusjonelle endringar er noko som krev fleire steg i Brasil. Det må først gjennom Senatet, til underhuset i Kongressen, attende til Senatet før det til slutt er presidenten som har endeleg veto. Vanlegvis vil dette sikre ein nøye offentleg gjennomgang av endringa, men grunna den politiske uroa i landet er det lite merksemd retta mot andre ting enn den pågåande saka mot Dilma Rouseff. Det gjer at PEC 65 kan gå overraskande lett gjennom. I tillegg er det i dag ingen som veit kven som sit som president når forslaget eventuelt kjem til endeleg signering.

Sterke næringslivsinteresser

Etter at president Dilma Roussef vart suspendert av Senatet 11. mai og visepresident Michael Temer tok over som øvste leiar i landet, har Maggi som la fram forslaget vorte landbruksminister. Den nye midlertidige regjeringa har mange medlemmer med sterke næringsinteresser og har kome med ei rekke lovforslag som vil svekke den brasilianske velferdsstaten. Maggi eig selskap som produserer og eksporterer soya og som bygg ut infrastruktur for soyasektoren. Det vil seie at Maggi truleg vil tene økonomisk på det foreslåtte Tapajos-komplekset som mellom anna inneber det vert bygd eit kanalsystem som kan transportere soyaprodukt frå det brasilianske innlandet ut til kysten. Om dette kan gjerast utan at det må gjennomførast skikkeleg EIA, vil det kunne gjerast raskare og utan omsyn til miljø og folk som vert påverka av ei slik utbygging.

Ein anna sentral del av Tapajos-komplekset er Tapajos-dammen som er foreslått bygd i den brasilianske delstaten Para. Dammen vart stoppa av IBAMA, det brasilianske miljødirektoratet, grunna dei store miljøkonsekvensane det vil ha berre eit par dagar før PEC 65-forslaget kom. Det er frykta at om forslaget går gjennom vil selskapa som prøver å vinne , med brasilianske Eletrobras i spissen, på nytt prøve å få Tapajos-dammen godkjend. Dammen er del av det som vert kalla Tapajos-komplekset

Nye artar utryddingstruga

Tapajos-dammen vil ha ein kapasitet på 8040 megawatt og koste omlag 5,8 milliardar amerikanske dollar å bygge. Då det skulle gjerast konsekvensutgreiing for miljø (EIA) for dammen vart det oppdaga åtte nye typar pattedyr, mellom anna ein type ape, pungdyr, gnagar og flaggermus. som berre lever i dette området. Om området vert oversvømt vil desse ha lite sjanse til å overleve, så desse artane vert altså utryddingstruga i det dei vert oppdaga.

EIA-en har vorte veldig kritisert av forskarar, som meiner det er riv ruskande gale at utbygginga ikkje vil ha store negative konsekvensar. Den har og fått kritikk fordi den berre ser på påverknad frå denne eine dammen, medan det er planlagt at det skal byggast seks andre dammar i tilknyting til den. Det er velkjend at når fleire dammar byggast på same elveløp vil dei kunne forsterke dei negative miljømessige effektane av kvarandre.

Det er mange norske selskap som opererer i Brasil, mellom anna Statkraft, Norsk Hydro og Statoil, og som er med på prosjekt som vil verte påverka av PEC 65.