Baram-dammen lagt på is

FivasFrontsak, Malaysia, Vannkraft

Penan samla på et møte på en av damblokkadene som lokalbefolkningene har satt opp, foto: Tora Systad Tyssen

Penan samla på et møte på en av damblokkadene som lokalbefolkningene har satt opp, foto: Tora Systad Tyssen

Tora Systad Tyssen

Dei regionale myndigheitene i Sarawak sa i forrige veke at dei hadde erklært eit moratorium, altså lagt på is, bygginga av den svært omstridte Baram-dammen. Dei seier og at dei heller vil sjå på kva småskalaenergialternativ som heller kan brukast for å gje befolkninga i den malaysiske delstaten straum i framtida.

Chief Minister Adenan Satem, som er øvste politiske leiar i Sarawak, har ifølge medierapportar gjort revurderingar av SCORE-programmet i det siste, men det var først i forrige veke at han offentleg kommenterte dette.

– Eg har lagt Baram-dammen på is for denne gong. No har vi Batang Ai, Bakun og Murum. På det noverande tidspunkt er det nok. Vi vurderer no våre framtidige behov for straum. Det er eit moratorium på Baram.

Satem la og til at han vil sjå på småskalaalternativ som solenergi og småskalavassverk som alternativ til større dammar.

Les meir om utbyggingane i Sarawak her.

Dette er ein potensielt stor siger for urfolka som bur i området kring Baram-elva og som ville ha fått landsbyane sine oversvømt dersom dammen hadde vorte bygd. I to år har dei blokkert tilgangen til utbyggingsområdet for anleggsmaskiner og greidd å hindre at arbeidet med dammen har vorte igangsett.

No har dei og greidd å få gjennom eit politisk vedtak som kan redde landsbyane og levesetta deira. Ifølge Peter Kallang, som leier urfolksorganisasjonen SAVE Rivers som slost mot dammane, tek urfolk i området nyhenda likevel med ei klype salt.

– Sjølv om folk er verkeleg glade for å høyre at det er komme eit moratorium på Baram-prosjektet, er det framleis stor frykt fordi området alt er regulert for damutbygging og fordi førebuande hogst held fram i området med løyve frå myndigheitene.

Baram-dammen, som saman med den alt bygde Murum-dammen er ein del av eit storstilt utbyggingsprogram kalla Sarawak Corridor of Renewable Energy (SCORE), har vorte vedtatt bygd utan at urfolk i området har vorte skikkeleg konsultert og informert.

Det er selskapet Sarawak Energy Berhad, som har nordmannen Torstein Dale Sjøtveit som direktør, som har oppdraget med å bygge ut SCORE-prosjekta. Det norske konsulentselskapet Norconsult har vore hyra inn til ulike oppdrag knytt til både den alt bygde Murum-dammen og den skrinlagde Baram-dammen.

Fivas klaga inn Norconsult si deltaking i prosjekta til det norske OECD-klagepunktet og kom i juni 2015 med ei felleserklæring etter mekling med konsulentselskapet.