663 kilometer med elveløp øydelagd i Brasil

FivasBrasil, Frontsak, Oljefondet

Kvinne ved Rio Doce, foto: Bruno Alencastro

Kvinne ved Rio Doce, foto: Bruno Alencastro

Tora Systad Tyssen

5. november 2015 kollapsa Fundãodammen i delstaten Espírito Santo i Brasil. Dammen var sett opp for å lagre avfall frå Mariana-gruva. Gruveselskapet Samarco, som dreiv gruva, er eigd av Vale og BHP Billiton. Oljefondet har store eigenandelar i begge selskapa

I det dammen kollapsa velta ei bølge av gruveavfall og gjørme nedover Rio Doce. Landsbyen Bento Rodrigues, som ligg like ved, vart dekt av gjørme og dei 600 innbyggjerane som bur der flykta for livet. 25 mennesker er bekrefta omkomne eller er framleis sakna etter ulykka.

Etter å ha slukt Bento Rodrigues fortsette gjørmebølga nedover Rio Doce og sideelvene før den nådde sjøen ved Linhares i delstaten Espírito Santo fem dagar etter kollapsen. Det vart sett opp sperreblokker ved elvemunninga i eit forsøk på å hindre gjørma å Atlanterhavet, men det rann over barrierane som vart sett opp og rann ut i sjøen.

No har det brasilianske miljødirektoratet (IBAMA) komme med ein foreløpig rapport om verknadane kollapsen har hatt. Resultata er nedslåande: 663 kilometer med elveløp er påverka og nær 15 kvadratkilometer med vegetasjon er øydelagd. Dette området inkluderer og verna områder. Det er frykta at nær alt liv i Rio Doce er drept av det farlege gruveavfallet og at det vil ta fleire tiår å rydde opp i dei enorme skadane ulykka har hatt.

Fleire fiskesortar er truleg heilt utrydda etter ulykka. Det giftige gruveavfallet har hatt Ifølge IBAMA er det 80 fiskesortar som har opphav i Rio Doce. Alt før ulykka var 11 av dei truga og 12 av dei fanst ingen annan stad. Det er uklart kor mange artar som framleis er i live. Det var auken i vassføringa, heller enn det giftige avfallet, som gjorde at tusenvis av fisk og dyr langs med elva omkom, ifølge IBAMA.

Foreløpig finst det ikkje noko evaluering av kva slags innverknad ulykka vil ha på det marine økosystemet, altså etter at avfallet rann ut i sjøen ved kysten av Brasil. Ifølge IBAMA er det ikkje mogleg å seie noko om korvidt den store opphopinga av gjørme som no ligg i sjøen utanfor elvemunninga veks eller er på veg attende.

– Fleire faktorar kan påverke korleis opphopinga vert sett på overflata, inkludert vind, havstraumar, elveutløp, regn og til og med målemetodar. Vi veit at det framleis er gjørme som renn i elva. Kor mykje avfall som kjem ut ved elvemunninga varierer, melder IBAMA, ifølge det brasilianske nyheitsbyrået.

IBAMA rapporterer at det er observert funn av gjørme langs kysten av delstaten Bahia som ligg nord for Espírito Santo. Dette er svært kritisk sidan Abrolhos nasjonalpark, som rommar korallrevet med rikast biodiversitet i det sørlege Atlanterhavet, ligg her.

Sidan katastrofa framleis er pågåande er det vanskeleg å seie kor lenge det vil ta før skadane kan ryddast opp i. IBAMA måler vasskvaliteten i elva og kva artar som er mest påverka av ulykka, men seier at det er meir kritisk å prøve og gjenopprette økosystemet.

Norges Bank Investment Management, som forvaltar Oljefondet, har ikkje ville uttala seg om ulykka fordi dei seier dei av forretningsmessige årsaker ikkje kan uttale seg om enkeltinvesteringar. Før ulykka hadde Oljefondet investert for over 13 milliardar i BHP og 1,7 milliardar i Vale. Aksjeverdiane stupte som ein konsekvens av ulykka. Brasilianske myndigheiter har saksøkt Samarco, Vale og BHP Billiton for 5,3 milliardar amerikanske dollar som skal dekke opprettingskostnadane etter ulykka.